Rart og lite forståeleg

TEATER

MØTE MED FORTIDA: Kirsti Torhaug er overtydande som Irene når ho konfronterer Rubek med vala hans. Diakonissa (Linda Brean Mathisen) seier det meste ved å vere taus. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Når vi døde vågner»
Nordland Teater
Av: Henrik Ibsen
Regi og kostymedesign: Hilda Hellwig
Scenografi: Milja Salovaara
Lyddesign: Dan Andersson
Lysdesign: Marianne Thallaug Wedset
Med: Kirsti Torhaug, Sven Henriksen, Terje Skonseng Naudeer, Katja Lindeberg, Linda Brean Mathisen, Julie Sofie Reite, Kristoffer Hjulstad og John Sigurd Kristensen,

Ei framsyning der mange av regivala kom i vegen for handling og tematikk.

Det er Vinterlysfestival i Mo i Rana denne veka, og opningsframsyninga laurdag var premiere på Henrik Ibsens «Når vi døde vågner» på Nordland Teater. Som Ibsens siste drama (1899) skil det seg på mange vis frå realismen i dei tidlegare skodespela hans, og er meir eit psykologisk drama. Det kan også lesast som Ibsens sjølvransaking om den store meistaren som forsakar alt for kunsten. Arnold Rubek er ein tilårskomen verdsberømt skulptør som etter storverket «Oppstandelsens dag» har gått på tomgang. Han er i eit platonisk ekteskap med den langt yngre Maja. Nå er dei på eit badehotell i heimlandet, og der dukkar Irene opp, ho som var modell for storverket hans. Det syner seg raskt at Rubek var hennar store kjærleik, og gjennom Irene passerer livet og alle vala hans i revy. Oppi det heile dukkar ein villmann og forførar av ein bjørnejeger opp og legg an på Maja. Dramaet har noko melodramatisk over seg, er neppe blant Ibsens beste, og blir heller ikkje spela så ofte.

Den svenske regissøren Hilda Hellwig har vald å presentere framsyninga både i metaform og med ei rekkje ulike regigrep og tilnærmingar. Det tar til som leseprøver på Nordland Teater med Hellwig vêrfast annanstad i landet, og der berre dei fire mannlege aktørane er til stades. Undervegs blir det meir og meir spel, og dei tek også på seg kostyme. Så er det lunsjpause, og etter den kjem dei fire kvinnelege aktørane inn og har tilsvarande leseprøver som går over i forsiktig spel, men utan andre kulisser enn møtebordet og fem veggpanel. Dei fire skiftar roller, nokre blir spela dobbelt, det er mykje repetisjon, og litt absurd humor.

Etter pause er vi med eitt i 1899 med tidsriktige kostyme og møblar. Nå er også rollene tydeleg fordelte der Sven Henriksen er Rubek, Kirsti Torhaug er Irene, Katja Lindeberg er Maja og Terje Skonseng Naudeer bjørnejegeren Ulfheim. Men medan replikkane blir levert med innleving og patos, er mykje av det fysiske spelet gjort med overdrivne og komiske rørsler i stor kontrast til dialogen.

Det er ikkje uvanleg at ein regissør vil sjå på klassiske drama med nye auge, byte på kjønn, modernisere eller snu opp ned på handlinga. Alt dette er greitt dersom det gir ny innsikt eller forståing. Men Hellwigs mange ulike regival gjer ikkje noko av dette. I staden kjem alle påfunna i vegen for handling og tematikk. For i tillegg til metaregi og realisme i ei umotivert blanding, var det også mykje som var anten for tydeleg, det motsette eller berre rart. Og når Ibsen i finalen dreg Rubek og Irene opp på fjellet til «forjettelsens tinde» der dei endar opp med å bli tekne av eit stort snøskred, så blir avslutninga uforståeleg i denne versjonen fordi det berre kjem eit uforklarleg smell før framsyninga er over.

Då hjelper det ikkje at mange av skodespelarane gjer flotte einskildprestasjonar, og der særleg Kirsti Torhaug er overtydande som Irene når ho konfronterer Rubek med vala hans. For dette blei diverre ei lite forståeleg og ganske merkeleg oppsetjing.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 15. februar 2023.)

Leave a Reply