Eit usminka familieportrett

TEATER

AVSTAND: Det er ikkje mykje varme i denne familien. Her eldstesonen Jamie (Torbjørn Eriksen) og mora Mary (Marianne Nielsen). FOTO: GRETHE NYGAARD

«Lang dags ferd mot natt»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Eugene O’Neill
Omsett av Svein Selvig
Regi: Eirik Stubø
Scenografi og kostymedesign: Kari Gravklev
Med: Leo Magnus de la Nuez, Torbjørn Eriksen, Marianne Nielsen, Even Stormoen og Malene Wadel

Eit intenst og velspela drama som borar djupt og vondt i ein dysfunksjonell familie.

I løpet av berre tre veker har to norske hovudscener hatt premiere på Eugene O’Neills sjølvbiografiske og særs dystopiske «Lang dags ferd mot natt». Medan Hålogaland Teaters ganske forkorta versjon ikkje kom heilt i mål, syner Eirik Stubøs oppsetjing på Rogaland Teater til fulle kvifor dette dramaet framleis fortener å bli sett opp.

Vi er i sommarhuset til den sterkt patriarkalske familien Tyron ein seinsommardag. Ute ligg skodda, og det gjer den også over denne familien. Faren James (Even Stormoen) er ein gjerrig og alkoholisert eigedomsinvestor som ein gong var ein stor skodespelar og Shakespearetolkar. Eldstesonen Jamie (Torbjørn Eriksen), var etla til å følgje i farens fotspor, men er ein mislukka skodespelar og minst like alkoholisert døgenikt. Yngstesonen Edmund (Leo Magnus de la Nuez), forfattarens alter ego, er ein tæringssjuk kunstnarsjel som også tyr til flaska. Og mora, Mary (Marianne Nielsen) er morfinist, nett heimkomen frå avvenjingskur. Vi følgjer familien eit snautt døgn der alle mistrur kvarandre, og der samtalane er giftige og fulle av sjalusi, hat, einsemd, tapte illusjonar, livsløgner og gjerrigskap. Men trass i at dette er ein av verdsdramatikkens mest dysfunksjonelle familiar, ligg likevel den ganske språklause kjærleiken dei har til kvarandre tydeleg til stades under det heile.

Det er ein uoverkommeleg avstand mellom familiemedlemmane, og i Kari Gravklevs scenografi blir dette godt indikert ved at scena er eit stort ope rom. Ho er tilfeldig og glissent møblert, med eit etter kvart sentralt plassert flygel, og med ein bakskjerm der det er vist eit seinsommarlandskap som i siste akt blir haustbrunt. I tillegg blir det stadig projisert små tekstar som fortel oss når på døgnet kvar scene finn stad. Dette er ei heilt unødvendig forklåring, og viser i røynda litt mistillit til både tekstgrunnlag og publikum. Det er det ingen grunn til, for i Eirik Stubøs regi er det aldri tvil om kva dette handlar om.

I motsetnad til den versjonen som nå blir spela i Tromsø, er Stubø omstendeleg, tek seg god tid og let einskilde scener bli verkeleg dvelande. På det viset greier han å trenge inn i og bakom alle dei fire lagnadane. Eller rettare fem, for tenestejenta Cathleen (Malene Wadel) har ikkje så store rolla, men hennar leikne tolking er heilt avgjerande for å få fram kontrasten og alternativet, at det er eit liv der ute. Opningsscena kunne tyde på ein vanleg, harmonisk familie med varme og omtanke for kvarandre, før Stubø litt etter litt viser oss at dette berre er overflate. I første akt, som kanskje blir vel dvelande, let han oss sakte, og lag for lag forstå kvifor dei ulike familiemedlemmane er blitt som dei er blitt. For så i andre akt å la det heile eksplodere. Men likevel ganske avdempa.

Det er eit uvanleg sterkt og samspela ensemble som gir oss vare og innlevande personportrett. Saman med Stubøs sikre regi gjer det at vi i langt større grad enn det eg tidlegare har opplevd kjem under huda på alle dei fire. Og ikkje minst ser vi at dei er særs samansette personar, og ikkje berre fortapte og triste lagnadar. Særleg gjeld dette eldstebroren Jamie som ofte blir framstilt som ein pappfigur og forfylla dagdrivar, men som i Torbjørn Eriksens heilt utsøkte tolking blir både forståeleg og komplett. Og av alle dei innsiktsfulle og gode monologane dei fire presenterer i siste akt, er Jamies vedgåing om at han eigentleg alltid berre har hata og hatt vonde ønske for broren, eit hjarteskjerande høgdepunkt.

I denne familien er det sjølvsagt store kjensler og høgt konfliktnivå. Men i Stubøs regi er det lite skriking og utagering. Orda, og pausane med manglande kommunikasjon, får i staden gjere jobben. Og det gjer situasjonen langt meir intens. Eit anna heldig grep er bruken av musikk der flygelet mot slutten blir svært sentralt, og der ein nesten genial bruk av ein songtekst på logisk vis utløyser framsyningas einaste valdelege hending.

«Lang dags ferd mot natt» er i Eirik Stubøs regi blitt eit ganske lågmælt, men difor også ekstremt intenst og usminka portrett av ein familie på full fart mot stupet.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 25. februar 2023.)

Leave a Reply