Potent seminar

TEATER

FORRYKANDE: I machokostyme og med stor energi held dragkongen Alpha salen i si hole hand. FOTO: ATLE AURAN

«Alpha – finn din indre konge!»
Rosendal Teater
Av: Eline Gomo Hallem
Regi: Deanna Fleysher
Scenografi: Rune Hennum Nilssen
Kostyme: Sulai Lopez
Maske, parykk: Leo Thörn
Lyddesign: Katarzyna Maria Wieczorek
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Eline Gomo Hallem og Joakim Kristoffer Gunby

Ofte får ein best illustrert det ein vil ved å seie det motsette.

Alt i foajeen på Rosendal Teater forstår vi at dette ikkje er ei vanleg teaterframsyning. Vi får alle utdelt ulike skjorter som vi må ta på. I tillegg til namnelappar med berre mannsnamn. For her er vi alle menn, og nå skal vi på seminar med dragkongen Alpha og lære å sjekke damer. Entreen til den verdskjende Alpha, maskulinitetens konge, (Eline Gomo Hallem) er forrykande. I eit kostyme som står til dragkongen, tek ho raskt kontroll over salen. Og når ho ropar ut «GU», er det kjapt nokon som responderer. Før det ljomar taktfast GU-TTA, GU-TTA gjennom salen. Så fortel Alpha ei likning om løva som blei skild frå mora og oppfostra blant sauer. Fram til sauene ein dag blei tatt av ein løveflokk. Dei andre løvene undra seg over den traumatiserte løva som gjekk rundt og sa bæ, og tvang henne til å sjå seg sjølv i ei vasspytt, for så å ete sauekjøt. Som ho likte. Parallellen er klår. Finn attende til deg sjølv. Ikkje la desse damene hindre deg i å leve ut maskuliniteten din! Og så var vi i gong.

Eline Hallem er utdanna i fysisk teater ved École Jacques Lecoq i Paris, og jobbar til
vanleg som klovn og skodespelar i The Flying Seagull Project, ei gruppe som mellom anna reiser rundt i flyktningeleirar og får traumatiserte ungar til å le. Som dragkongen Alpha får ho bruk for både klovneri og fysisk spel. For ho spelar i høgt tempo, særs fysisk og med stor grad av humor. Publikum forstår raskt at her er alt lov, same kor politisk ukorrekt det er, hyler og hoiar og let seg villig bli med på notane, utfordre Alpha, og også bli med opp på scena. Nokre gongar fungerer dette så godt at ein kunne tru det var regissert, men dette er ei framsyning publikum raskt blir engasjert i. Og Hallem har stålkontroll på det interaktive, for her kan det meste skje. På premieren fekk vi ein overraskande og vakker vri då ein i publikum synte meir empati enn venta, og framsyninga tok med eitt ei heilt anna retning, – ei utfordring Hallem tok på strak arm.

SJEKKETRIKS: Med Marielle som blond og blåøygd modell gir Alpha oss innsikt i korleis ein skal dra damer. FOTO ATLE AURAN

Sjølvsagt er ikkje dette machopropaganda og kvinnehat, men ei heilt annleis og humoristisk tilnærming til kjønnsroller og det maskuline,. Og i botn ligg det eit tydeleg feministisk prosjekt. Men altså ikkje hatefullt, men humoristisk og empatisk. Med seg på scena har Hallem ein assistent. Medan den relativt spedbygde Hallem er dragkongen Alpha, er den store og kraftige Joakim Kristoffer Gunby ungjenta Marielle, arketypen på ei dum og deilig barmfager, blond dame. Kontrasten og kjønnsforvirringa gir ein ekstra dimensjon til humoren. Med desse to blir vi underviste i ulike sjekketriks og tilnærmingar som publikum også får teste ut.

Eline Hallem har brukt fleire år på å bygge opp denne produksjonen, og undervegs har ho hatt djupneintervju med mange menn samstundes som ho har lese seg grundig opp på tematikken. Det gjer at seminaret hennar, trass i eksessar og det overdrivne, likevel verkar truverdig og kanskje også til å kjenne seg att i. Og i staden for å sparke nedover og henge ut incels, syner ho faktisk forståing og empati.

Alpha er sjølvsagt ein samansett person, og seminaret er bygd opp som eit religiøst vekkingsmøte. Og som med dei amerikanske predikantane, er det ikkje tru og ideologi som er den viktigaste drivkrafta for Alpha, men profitten. Sjølvhjelpsindustri er rein business. Mot slutten av framsyninga skjer det eit brot, Alpha kjem til ei slags ny erkjenning, men i staden for å gå i seg sjølv, finn han nye lukrative utvegar. Dette brotet blir diverre noko uforløyst, og det gjer at framsyninga mistar litt av den ekstremt stramme dramaturgien.

«Alpha – finn din indre konge!» er ei ganske annleis oppsetjing. Eline Hallem spelar fysisk og i høgt tempo, særs truverdig, og utan eit einaste kvileskjer. Til å vere ei så interaktiv framsyning, er regien forbausande stram. Salen er i kok frå første stund, og Hallem greidde å skape verkeleg hallelujastemning. Undervegs var dette både umåteleg engasjerande, underhaldande, og ikkje minst til ettertanke. For det var ingen tvil om kva slags spegel ho i røynda heldt opp for oss.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. februar 2023.)

Leave a Reply