Alle rituala våre

TEATER

OFRING: Det kvardagslege omgrepet syndebukk viser i røynda til ei rituell offerhandling. FOTO: ATLE AURAN

«So Far So Good»
Rosendal Teater
Av: Hestnes/ Popović
Regi: Freya Sif Hestnes
Scenografi: Hestnes/ Popović og Daniel Fogh
Kostyme: Astrid Sønderskov Andersen
Lyddesign: Daniel Fogh
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Marina Popović og Anders Tougaard

Stillferdig og med bruk av sinnrik teknologi tek Hestnes/ Popović oss med på ei sanseleg og audiovisuell historieforteljing.

I tidlegare framsyningar har kunstnarduoen Hestnes/Popović arbeidd med dei nære, familiære forteljingane for å syne at også dei er politiske, og korleis det er dei som til saman blir den store felles historia vår. Slik er også utgangspunktet i den siste produksjonen deira, «So Far So Good», som hadde urpremiere på Rosendal Teater i helga. Hestnes/ Popović er for tida huskunstnarar ved Husets Teater i København, og framsyninga er ein co-produksjon mellom Husets Teater og Rosendal Teater i Trondheim, og med Andrea Skotland som produsent og dramaturg.

Den norsk-bosniske skodespelaren Marina Popović tek avslappa i mot oss og fortel at sjølv om nokre av oss kjem åleine, skal vi i kveld vere del av noko saman. Før ho, som i tidlegare produksjonar, viser til talemåtar og nedervde, gode råd frå bestemora. Sjølv om dei fleste av oss korkje er overtruiske eller spesielt religiøse, omgir vi oss med eit hav av ritual, ofte utan å tenkje over det, eller å vite kvifor vi gjer som vi gjer. Som til dømes å skåle. Popović syner oss at alt har både ein bakgrunn og eit innhald, og i denne framsyninga, som etter kvart blir meir og meir som ein audiovisuell installasjon, blir vi med på ei utforsking av omen, jartegn og andre varsel som vi sjølvsagt ikkje trur på, men som likevel er med på å forme kvardagen vår. Og vi blir presenterte for ulike offerritual som ein nyttar til å verje seg mot det som måtte kome. For ein kan jo aldri vite. Og etter kvart får vi også høve til å delta, og å ta ut eventuell aggresjon mot ei tretønne.

Scenografien denne gongen er eit kunstverk i seg sjølv. Den andre halvparten av kunstnarduoen er den danske scenografen og biletkunstnaren Freya Sif Hestnes. Frå snorloftet heng det sju store og tunne galvaniserte stålplater. Eitt er at desse enkle panela er forbausande vakre i seg sjølve, men ved hjelp av sinnrik bruk av mikrofonar og høgtalarar er dei også i stand til å generere, ikkje berre lyd, men faktisk musikk. Slik gjekk framsyninga gradvis over frå det dokumentariske til å bli ein opplevingsrik og sterkt sanseleg audiovisuell installasjon der scenografi og lyd smelta saman på eit intrikat vis. Lyddesignen til Daniel Fogh, baud på fullt av musikalske små overraskingar. Ikkje sia Cirka Teaters prisvinnande framsyning «Hundre hemmeligheter» på Trøndelag Teater i 2014 har eg opplevd noko liknande. Vi veit alle at det er spenningar i ei metallplate, og at plata kan gi frå seg lyd når ho blir bøygd. Men at det kan bli vakker musikk av det, og truleg komponert og ikkje berre randomisert lyd, var like overraskande som det var imponerande.

Eg veit ikkje om eg heilt forstod logikken i overgangen frå alle dei små forteljingane om ulike rituelle handlingar vi gjer utan å tenkje over det, og til den musikalske utforskinga av scenografien. Men stundom skal ein ikkje forstå, men berre nyte, sanse og oppleve. Og det var det rikeleg høve til i «So Far So Good».

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 23. november 2022.)

Leave a Reply