Svart humor på sitt beste

TEATER

MINEFELT: Franziska (Mareike Wang) hamnar i eit drabeleg oppgjer mellom ekteparet Sibylla (Mari Strand Ferstad) og Daniel (Svein Solenes). FOTO: MARIE VON KROGH

«Eks»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Marius von Mayenburg
Omsett av: Øyvind Berg
Regi: Øystein Martinsen
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Med: Svein Solenes, Mari Strand Ferstad og Mareike Wang

Intenst, svart og humoristisk ensemblespel.

I seriemonogamiets tidsalder er det ikkje uvanleg at ein må forhalde seg til ulike eksar. Det er temaet i Marius von Mayenburgs «Eks» som hadde premiere på Rogaland Teater 10. november. Daniel (Svein Solenes) og Sibylle (Mari Strand Ferstad) er eit vellukka mellomklassepar i førtiåra. Han er arkitekt, ho er lege, og dei bur i eit designarhusvære, framifrå illustrert gjennom Gjermund Andresens smakfulle scenografi med interiør som neppe er av det billegaste. Ein hektisk kvardag med to små born gjer at dei båe har sett karrieredraumane litt på vent. Eller kanskje var ambisjonane høgare enn talent og kunnskap tilsa? For her handlar det nok ein gong om den borgarlege livsløgna, men i ei langt meir moderne tapping enn Henrik Ibsens.

DESIGNARHUSVÆRE: Lutter borgarleg idyll? FOTO: MARIE VON KROGH

Daniel og Sibylla er tilsynelatande veltilpassa, og samtalen ein sein kveld etter at ungane har gått til ro dreier seg om utveksling av sarkasmar, humoristiske små stikk som ein intellektuell leik. I Øyvind Bergs særs gode omsetjing har han boltra seg i metaforar og mogeleg dobbeltyding der Sibylla, til Daniels fortviling, på meir og meir perfid vis mistolkar dei språklege bilda hans. Som ein ouverture får vi ein underhaldande verbal pingpong som dei fleste med erfaring frå eit parforhold kan kjenne seg att i.

Men så kjem brotet. Franziska, Daniels eks (Mareike Wang), ringer og fortel at ho har gått frå sambuaren og spør om å få overnatte. Daniel avslår, men når han fortel det til Sibylla, framstår ho som den storsinna og tolerante som ikkje forstår kvifor han sa nei. Når Franziska likevel dukkar opp, blir realiteten ein heilt annan for Sibylla.

HELVETE LAUS: Eksen trampar inn med skoa på. FOTO: MARIE VON KROGH

Rogaland Teater har tidlegare sett opp to av von Mayenburgs drama, «Perpleks» og «Pang!», og Øystein Martinsen spela i båe. Når han nå debuterer som regissør, er det tydeleg at dette er ein dramatikar han er godt kjend med. For regien av dette nesten to timars intense kammerspelet er stram og utan daudpunkt. I ei god dramaturgisk oppbygging avkler Martinsen den sjølvtilfredse borgarlege idyllen lag for lag. Dei tre rollefigurane er ganske ulike, men likevel lett attkjennelege for dei fleste. Sibylla er den som er mest avgjerande for konflikten, men dei ber alle ved til bålet. Og når kjenslene blir utfordra, er det ikkje grenser for kor vonde vi kan vere med kvarandre og kva elles danna menneske kan finne på å seie. Mari Strand Ferstad blottlegg bokstaveleg talt dei undertrykte kjenslene til Sibylla når ho gradvis går frå å vere den tolerante til å bli ein ufordrageleg åndssnobb. Svein Solenes syner ein Daniel som er riven mellom fysiske kjensler og ambisjonane om sosial klatring. Og Mareike Wang, som den litt meir stillfarande og ikkje så høgt utdanna Franziska, bringer inn klasseperspektivet, og gjer det med ein finstemd mimikk, augekast og stor detaljrikdom. Tre særs gode skodespelarar gir oss i «Eks» ei både trist og humoristisk framsyning i eit underhaldande og intenst ensemblespel av aller høgste klasse.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 18. november 2022.)

One Response to “Svart humor på sitt beste”

  1. […] fekk i 2014 to Heddaprisar for «Perpleks» av Marius von Mayenburg. Med haustens oppsetjing av «Eks» av same forfattar, er dei nå på same høge nivå. Det er ei intens, attkjenneleg, humoristisk og […]

Leave a Reply