Apologet eller provokasjon

TEATER

KAFFI OG AK-47: Osama bin Laden (Thomas Bye) byr på ein ganske provoserande miks etter kvart. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

«Bin Laden: The One Man Show»
Haugesund Teater
Av: Tyrrell Jones og Sam Redway
Omsetjing: Kjetil Falkum
Regi: Tyrrell Jones
Med: Thomas Bye

Eit enkelt forteljarteater som verkeleg set publikums oppfatning av rett og gale på prøve.

Eg må vedgå at eg var ganske skeptisk då eg drog til Haugesund for å sjå «Bin Laden: The One Man Show». Kunne det vere fornuft i å lage teater om ein islamsk fundamentalist som meir enn nokon er ansvarleg for tusenvis av uskuldige ofre i ulike terroraksjonar? Kva ville teateret, dramatikar og regissør med dette? Stykket er skrive av dei to britane Tyrrell Jones og Sam Redway og hadde urpremiere i 2013 med Jones som regissør og Redway i hovudrolla. Seinare har dei turnert verda rundt, og vunne fleire prisar. Og i Haugesund var det framleis Tyrrell Jones som var regissør, men med Thomas Bye som bin Laden.

Når vi kjem inn i salen blir vi møtt av ein smilande Thomas Bye som helsar vennleg og byr på kaffi og peparkaker. Medan vi ventar på dei siste publikummarane stiller Bye oss nokre enkle spørsmål om kva vi meiner om regjering, styresmakter og demokratiet i landet. Folk er openbert ikkje berre nøgde. Så kva kan ein gjere med det? Bye presenterer seg så som Abu og fortel at denne kvelden skal handle om korleis ein kan endre verda til det betre. På avslappa og pedagogisk vis fortel han med flip-over og stor innleving si eiga livshistorie frå tidleg ungdom, kjærleik, giftemål og om sonen og eit ganske vanleg tilvære som ung og rik muslim i Saudi Arabia. Han tar til å studere, og der møter han ein viktig læremeister. Samstundes kjem revolusjonen i Iran der folk korkje vil sjå til aust eller vest, men skape sin eigen muslimske veg. Rett etter kjem den sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan. Med økonomisk hjelp og solid våpenstøtte frå USA dreg Abu til Afghanistan for å kjempe ein rettvis krig mot okkupantane. Han byggjer sitt eige verdsomfemnande nettverk, og er med på å nedkjempe den sovjetiske okkupasjonsmakta. Bye er overtydande som forteljar og nyttar seg på humoristisk og uvanleg godt vis av publikum medan vi følgjer Abus utvikling, Iraks invasjon av Kuwait, det han oppfattar som sviket til Saudi Arabia og USA, og til slutt hans gradvise radikalisering.

Abu er karismatisk og tillitvekkjande og vi får fort sympati for både han og kampen hans, samstundes som vi kjenner på motviljen, for Abu er eit anna namn for Osama bin Laden. Etter kvart som grenser blir flytta og mannen blir meir terroristisk, skjer det brot, og vi mistar også sympatien. Men når og kvifor skjer det?

Framsyninga er skrive som ein provokasjon for å utfordre publikum, våre fordommar og tilvante meiningar, men også for å finne ut kor langt ein god skodespelar kan drive oss, og kva som gjer at sympatien til slutt forsvinn. Ein viktig del av denne framsyninga er eit ettersnakk, som ein debriefing der vi får dele opplevingar, sympati og forakt. Og då er det interessante at vendepunktet for publikum skjer på heilt ulike tidspunkt, og kan vere forskjellig frå dag til dag. Slik syner denne framsyninga oss kva teaterets dramaturgi og spel kan gjere med oss, samstundes som det byr på eit anna blikk og understrekar at kritisk tenking er viktig. Det gjorde godt å bli provosert.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2022.)

Leave a Reply