Det endelege valet

TEATER

VALET: Skal Ellida (Kirsti Torhaug) kaste dødskappa eller velje å bli med Døden (Linda Brean Mathisen)? FOTO: LOUISE HERRCHE SERUP

«Fruen fra havet»
Nordland Teater i samarbeid med Convoi Exceptionnel
Fritt etter Henrik Ibsen mfl.
Manus: Astrid Hansen Holm og Jon R. Skulberg
Regi og lysdesign: Jon R. Skulberg
Scenografi og kostyme: Maja Ziska
Komponist og lyddesign: Julie Østengaard
Med: Kirsti Torhaug, Anne Kokkinn, Linda Brean Mathisen, Anne Wiig og Sven Johannessønn Henriksen

Ein kreativ og nyskapande vri på Henrik Ibsens drama om verkeleg valfridom.

Ein del av den konkrete tematikken i Henrik Ibsens nåtidsdrama er i dag utdatert. I «Fruen fra havet» er det store spørsmålet om Ellida Wangel har fridom til sjølv å velje å gå ut av ekteskapet med Dr. Wangel. I dag er slikt ikkje spesielt kontroversielt. Ei modernisering av Ibsen vil difor ofte møte på problem når gårsdagens tema blir kledde i moderne drakt. På Nordland Teater har regissøren Jon R. Skulberg løyst dette på eit nesten genialt vis.

Ellida Wangel er gift med Dr. Wangel som er enkemann og har barn frå det tidlegare ekteskapet. Saman fekk han og Ellida ein son som døydde etter få månader. Ellida slit med psyken, og det er ikkje lenger noko ekteskap å snakke om for dei to. Når Ellidas gamle flamme, som Ibsen har gitt den kryptiske nemninga «en fremmed mann», dukkar opp, blir det eksistensielle spørsmålet for Ellida om ho har eit val, og om ho i så fall skal velje å gå.

I Ibsens drama er det åtte personar og ein del sommargjestar og lokale folk. Saman med dramaturgen Astrid Hansen Holm, har Jon R. Skulberg skrive eit nytt manus, nokså fritt etter Ibsen, og med islett av sitat og scener frå så ulike forfattarar som Inger Christensen, Virginia Woolf og Michel Houellebecq. Det er blitt eit nedskalert og reinskore drama der berre fire av dei opphavlege aktørane er att. Og vi er så avgjort i dag. Ellida Wangel (Kirsti Torhaug) er gift med legen Wera Wangel (Anne Kokkinn). Dei fekk ein son som døydde etter berre fire månader, og Ellida er ikkje den same etter det. Dei bur saman med Hilde (Anne Wiig) som er Weras dotter frå første ekteskap. Lyngstrand (Sven Johannessønn Henriksen), som hjå Ibsen er ein viktig person som vitne om den framande, er her blitt ein slags husvenn som er både forteljar og katalysator for handlinga. Men det verkeleg kreative og spennande grepet, er at den framande, Ellidas gamle flamme, er gjort om til Døden (Linda Brean Mathisen). Slik er kjærleiken endra til dødslengt. Ellida har openbert vore suicidal, og nå har Døden kome for å hente henne. Det store og djupt eksistensielle spørsmålet blir då om Ellida har eit val, og om ho i så fall skal velje døden.

Regissøren Jon R. Skulberg er norsk, men bur i København der han til dagleg er leiar for produksjonsselskapet Convoi Exceptionnel. Saman med scenografen Maja Ziska har han laga ei tett og minimalistisk framsyning der det er lite scenografi og få rekvisittar. Då får også det vesle som er, mykje sterkare tyding. Det er lite fysisk spel, og handlinga skjer i særs sakte tempo der replikkane får henge lenge i lufta. Julie Østengaards lydkulisser og dvelande musikk bidreg ytterlegare til den ganske dystre stemninga. Alt dette kler framsyninga. Dei fem på scena er tydelege i sine tolkingar der det verkar som ei kvar rørsle er bestemt ned til minste detalj. Men når det er så lite fysisk å spele på, blir replikkane desto viktigare. Og med dei lange ettertenksame pausane bør orda vere som hogde i stein. Men her buttar det litt, for det er for mange ord, for lite substans i replikkane, og dermed blir ikkje dramaturgien stram nok.

Trass i denne innvendinga, er denne oppsetjinga av «Fruen fra havet» eit særs godt døme på korleis Ibsen kan tolkast på eit nytt og kreativt vis samstundes som ein er tru mot den grunnleggjande tematikken om menneskas valfridom.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. oktober 2022.)

Leave a Reply