Undringas tid er ikkje forbi

TEATER

FLYGANDE: Karoline Ellingsen Wheeler blir nærast vektlaus i møte med denne skrotkuben. FOTO: KRISTIAN WANVIK

«Puls»
Teatret Vårt og Cirka Teater, Surnadal kulturhus,
Av: Espen Dekko og Gilles Berger
Regi: Espen Dekko
Scenografi: Gilles Berger
Kostyme: Berit Haltvik With
Lyddesign: Martin Smidt
Lysdesign: Eirik Torsethaugen
Med: Gilles Berger og Karoline Ellingsen Wheeler

Stundom er det godt å få vekt den barnlege og undrande fantasien og berre la seg drive med.

Nokre av menneskas beste eigenskapar er fantasien og evna til å undre seg. Ein hektisk kvardag gir ofte lite rom for slikt, men framleis er teateret ein oase for den som er nysgjerrig eller vil la tanken fare. Få om noko teaterkompani er flinkare til å setje i gang slike prosessar enn Cirka Teater. I nærare førti år, og gjennom like mange produksjonar, har Gilles Berger skapt magiske og fantastiske univers gjennom sin særs kreative scenografi. Framsyninga «Puls», eit samarbeid med Teatret Vårt i samband med femtiårsjubileet deira, skriv seg til fulle inn i denne tradisjonen.

På ei mørk scene leitar ein person (Gilles Berger) seg fram med lommelykt. Og ut av inkje dukkar ein stor og innhaldsrik kube opp. Brun, og tilsynelatande sett saman av søppel og skrot, ein sykkel, ein gamal skrivemaskin, ein vask med tappekran og uendeleg mykje meir. Men når vår mann undrande nærmar seg kuben, oppstår det elektromagnetiske spenningsfelt som ikkje er gode, og han kjenner seg fanga. Men han gir seg ikkje og held fram med å utforske denne underlege klossen. Etter kvart tek kuben til å leve sitt eige liv, og det skjer merkelege og uventa ting. Element dett av, røyr kjem ut, og med eitt også ei hand, eit andlet, – og til slutt ein heil kvinnekropp (Karoline Ellingsen Wheeler). Ho er i starten som ei uformeleg plastilindokke, og Berger slit med å få henne på beina, før ho, utan at eg skal fortelje korleis, blir eit vanleg sjølvgåande menneske.

Resten av framsyninga er ei fantasifull oppdagarferd der dei to leitar seg fram og inn i det som ikkje berre er ein skrotkube, men eit heilt lite univers. Det oppstår stadig overraskande vendingar og nærast magiske situasjonar, og saman med den meir enn stemningsskapande musikken til Martin Smidt blir vi førte frå den eine merkelege opplevinga til den neste.

Framsyninga blir spela utan ord, og i mangt er ho å sjå som ein velkoreografert danseframsyning. Karoline Ellingsen Wheeler er både skodespelar og dansar, og spesielt i sekvensane der Berger freistar å få eit menneske av henne, leverer ho kreativ og særs illustrerande dans. Men også i den etterfølgjande utforskinga av kuben er dansen eit vesentleg element. Sjølv om Berger ikkje er nokon dansar, fungerer han godt nærast som skuggen hennar. Og dei følgjer kvarandre synkront i ein koreografi dei saman har utvikla undervegs.

Espen Dekko har saman med Gilles Berger hatt ideen og manus til framsyninga, og Dekko har også regien. Det er blitt ei opplevingsrik reise utan dramaturgiske daudpunkt, men med stadige overraskingar på lur.

Gilles Bergers magiske og opplevingsrike kube skal i følgje programmet seie oss litt om det avtrykket menneskeleg aktivitet og produksjon set på jorda. Kva skjer når vi blir konfronterte med det som er blitt avleggs og skrot? Ein kan sikkert lese slikt inn i denne framsyninga, men for meg var ho først og fremst ei undrande og magisk reise inn i eit fantasiland der assosiasjonane sat laust og opplevingane var både mange, store og overraskande.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 23. september 2022.)

Leave a Reply