Bonden i ei brytingstid

TEATER

STANDHAFTIG: Isak Sellanraa (Håkon Mathias Vassvik) ryddar jord og lever i pakt med naturen, men forstår seg ikkje på endringane som skjer rundt han. FOTO: KRISTOFFER WITTRUP

«Markens grøde»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Knut Hamsun
Dramatisering: Verk Produksjoner ved Fredrik Hannestad og Saila Hyttinen
Regi: Fredrik Hannestad
Scenografi og kostyme: Jakob Oredsson og Signe Becker
Musikk og lyddesign: Per Platou
Lysdesign: Jakob Oredsson
Med: Håkon Mathias Vassvik, Madalena Sousa Helly-Hansen, Marianne Meløy, Isak Holmen Sørensen og Marina Popović.

Ei dramatisering som på overraskande godt vis greier å formidle Hamsuns forteljarstemme.

Om snaue to veker er det 80 år sia Trøndelag Teaters første sjef, Henry Gleditsch, blei avretta som sonoffer av den tyske okkupasjonsmakta. Det er difor forståeleg at den nazi-sympatiserande Knut Hamsun ikkje har vore på repertoarliste til seinare teatersjefar. Men sjølv om alt ikkje er gløymd, og det slett ikkje er gått hundre år, set teateret nå opp Markens grøde. Romanen frå 1917, som gav Hamsun nobelprisen i 1920, er berre dramatisert og sett opp tre gongar tidlegare i Norge, alle i løpet av dei siste tjue åra.

Til dette vesle tidsskiljet har Trøndelag teater gått i samarbeid med Verk produksjonar som sjølv har dramatisert romanen. Gjennom dette kompaniets særeige teaterspråk har dei på forbausande godt vis fått fram det episke i Hamsuns roman. På teaterets Gamle scene har scenografane Jakob Oredsson og Signe Becker skapt eit rom med ein symboltung elektronisk biletvev, og med draperi som gir assosiasjonar til tett skog og urørt natur. Kostyma er spektakulære og openberre brot med forteljinga. Fem skodespelarar som både fortel og spelar, presenterer oss på eit repeterande vis for heile romanens historie. Frå mennesket som går opp dei første stiane og om den standhaftige bonden Isak Sellanraa som ryddar eigen gard i øydemarka. Om Inger som kjem til, og om det arbeidsame paret som lever i eitt med naturen med gamalt naturalhushald medan teknologi, pengehushald og kapitalisme gradvis vinn fram rundt dei. Og om den skilsetjande fødselen der Inger drep barnet som på det viset skal sleppe å leve opp med hareskar slik Inger har gjort.

Ensemblet på fem startar det heile nærast som forteljarteater, men etter kvart vekslar dei på å fortelje og spele. Håkon Mathias Vassvik er overtydande som den fåmælte, arbeidsame og enkle Isak, medan Madalena Sousa Helly-Hansen gir oss ein langt meir samansett og konfliktfylt Inger. Dei ulike menneska rundt Isak og Inger blir spela av dei tre andre aktørane som gir oss gode og stundom humoristiske tolkingar, ofte med synlege skift.

I heile første akt følgjer vi Hamsuns forteljing tett. Til og med bokas nedlatande haldning til samane blir framstilt ganske usminka. Historia om Isak og Inger blir fortald repeterande, med mange brot, kontrastfylt, med tidvis overtydeleg spel, med ulike forteljarteknikkar, og i eit integrert samspel med scenografi og lyssetjing. Men trass i alle kontrastane, slår det meg i kor sterk grad eg likevel sit att med Hamsuns forteljing, og ikkje minst hans forteljarstemme.

I andre akt, når Inger kjem att frå fengsel, blir haldninga til romanens innhald langt friare. Sentralt står sjølvsagt brytinga mellom det gamle livet i pakt med naturen og den nye teknologien og jakta på ressursane. Symbolikken er openberr når senografien blir dekonstruert og vi får ei ope og nake bakscene. Men der det episke på særs vellukka vis har fått rå i første akt, blir andre akt nærast ei rekkje politiske manifest, – som Ingers oppgjer med mannssamfunnet, og lensmannens sjølverkjennande tale om profittjakt og rovdrift. Her er flust av parallellar til dagens natur- og miljøvern og til kvinnekamp. Vi forstår sjølvsagt kva teateret vil, men det er presentert så tydeleg og direkte at det diverre blir politiske påstandar meir enn teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. september 2022.)

Leave a Reply