Leiting på mange plan

TEATER

FLYTANDE: Der alt flyt, kan det meste skje, og det gjer det også i dette oppkomet av ei teaterframsyning. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Forbuden Fukt – den lille havfruen Arild»
Teater Innlandet, Hamar.
Av: Ivar Furre Aam
Regi: Ivar Furre Aam
Scenografi og kostyme: Helena Zaïda Schaber
Lyddesign: Michael Dahlen
Lysdesign: Markus Tarasenko Fadum
Med: Julie Bjørnebye, Sofie Huijs, Stian Isaksen, Tom Styve og Anne Guri Tvedt

Ei fabulerande og leiken framsyning om lengt og leiting, og mykje meir, visuell og velspela, men kanskje meir til å oppleve enn å forstå.

Teater Innlandet har eit prosjekt dei kallar TI Lab som i følgje dei sjølve er eit kreativt kokeri der alt kan skje. Ensemble, dramatikar og regissør får relativt fritt spelerom, og ein produksjon under denne «lab»-vignetten er meir ei kunstnarleg utforsking enn ei fiks ferdig framsyning. Her er det lov å floppe, for dette er ikkje akkurat teater med tryggingsnett. Førre veke var det urpremiere på Ivar Furre Aams «Forbuden Fukt», og sjølv om fallhøgda var stor, faktisk heilt til «havsens botn», blei dette etter kvart ei fascinerande, underhaldande og ikkje minst velspela framsyning, – og absolutt til ettertanke.

Etter avslutta skodespelarutdanning for ti år sia, har Ivar Furre Aam arbeidd i mange ulike produksjonar, mellom anna fleire av Lisa Lie sine. Men så tok han i tillegg regiutdanning på KHiO der han var ferdig i fjor, og med «Forbuden Fukt» på Teater Innlandet, debuterer han nå også som dramatikar.

Aam er ein søkjande scenekunstnar, og i «Forbuden fukt» er det slik at både hovudpersonen Arild, og framsyninga leitar etter seg sjølv. For vi snakkar sjølvsagt om den pågåande diskusjonen om identitet og kjønnsforståing, men utan å bli korkje påståeleg eller moralistisk. For dette er først og fremst ei særs leiken framsyning som boltrar seg i heile scenekunstens ulike verkemiddel, metaforar, språklege blomar, brot så det held og ikkje minst så mykje metateater at det tidvis er uråd å vite om dette er spel eller røyndom.

Eg skal halde meg frå å gi noko resymé, for her er ei mengd ulike forteljingar og endå fleire tolkingshøve. Men eg må medgi at eit lite stykke uti framsyninga sat eg og lurte på kva i all verda dette handla om. Men så gradvis blei eg fanga av dei universa eg blei presentert for, og etter nesten to og ein halv time utan pause, skulle eg gjerne ha sett det ein gong til. I botn, og det er bokstaveleg, for vi er på «havsens botn», langt nede i djupet (i hovudsak ein metafor) der ulike skapningar held til. Blant dei er også havfrua Arild (Stian Isaksen) som er full av lengt og uvisse. Han veit ikkje kven ho er, og kva hen er etla til. Der alt berre flyt lengtar han etter noko anna, men ho veit ikkje etter kva.

Med dette som utgangspunkt har Aam, med god hjelp av scenografien og kostyma til Helena Zaïda Schaber, laga ein visuell og fabulerande framsyning full av innfall, brot, ulike scener og leik med teaterkonvensjonar. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Aam tidlegare har arbeidd mykje med Lisa Lie, men han utviklar hennar univers langt vidare. Det er blitt eit oppkome av ei framsyning, eit overflødigheitshorn der du etter kvart neppe forstår mykje, men likevel blir riven med av alt det fascinerande. I TI Lab-prosjektet til Teater Innlandet, er det stort sett det same ensemblet som går att, og eg vil tru at deira røynsle med ei slik teaterform er avgjerande for at dette blei så vellukka. Dei fem på scena, Julie Bjørnebye, Sofie Huijs, Stian Isaksen, Tom Styve og Anne Guri Tvedt, leverer formidabelt ensemblespel, og det er openbert at dette ikkje berre er noko dei er fortrulege med, men også har fullt eigarskap til og står inne for.

(Ei litt amputert utgåve av denne meldinga, og med ei ganske misvisande overskrift, stod i Klassekampen onsdag den 31. august 2022.)

Leave a Reply