Tråden frå Molde til Dhaka

TEATER

BRUK OG KAST: Som ein Atacama-ørken i miniatyr er scena der Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal tek oss med frå Molde i 1935 til Bangladesh og Chile. FOTO: TINGH

«Den som henger i en tråd»
Teatret Vårt, Molde
Basert på Nini Roll Ankers roman
Dramatisering og regi: Toril Solvang
Scenografi og kostyme: Marcus Olson
Komponist: Sandra Kolstad
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Med: Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal

Ei visuell og vakker, men litt for fragmentarisk framsyning som trekk sterke trådar frå gårsdagens Molde til ørkenen i Chile og fabrikkar i Bangladesh.

Teatret Vårt i Molde held fram med 50-årsfeiringa si, og nå med ei oppsetjing basert på bysbarnet Nini Roll Ankers store sosiale roman, «Den som henger i en tråd», frå 1935. Boka handlar om Karna frå Molde som jobbar på ein av dei mange tekstilfabrikkane i området, og om korleis ho gjennom dårlege arbeidsforhold, låg løn og undertrykking både som arbeidar og kvinne går gjennom ei politisk oppvakning og fagorganiserer seg. I dag er det ikkje mykje konfeksjonsindustri att i Norge, men det finst Karna’er overalt i verda, som i Indonesia, Thailand, India og Kina der arbeidstilhøva nok er verre enn dei var i Molde for 90 år sia. Dei billege kleda frå fabrikkar med underbetalte arbeidarar har i tillegg ført til ein bruk-og-kast-mentalitet som gjer at tekstilindustrien er blitt ein av verstingane med tanke på miljø og forureining med rundt 10 % av verdas CO2-utslepp.

Med utgangspunkt i Molde i 1935, Karna, og venninna hennar Rakel, har dramatikar og regissør Toril Solvang laga eit teaterstykke der ho tek oss med til landa eg nemnde, og ikkje minst til Savar utanfor Dhaka i Bangladesh der ein åtte etasjar høg tekstilfabrikk kollapsa for ni år sia og meir enn 1100 døydde. Og vi blir også med til Atacama-ørkenen i det nordlege Chile der 40 000 tonn brukte moteklede årleg blir deponert med alvorlege konsekvensar for miljøet, ikkje berre i Chile men for heile verda.

Scenografien til Marcus Olson er heilt avgjerande for denne oppsetjinga. Scena er fylt av utrangerte klede frå Fretex, og i dette fargerike berget av tekstilar dukkar dei tre skodespelarane Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal opp. Sjølve iført eit hav av klede er dei både forteljarar, ulike versjonar av Karna og ein del andre personar medan dei hoppar ganske saumlaust ut og inn av roller og fram og attende i tid. Med seg har dei eit flott og stemningsskapande lydbilde, nokre gongar nesten suggererande nyskriven musikk av Sandra Kolstad.

Dei tre på scena er fortrulege med stoffet, spelar godt i hop, og med enkle middel gjer dei at vi forstår om dei er ei abortsøkjande jente i Molde for nitti år sia eller offer for storspekulantar i Bangladesh i dag. I løpet av berre 80 minutt greier dei å sveipe innom både det historiske bakteppet frå Nini Roll Ankers roman, situasjonen for dagens syersker, fagorganisering, utbytting, kvinneundertrykking, abort og i tillegg kampen for natur og miljø. Og her ligg to problem som gjer at framsyninga diverre ikkje kjem heilt i land. Ho blir litt anekdotisk ved at det er så mykje ein skal innom på stutt tid utan at ein kjem skikkeleg under huda på situasjonen i dei ulike tablåa. Eit særs godt songnummer mot slutten syner kva dette kunne ha blitt om dei hadde fått like god tid til dvele ved innhaldet i fleire av scenene. Og med så sterkt og klårt innhald som det Toril Solvang her presenterer, treng ho heller ikkje å gni det inn med proklamasjonar og knytte never. Den før nemnde songen, lågmælt og illustrerande, og mange av tablåa, for ikkje å seie heile framsyninga, er ei meir enn sterk nok knyttneve i seg sjølv.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. august 2022.)

Leave a Reply