Hedonisten som det blei folk av

TEATER

BØKER: Litteraturen kan byggje bruer mellom folk, uakta korleis dei ser ut. FOTO: GURO KULSET MERAKERÅS

«Skjønnheten og udyret»
Teaterlaget i BUL, Nidaros. Munkholmen
Av: Ingrid Elisabet Kummeneje, fritt etter Jeanne-Marie Le Prince de Beaumont
Regi: Ingrid Elisabet Kummeneje
Komponist: Øyvind Jo Heimdal Eik og Sunniva Hovde
Musikalsk leiar: Øyvind Jo Heimdal Eik
Kostyme: Vigdis Skauvik Rian
Lyddesign: Andreas Helland
Lysdesign: Benjamin Aalmo
Med: Erle Kulset Merakerås, Håkon Salberg m.fl.

Etter litt problem i starten var dette ei framsyning til verkeleg å kose seg med.

Endeleg! Etter to år med pandemi, og tre år sia siste gong, er det endeleg duka for det mest varmande innslaget av alt i den kalde trøndersommaren. Teaterlaget i BUL Nidaros er tilbake i tårnet på Munkholmen for å gle og underhalde store og små fram mot jonsokleite. Det er snart førti år sidan dei tok til med desse årvisse oppsetjingane, og det i eit rom som er alt anna enn eigna for teater. Likevel blir eg like overraska kvart år, og jamvel om kvalitet og nivå sjølvsagt er varierande, har eg hatt mange opplevingar som framleis sit friskt i minnet.

I dei fleste produksjonane BUL har sett opp på Munkholmen, er kjernen i ensemblet ungdom i tenåra, med ein del særs sjarmerande yngre innslag heilt ned mot førskolealder, samt nokre meir røynde vaksne som dei kan stø seg på. Og sjølv om ungdomane er unge, har dei fleste av dei vore med i fleire oppsetjingar før. I år var det ganske annleis. For det første var det berre ein vaksen med. Og med tre års tørke, -tre år er uendeleg lenge for ein ungdom, – var det langt færre som hadde særleg røynsle frå scena. Og jamvel om framsyninga sleit litt med å finne seg sjølv i starten, er det godt å kunne melde at denne produksjonen ikkje stod noko attende for dei tidlegare, kanskje snarare tvert om.

I 2010 sette teaterlaget opp «Skjønnheten og udyret» som musikal. For dei fleste er dette ein Disney-klassikar, men historia er opphaveleg skriven av Jeanne-Marie Le Prince de Beaumont for meir enn 250 år sia. Og ettersom ikkje noko er heilt originalt, var den teksten også basert på ei endå eldre historie. Nå har Ingrid Elisabet Kummeneje latt Disney vere Disney, dikta ganske fritt etter den opphavelege historia, og samstundes lent seg litt på Marita Rødsets tekst frå 2010. I tillegg har ho leika seg med det språklege og lagt inn mykje ekstra humor. Stykket er ei forteljing om hybris, menneskeleg dårskap, om å sjå det vakre bak fasaden, og ein god moral om at alle kan bli gode gitt dei rette situasjonane. Historia har tett slektskap med mange av folkeeventyra, for her er både ein prins (Håkon Salberg) og ei fattigjente, eller Askepott om du vil (Erle Kulset Merakerås). Han er ein hedonist, er sjølvopptatt og full av overmot, og det betalar seg, for han får ei forbanning kasta på seg og blir eit udyr som berre kan bli normal att om han forelskar seg. Og det må vere gjensidig og innan neste måneformørking. Vår Askepott heiter Belle, er ein lesehest, snill, arbeidsam og nesten sjølvutslettande når ho hjelper den sjuke faren. Systrene hennar er sjølvsagt rake motsetninga. Eg treng ikkje røpe særleg mykje meir før dei flest forstår korleis det går.

Teaterlaget i BUL har amatørar i alle ledd, og denne gongen starta det ganske kleint. Sjølv om alle hadde mygg, var lyden elendig, og spelet var både nølande og litt famlande. Eg tok meg sjølv i å tenkje på korleis eg på eit pent vis skulle få formidla at desse entusiastane for ein gongs skuld ikkje fekk det til. Berre for å oppleve at innkøyringsproblema forsvann, aktørane blei tryggare. For då «skjønnheten» Belle kom på scena, og ensemblet presenterte ein synkron, velkoreografert og sjarmerande song om Marcel som hadde det meste på stell, og det i tillegg synte seg at her var det fullt av gode songarar, ja då var denne meldaren fortapt. For frå det opptrinnet og ut, var det stort sett berre å lene seg attende og kose seg med det eine innslaget meir sjarmerande enn det neste.

I tillegg til godt ensemblespel og mange fine masseopptrinn, er det tre element ved denne produksjonen som kvar for seg er spesielt imponerande, og som saman er avgjerande for at framsyninga.etter kvart blir så vellukka.

Det første og mest openberre, er kostyma. Her har kostymedesignar Vigdis Skauvik Rian gått amok og fått den store kostymegruppa til å gjere underverk. Det er sjeldan ein ser amatørteater på dette nivået med så ambisiøse, tidsriktige og flotte kostyme. Dei var ei visuell oppleving i seg sjølv.

SCENISK NÆRVÆR: Erle Kulset Merakerås som Belle i ein gripande song om faren

Øyvind Jo Heimdal Eik har laga mykje musikk tidlegare, både for BUL og for Rabarbrateateret. Og det har vore gode og solide saker. Men i denne produksjonen overgår han seg sjølv. Så mange melodiøse, lett songlege, og ikkje minst vakre songar. Og i tillegg fine tekstar som etter det eg forstår, er laga av Heimdal Eik og Kummeneje i fellesskap.

Og endeleg er det Belle som er så inderleg og naturleg framført av Erle Kulset Merakerås. Ho har ein neddempa spelestil der ho med mimikk og enkle rørsler får fram fine små nyansar. Og ho har eit scenisk nærvær ein sjeldan ser hjå så unge amatørar. Når ho i tillegg også hadde ein formidabel stemmeprakt, er det lite meir å melde. Då ho åleine song ein song om rosa ho fekk av far sin, var det så inderleg at eg fekk klump i halsen.

Men sjølv om kostyme, musikk og hovudrolla var imponerande, er BUL-framsyningane først og fremst lagarbeid og ensemblespel. Det var gjennomført bra også denne gongen. Og sjølv gler eg meg over alle gullkorna blant statistane. Mange veletablerte skodespelarar i dette landet har gjort sine første sceniske forsøk i BUL, og eg plar ofte la auga leite etter dei yngste for å sjå talentar som er så glade for å stå på scena at dei går heilt opp i rollene. Kanskje er dei meir sjarmerande enn dyktige, men som oftast utstrålar dei eitt eller anna som kan bli noko langt meir. Denne gongen kosa eg meg med å følgje unggutane Karl M. Listau og Sverre Haugland som båe gjorde ganske anonyme roller om til små svisker.

Om du finn Trondheimssommaren kald og våt, så er den beste måten å få i seg varmen att å dra ut til Munkholmen for å sjå og nyte denne sjarmerande vesle framsyninga.

One Response to “Hedonisten som det blei folk av”

  1. Erik Lindland sier:

    Dette stykket var mer enn sjarmerende underholdning. Det formidlet et budskap til publikum om at det er den indre skjønnheten man skal lete etter, ikke den ytre. At skuespillerne er unge mennesker som selv blir kontinuerlig dusjet/påvirket av kommersiell reklame o.l. med motsatt målsetting, gjør for undertegnede at teateroppsetningen blir til et sommerhøydepunkt. I tillegg til de unge aktørenes formidable innsats, var tekst og musikk noe som ytterligere forsterket og høyner stunden. Imponerende !!!

Leave a Reply