Bacon eller boyband

TEATER

FANGA: Å vere eller ikkje vere, eller å bli bacon eller boyband, – det er spørsmålet. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Tre griser og en ulv»
Teatret Vårt, Molde, Taket
Skrive og regissert av: Bjørnar Lisether Teigen
Musikk: Erik Teigen
Med: Jon Vegar Hovdal, Olavus Frostad Udbye, Ingrid Myhre Løvik og Bjørnar Lisether Teigen

Upretensiøst og leikent, og slikt blir stundom ganske god underhaldning.

Med eit ambisiøst program har Teatret Vårt i heile vårsesongen feira sine første femti år. Fredag var det stor fest med ei potpurri-framsyning frå gamalt repertoar, ei oppsetjing som stod i jubileets og nostalgiens teikn. Og laurdag var det urpremiere på ei barneteaterframsyning som var ein leik med teatermetaforar. I duskregn på teatertaket fekk vi sjå eit sjarmerande lite stykke som var ein parafrase over eventyret om dei tre små grisane og ulven, men også ein humoristisk kommentar til både populærkultur, hybris, kjønnsroller og mykje meir.

Bjørnar Lisether Teigen, ein av veteranane ved teateret, har skrive og regissert det heile. Utgangspunktet er det gamle eventyret der dei tre grisesyskena, Gunnar Gris (Olavus Frostad Udbye), Edel Gris (Ingrid Myhre Løvik) og yngstemann, Grismann (Bjørnar Lisether Teigen) nå har flytta heimanfrå. Taket på teateret syner seg å vere ein fin plass å bu. Gjennom eit vell av metaforar og språkleg leik som nok er mynta mest på dei vaksne og teaterkunnige, får vi presentert dei tre. Gunnar er den intellektuelle lyrikaren som har «Grease» som favorittfilm, Edel er hemmeleg forelska i Gisle Wink, og den yngste spelar fotball og elskar grisetaklingar. Slik er dei openberre metaforane, medan lenkene til Shakespeare og Ibsen er meir for dei innvigde.

Medan dei tre søv, kjem ulven Vidar Wolf (Jon Vegard Hovdal) fram. Han luktar gris, men som ein ulv med eit enormt ego, og som ein middels dansebandstjerne, er han også opptatt av å få seg eit band og gjere rockesuksess.

Naturen og instinkta går sin gang og ulven går på grisejakt. Det tar si tid for ulven er ikkje av dei mest intelligente, medan grisane, trass i sjarmerande naivitet, er ganske oppfinnsame. Men fysikk og rå makt gjer sjølvsagt at grisane til slutt blir fanga. Så syner det seg at dårskapen og ønsket om å bli stjerne er større enn svolten, og då ulven høyrer kor gode grisane er til å syngje, får mat vere mat. Han konverterer til vegetarianar og let dei tre bli boybandet sitt. Det vil seie, – Edel er jo ikkje gut, så då blir det med eitt ein artig kjønnskonflikt, og ikkje eit spørsmål om darwinisme og naturens gang.

Etter ein rekordstutt prøveperiode har dei fire på scena leika seg fram til ei kjempesjarmerande og fullstendig upretensiøs framsyning. Mykje kunne ha vore stramma inn, og det er ikkje stor dramatikk, men det har heller aldri vore meininga. Når fire gode skodespelarar leikar seg på scena, frir til publikum, morar seg med metaforar og populærkulturelle referansar, og stadig lagar litt uventa vriar, blir det god underhaldning. Det er av og til meir enn tilstrekkeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. mai 2022.)

Leave a Reply