Skremmande aktuelt

TEATER

NAKEN: Fullstendig avkledd syner Parsifal (Kenneth Homstad) oss eit menneske heilt utan empati og evne til innleving. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

«Parsifal»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Lukas Bärfuss
Omsett av: Øyvind Berg
Regi: Mina Salehpour
Scenografi: Andrea Wagner
Kostyme: Maria Anderski
Komponist: Sandro Tajouri
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Kenneth Homstad, Mira Dyrnes Askelund, Isak Holmen Sørensen, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Trond-Ove Skrødal og Wenche Strømdahl

Kva skjer når ein person utan empati og evne til medkjensle får makt?

På 1200-talet forfatta Wolfram von Eschenbach eposet «Parsifal» om ein av kong Arthurs riddarar av det runde bord, og denne riddarens jakt på den heilage gral. På bakgrunn av same historia skreiv Richard Wagner operaen med same namn, uroppført i 1882. Og i 2010 kom ei ny utgåve av forteljinga, denne gong eit drama skrive av den sveitsiske dramatikaren Lukas Bärfuss. «Parsifal» blei urframført i Tyskland for tolv år sia, og er etter det ikkje blitt spela før Trøndelag Teater nå har sett det opp på Gamle scene.

Med unnatak av teaterets eigen lysdesignar, Eivind Myren, er det kunstnarlege laget denne gongen verkeleg eit lag, og er henta frå Tyskland. Den iransk-tyske regissøren Mina Salehpour har gjennom meir enn ti år samarbeidd med komponisten Sandro Tajouri, scenografen Andrea Wagner og kostymedesignaren Maria Anderski. Saman set dei opp rundt fire produksjonar i året, og eit så tett og varig samarbeid har sjølvsagt ført til spesielt einskaplege framsyningar. Det ser ein også tydeleg med denne oppsetjinga.

Den unge riddarsonen Parsifal blir, etter at faren har døydd i eit slag, tatt med ut i skogen av mor si. Der vil ho verje han mot alt vondt og ytre påverknad. Men trass i at han eigentleg er smart, fører dette til at han blir kunnskapslaus, naiv og utan nokon kontakt med eigne kjensler. Orda blir berre forstått i den heilt konkrete tydinga, og bilde og metaforar er langt utanfor hans fatteevne. Slikt blir det sjølvsagt også mykje humor av. Etter ei tilfeldig vitjing av ein mystisk riddar, blir den unge Parsifal fast bestemt på sjølv å bli riddar, forlèt mora og legg ut på det som kunne ha blitt ei danningsreise, men som i staden blir nærast det motsette, men altså ikkje utan ein god porsjon humor.

Kenneth Homstad er Parsifal medan dei fem andre spelar alle dei ulike personane han møter på reisa. Opningsscena er like sterk som ho er symbolsk. Mora (Wenche Strømdahl) kjem berande på ein fullstendig naken son medan ho ammar han. Sårbare og utan klede kjem vi til verda, men i moras varetekt held det nakne fram for Parsifal. Slik syner Homstad oss ein naiv og fullstendig avkledd person som ikkje ser ut til å vere affisert av at alle andre har klede. Han eig ikkje innsikt, manglar fullstendig empati, og spør og grev ettersom han ikkje har noka forståing for dei enklaste bilde. Som til dømes at nokon har falle i eit slag, for då kan dei vel berre reise seg att?

Scenografien er på same tid enkel og symboltung. Gamle scene er omgjort til eit bratt og aude skråplan der eit stort hol med vatn er det einaste livgjevande, men samstundes også nettopp eit stort hol. I dette landskapet møter Parsifal mange ulike folk i fantasirike og spesielle kostyme, kraftig kontrastert av hans mangel på det same. Det er eit gamalt og myteomspunne riddarepos som ligg i botn av historia om Parsifal, men for den som vil, kan ein verkeleg dikte vidare for her er assosiasjonsrikdom så det held med parallellar til alt frå folkeeventyra til dagens politiske situasjon. Bärfuss skreiv «Parsifal» i 2010, men ein skulle tru det var skrive i mars 2022. For kva skjer når verda blir styrt av folk utan empati, og som samstundes er ganske uvitande etter lang tids isolat i sitt eige ekkokammer?

Sjølv om tolkingshøva verkeleg er mange i denne framsyninga, er det ikkje alltid like lett å forstå akkurat kva Lukas Bärfuss og Mina Salehpour vil seie oss. Og presentasjonen er tidvis vel omstendeleg og langdryg. Men undervegs blir eg grublande over kva moral er, og kva som kan fortelje oss skilnaden på rett og gale. Altså heilt eksistensielle spørsmål. Scenografi, lydbilde og kostyma gjer framsyninga til ei sanseleg og stygg-vakker oppleving. Ensemblespelet er tett og godt, dei mange skifta er ikkje til å merke, og alle tek seg god tid. Og trass i ei særs krevjande rolle, gir Kenneth Homstad oss ein fullstendig avslappa og naturleg Parsifal, nydeleg naivistisk utført og der både grov vald, kjærteikn og erotikk blir framført utan det minste teikn til medkjensle. Med dagens politiske bakteppe gir han oss ei skremmande aktuell forteljing.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. april 2022.)

Leave a Reply