Skjøre fellesskap

TEATER

DEI ANDRE: Ein må jo få forsvare seg mot dei som ikkje er som oss, eller? FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Jo mere vi er sammen»
Teatret Vårt, Molde
Av: Kjøllmoen/Vedel
Manus og dramaturgi: Henriette Vedel
Regi: Leiv Arne Kjøllmoen
Scenografi og kostyme: Freya Sif Hestnes
Med: Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik, Elias Moussaoui Anseth og Olavus Frostad Udbye

I samband med alle fellesskap er det alltid nokon som står utanfor.

Teatret Vårt i Molde held fram med å feire femtiårsjubileet sitt, og som med Arne Lygres og Mette Karlsviks «Dei som fer», er det nok ein gong med stadspesifikt teater, eller i alle fall tilløp til det. Dramatikarduoen Leiv Arne Kjøllmoen og Henriette Vedel har på oppdrag frå teateret laga ei framsyning om fellesskapets vilkår. Dei har mellom anna freista å sjå på særtrekk ved heimfylket til Teatret Vårt. Då fann dei raskt både bunadsgerilja, kamp om sjukehuslokalisering og fogderistrid, men lite sams identitet. Det måtte i så fall vere den flotte naturen.

Framsyninga «Jo mere vi er sammen» tek til med at fire skodespelarar, Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik, Elias Moussaoui Anseth og Olavus Frostad Udbye, møter oss nølande og nesten kleint. Vende mot publikum fortel dei at dei veit ikkje heilt kva dette skal bli. Men på naivistisk og ikkje minst humoristisk vis får vi vite at dei er hyggjelege menneske. Ja, for sjølvbildet vårt er jo slik. Vi er bra folk. Og vi samhandlar til felles beste. Det vil vi gjerne tru og meine. Men så er det diverre slik at når det er eit «oss», så finst det også eit «dei». Dette er det Kjøllmoen/Vedel og dei fire på scena utforskar, og dei syner kor skjøre spranga mellom fellesskap og utanforskap kan vere, kor lite som skal til før vi hamnar der vi jo ikkje skulle vere, men som vi i komisk sjølvrettferdstrong greier å lage orsakingar for. Det er intelligent, det er artig, men det er også vondt.

Freya Sif Hestnes har laga ein enkel og effektiv scenografi. Ei opphøgd scene med spilegolv syner seg etter kvart både å kunne gå i oppløysing og å bli noko heilt anna. Det same gjeld kostyma. Aktørar i sandfarga klede som i starten kan minne om avslapping, ferie og fritid, gir like fort assosiasjonar til militære kakiuniformer.

Dei fire på scena er representantar både for samstemt fellesskap og for ulike røyster. Og på vondt og illustrerande vis syner dei oss at sjølv om dei kanskje berre heiar på forskjellige fotballag, kan det vere ille nok når det eine ordet tek det andre. For orda er viktige. Utgangspunktet er å sjå om det er ei sanning bak den gamle barnevisa «Jo mere vi er sammen», men på vegen dit leikar dei seg med eit utal språklege munnhell som på humoristisk vis blir vridde og vrengde på. I eit overtydande og framifrå ensemblespel gir dei oss synkrone skift og brot, og også rom for masse ettertanke.

Kjøllmoen/Vedel slit litt med å finne ei naturleg avslutning, men i hovudsak er dette blitt ei leiken, artig og naivistisk framsyning med eit særs aktuelt og alvorleg bakteppe.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 29. mars 2022.)

Leave a Reply