Borte fann eg bygda att

TEATER

STARTVANSKAR: Inger var nok ikkje like fortruleg med høge hælar som dei allereie domestiserte sambygdingane.
FOTO: NICO HAGEN

«Heimanifrå – på høge hæle i Junaiten»
Kilden Teater, Kristiansand
Av: Rune Belsvik
Regi: Runar Hodne
Scenografi: Serge von Arx
Kostyme Ane Ledang Aasheim
Lyddesign: Simen Hefte Endresen
Lysdesign: Andreas Fuchs
Komponist og musikalsk leiar: Bjørn Charles Dreyer
Koreografi: Julie Rasmussen
Med: Ragnhild Meling Enoksen, Henrik Rafaelsen, Eirik Langås Jørgensen, Bjøro Håland, Hamza Kader, Marius Lien, Ann Ingrid Fuglestveit, Ulla Marie Broch og Isabel Toming.

Er graset grønast på den andre sida?

Frå 1820 til 1920 utvandra meir enn 800 000 nordmenn til USA, og berre Irland hadde større prosentvis utvandring. Dette er godt kjend. Men at utvandringa heldt fram heilt til utpå 60-talet, og at Agder var den regionen som stod for størst utvandring, er mindre kjend sjølv om dei fleste nok har høyrd om den merkverdige Amerika-bindinga på Lista i Farsund. Siv Ringdal, sjølv frå Lista, skreiv for fire år sia boka «På høye hæler i Amerika» basert på hennar eiga doktorgradsavhandling om same tema. Valborg Frøysnes, teatersjef ved Kilden Teater, har tatt tak i stoffet, fått Rune Belsvik til å lage teater om fenomenet, og med nennsamt musikkutval frå epokens populærmusikk er det blitt ein storslått og heilaftans musikal.

I etterkrigstidas Lista var det ikkje berre rein utvandring, men også folk som var pendlarar. Johann (Henrik Rafaelsen) jobbar i Brooklyn og kjem heim til kone og barn ein gong eller to i året. Då er det med stetsonhatt, engelske gloser og rikt med amerikagåver. Sjølvsagt smittar dette på den unge dottera hans, Inger (Ragnhild Meling Enoksen), som også vil over og søke lykka. Den meir jordnære kjærasten, Alf (Eirik Langås Jørgensen), vegrar seg mot å reise sjølv om dei skal forlove seg der borte. Inger dreg åleine, og framsyninga følgjer henne frå avreisa, gjennom overfart med amerikabåt og til livet i Brooklyn der ho får seg huspost. Og vi får sjå Ingers på same tid opne og fordomsfulle møte med både alt det gjeve og med baksidene. Det er «najlonstrømper», brødristarar og kjøleskap, men også eit tøft arbeidsliv og mykje rasisme. Draumen blir ikkje heilt som ho trudde, og sjølv om stykket ikkje har nokon fasit, er det mykje som tyder på at graset ikkje var så grønt i Junaiten lell.

Kilden har laga ei innhaldsrik hovudsceneoppsetjing i stort format. Det tek til med at Bjøro Håland, lekamleggjeringa av den norsk-amerikanske etterkrigskulturen, kjem inn og syng. I kvit dress, kvite boots og med ein Stetson på hovudet blir han gjennom framsyninga nytta som ein slags musikalsk kommentator, og det slår unekteleg an dei rette strengane. Men ensemblet står heller ikkje attende i stemmeprakt, og utvalet av songar frå klassisk country i tradisjonen frå Jim Reeves, til meir såre låtar som Kris Kristoffersons «Sunday morning coming down» levandegjer og kommenterer handlinga på framifrå vis. Med solid hjelp frå eit firemanns orkester og med imponerande framføring av ensemblet, blir det også mykje god underhaldning av songinnslaga. Ofte til enkel, men humoristisk koreografi av Julie Rasmussen.

Scenografien til Serge von Arx illustrerer effektfullt storbymiljøet i New York, og eit stillas som kan minne om bakgardanes branntrapper fungerer spesielt godt. I Runar Hodnes regi er det god personinstruksjon, og det er tydeleg kva han vil fortelje og formidle. Kanskje litt for tydeleg, for her er unødig overspel, og han kunne nok ha konsentrert seg om færre tema. Alle rollene blir spela på ein Lista-dialekt, som er lett forståeleg, og den typiske blandinga av norsk og engelsk er både herleg og sjarmerande. For egdane som kjenner kulturen, er det særs mykje attkjenneleg og publikum klappar kvar gong det kjem eit nytt «amerikaelement». Men det blir i overkant, og framsyninga blir tidvis meir ei vareoppteljing enn ei god historie. I Rune Belsviks litt for omfangsrike tekst skal alt med. Då forsvinn noko av historia og tematikken om det å bryte opp og kva det gjer med oss. Likevel blei det ei storslått og særs underhaldande oppsetjing om eit fenomen vi til nå berre har sett på som ein raritet på Lista.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. februar 2022.)

Leave a Reply