Eit liv i løgn

TEATER

ELEKTRISK: Samspelet mellom pastor Manders (Anders Dale) og fru Alving (Marianne Holter) er gnistrande og intenst. FOTO: MINNA SUOJOKI

«Gjengangere»
Rogaland Teater,
Av: Henrik Ibsen
Regi: Hanne Tømta
Scenografi: Nora Furuholmen
Kostyme: Ingrid Nylander
Lysdesign: Trygve Andersen
Komponist: Simon Revholt
Med: Marianne Holter, Anders Dale, Leo Magnus de la Nuez, Ingrid Rusten og Espen Reboli Bjerke.

Ei stram, tydeleg og velspela tolking av kva som skjer når du lever eit liv i løgn.

Alt før det heile tar til på Rogaland Teaters hovudscene forstår vi av Nora Furuholmens haustfarga og regntunge scenografi at det kviler noko tyngande og dystert over mønsterbruket der den myndige Helene Alving (Marianne Holter) regjerer. For i «Gjengangere» er det fedranes løgner som går att som ei forbanning over alt og alle. Då Henrik Ibsen i 1879 skreiv «Et dukkehjem», skapte han stor forarging ved å la Nora Helmer forlate ektemannen Torvald. Berre to år etter skreiv han «Gjengangere» nesten som ein antitese der han syner kva som skjer om Nora ikkje går. Og skapte med det endå meir forarging.

Helene Alving gifta seg til velstand og tryggleik, men kaptein Alvings utruskap og livsførsel gjorde at ho både rømde til sin gamle flamme, pastor Manders (Anders Dale), og sende sonen Osvald (Leo Magnus de la Nuez) bort alt som seksåring for å skjerme han. Den bokstavtru og lite sosialt intelligente pastoren sende henne heimatt til eit liv i løgn. Nå er det gått tjue år, og ti år sia kapteinen døydde, og ein barneheim til hans minne skal opnast. Pastoren, som har hjelpt til med formalitetane, har for første gong på ti år tatt turen ut frå byen. Og til alt overmål er Osvald vend heim frå kunstnarlivet i Paris. På overflata er det ingen sprekkar i den borgarlege idyllen. Men så får vi lag for lag avdekkja den eine løgna etter den andre. Osvald forelskar seg i tenestejenta Regine (Ingrid Rusten), og fru Alving må avsløre at Regine og Osvald er halvsøsken. Forbanninga frå kapteinen blir total når det syner seg at Osvald er døyande med ein sjukdom han truleg har arva etter faren.

I løpet av eit døgn går det meste i oppløysing, løgner blir avdekt, og alt til ein dialog og tekst eg blir like imponert over kvar gong eg ser dette dramaet. Og like ofte slår det meg kor moderne Ibsens tekst er. Her er han innom løgn og forteiing, men også så tabubelagde tema som religiøs dobbeltmoral, incest, aktiv dødshjelp og syfilis.

I Hanne Tømtas detaljrike og sikre regi blir vi haldne i eit jarngrep frå første til siste replikk. Sjeldan har eg fått presentert dette dramaet så tydeleg, klårt og poengtert, men likevel med rikelege høve til eigne tolkingar. Handling og dialog er plassert i 1880, men ved hjelp av Nora Furuholmens scenografi, og særleg Ingrid Nylanders gode kostymedesign, kan vi vere når som helst. Mellom anna går fru Alving i bukser med eit snitt som kan minne om aristokratiets ridebukser. Personinstruksjonen er framifrå og rollene tydelege der dei fem på scena representerer heilt ulike haldningar og moral. Og særleg er dialogen og samspelet mellom Marianne Holter som fru Alving og Anders Dale som pastor Manders heilt elektrisk. Båe glitrar og leverer noko av det beste eg har sett av dei. Holter er den myndige og bestemte aristokraten som utan særleg hell freistar å gjere opp med løgnene. Og Anders Dale gir oss ein dobbeltmoralsk pastor utan korkje sjølvinnsikt eller menneskekunnskap, ei rolle han balanserer hårfint på grensa mot det parodiske. At det ein gong har vore eit forhold mellom dei to, ligg i tillegg som eit uforløyst bakteppe over det heile.

Eit uvanleg brot, men samstundes eit overraskande vellukka grep er det at Simon Revholt har samla og arrangert musikk som blir framført a cappella av ensemblet ved dei ulike sceneskifta.

Rogaland Teater feirar 75 årsjubileum i år, og med «Gjengangere» som opningsframsyning i jubileumsåret viser dei korleis eit teater kan peike framover også ved å sjå attende. Det er blitt ei moderne, men likevel tidlaus og framifrå tolking av ein klassikar som syner at Ibsen er stadig like aktuell.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 23, februar 2022.)

Leave a Reply