Kor er det vi går?

TEATER

VÅTT: Vêret eller ikkje vêret, – det er spørsmålet på nordvestlandet. FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Dei som fer»
Teatret Vårt, Molde
Av: Arne Lygre og Mette Karlsvik
Regi: Mari Vatne Kjelstadli
Scenografi: Agnethe Tellefsen
Musikk: Ingvild Langgård
Med: Mari Strand Ferstad, Kjersti Botn Sandal, Ingrid Myhre Løvik, Johanna Mørck og Tov Sletta

Eit spennande dramatikarmøte og ei verdig opning av femtiårsjubileet til Teatret Vårt.

Teatret Vårt i Molde feirar femtiårsjubileum i år og gjer det med eit omfattande og ambisiøst repertoar. Først ute er «Dei som fer», der teateret har fått Arne Lygre og Mette Karlsvik til å arbeide fram ein ny tekst basert på Lygres «Jeg forsvinner» frå 2011 og Karlsviks enno ikkje publiserte «Eg byrjar».

Det er blitt eit godt møte som både grip inn i samtida, dreg linene attende, og kanskje også peikar litt framover. Arne Lygres «Jeg forsvinner» vann Ibsenprisen i 2013, og trass i mange oppføringar i utlandet er den spela berre tre gongar her i landet. Det er ein tekst med mange forteljingar, men som handlar om oppbrot og kva som skjer når det trygge forsvinn. Og i dette kan ein lese både store naturkatastrofar og meir private kriser. Handlinga er korkje tids- eller stadspesifikk, dei fem personane har ikkje namn og vi veit berre kva for relasjon dei har til kvarandre.

I Mette Karlsviks nyskrivne tekst, «Eg byrjar», trekkjer ho, med utgangspunkt i norrøn og islandsk mytologi, opp dei store linene frå verdas start. Så går ho til det meir lokale, korleis fjell og fjordar i Møre og Romsdal blei til før Fosnafolket busette seg der for 12 000 år sia. I humoristiske og kloke vendingar leikar ho seg med ord og ordspel som mellom anna at heimfylket blir forkorta til «MOR» der dette igjen blir eit bilde på moder jord.

I Mari Vatne Kjelstadlis regi, og med scenografien til Agnethe Tellefsen, er klimaet på nordvestlandet eit viktig element. Publikum vandrar via eit basseng inn på scena der vi sit i sirkel om eit svart folietekka golv. I bakgrunnen ikkje berre høyrer vi, men ser også regnvêret, og etter kvart trekkjer vatnet seg inn på scena og golvet der vi sit.

I ei ganske svart setting tar det til med vakker korsong før aktørane presenterer ei spennande mytologisk skapingsberetning om Yme, den tokjønna jotunen som blei til i Ginnungagap før verda blei skapt, og korleis alt kjem frå Inkje. Så vekslar det ganske saumlaust, men likevel forståeleg, mellom Lygres tekst og Karlsviks. Etter kvart forstår vi at det i stor grad er klimaendringane det handlar om, med stadige og nærast humoristiske brot med vêrmeldingar frå Årø flyplass. Det dystopiske og trykkjande blir understreka av vatnet, men også av ei stor sol som etter kvart heng faretrugande lågt over hovudet vårt. Scenografien er illustrerande, regien er stram, personinstruksjonen god, og det er framifrå ensemblespel.

«Dei som fer» er eit spennande møte mellom ein røynd og ein litt ferskare dramatikar. Men eg sakna meir jamvekt mellom dei to. Framsyninga blei som ei litt forkorta utgåve av Lygres tekst med mindre kommentarar frå Karlsvik. Personleg ville eg gjerne ha meir av Karlsvik, av humoren, det leikne, ordspela og innsikta hennar. For dette var lovande. Vi får håpe at lærdomen frå samarbeidet med Lygre kan få henne på tankar om å skrive meir dramatikk.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 5. februar 2022.)

Leave a Reply