Kva er det vi ser?

TEATER

AVKLEDD?: Mykje av framsyninga er som ei omstendeleg og litt naivistisk demaskering, men av kva? FOTO: ARNE HAUGE

«Iris, pupil, retina, etc.»
Rosendal Teater
Konsept, tekst og regi: Iggy Malmborg
Lysdesign: Ulrich Ruchlinski
Effektar: Leo Thörn
Med: Julie-Cecilie Solberg og Iggy Malmborg

Iggy Malmborg byr på både overraskingar, illusjonar og mykje humor, men tek seg god tid på vegen.

Den svenske teaterkunstnaren Iggy Malmborg held fram med å overraske og leike seg med både publikum, metaforar og teaterets mange uttrykksmåtar. I dei siste framsyningane hans har han, utan å fortelje ei historie eller presentere ei handling, utforska og sagt noko vesentleg om mellom anna sanning og språk, båe viktige element i ei teaterframsyning. I den førre produksjonen hans, «Things in my mouth», dissekerer han språket og semantikken på både intelligent, humoristisk og overraskande vis. I «Iris, pupil, retina, etc.», som hadde urpremiere på Rosendal Teater i helga, går han vidare i utforskinga av menneskeleg kommunikasjon og persepsjon. Denne gongen er det ikkje røysta og språket, men auget og synet som kjem under lupa.

Scenografien er ein stor kvitmåla gipsvegg med to dører. Det tar til med at ein kraftig lyskastar blir senka og saman med ein brummelyd som aukar i styrke blir lyset sett på oss i salen. Det blir kraftigare og meir intenst, vi ser ned for ikkje å miste nattsyn, og både lys og lyd blir etter kvart eit inferno som plutseleg stoppar. Etter denne ikkje heilt forståelege ouverturen, som også blir tatt opp att seinare i framsyninga, kjem vi til hovudsekvensen i framsyninga. Eller det vi trur er det. For trass i omfanget av den, syner det seg mot slutten at også denne delen berre var ei innleiing til Malmborgs eigentlege prosjekt og ærend.

I små, korte tablå, avløyst av endå stuttare sceneskift i stummande mørke, kjem dei to aktørane, Iggy Malmborg og Julie-Cecilie Solberg vekselvis fram på scena. I starten med lukka auge, og med berre minimale kroppsrørsler og mimikk. Etter kvart som tablåa skrid fram, opnar dei auga, og i den grad det i starten skjer noko, er det auga deira som gjer jobben. Gradvis, særs gradvis, og ekstremt varsamt, nesten som ei timelang demaskering, blir rørsler, mimikk og blikk tydelegare, og tidvis er det som vi kan ane eit snev av eit smil eller ein forsiktig augeflørt med publikum. Sjølv om denne bolken er fri for handling, og nesten utmattande lang, er han likevel ikkje utan stigande dramaturgi og mange overraskingar. Det er leik med optiske illusjonar som syner seg ikkje å vere det likevel. Og det er ikkje minst ein underliggjande humor vi først er usikre på, men som vi etter kvart får stadfesta. Heile denne sekvensen blir framført utan tale. I staden er det varsame rørsler, nesten umerkeleg mimikk og auga deira som er kommunikasjonen, og det i ei naivistisk presentasjonsform som er ganske sjarmerande.

Etter det vi trur er det eigentlege innhaldet, endrar framsyninga seg brått til å få både action, tale, dramatikk og langt meir openberr humor. Vi får ei pedagogisk innføring i syn og persepsjon med utgangspunkt i målaren Paul Cezannes teknikk for å illustrere kva han såg. Og vi sit att med mange spørsmål. Kva er det vi ser når auget fokuserer? Og korleis tar vi inn og prosesserer alle dei kaotiske synsinntrykka våre?

Iggy Malmborg har ein uttalt idé med framsyninga, nemleg kva det er vi ser og korleis vi organiserer og oppfattar alle synsinntrykka våre. Han er omstendeleg med å kome til poenget, og eg er ikkje viss på at eg forstår alt han vil seie, eller om han eigentleg lukkast. Midtsekvensen er som sagt nesten utmattande lang, og syner ein imponerande tillit til publikum. For trass i lengda merker eg at eg held konsentrasjonen og ikkje har lyst til å ramle av. Og etter kvart opplever eg også ørsmå nyansar og detaljar som eg gler meg over. Slik, og kanskje særleg med alle overraskingane mot slutten, greier Malmborg likevel å skape ei opplevingsrik og underhaldande framsyning der han leikar seg med både publikum og teaterkonvensjonar, der han stadig utfordrar forventingane våre, og der han til slutt presenterer eit særs humoristisk tvisyn, både bokstaveleg talt og i dobbel tyding.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 28. januar 2022.)

Leave a Reply