Nokon som manglar

TEATER

BLINDE: Mor, far og dotter, men kan dei sjå og forstå kvarandre? FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

«Dette er ikke oss»
Den Nationale Scene, Teaterkjellaren
Av: Monica Isakstuen
Regi: Annika Silkeberg
Scenografi, lys og kostyme: Jenny André
Komponist og videodesign: Fredrik Arsæus Nauckhoff
Med: Reny M, Gaassand Folgerø, Eric del Barco Soleglad, Emilie Roosmann og Thomas Bipin Olsen

Mykje av det subtile og gåtefulle i teksten forsvinn i ei litt for tydeleg framsyning.

Etter fleire år som skjønnlitterær forfattar debuterte Monica Isakstuen for to år sia som dramatikar med «Se på meg når jeg snakker til deg» på Rogaland Teater. Etter denne både overtydande og imponerande debuten har ho vore særs produktiv. I haust var det premiere på «Vi er krigere» på Østfold Internasjonale Teater i Fredrikstad. I midten av februar set Riksteatret opp ei dramatisering av romanen hennar «Mine venner» frå 2021. Og i førre veke var det premiere på «Dette er ikke oss» på Den Nationale Scene i Bergen.

Isakstuen skriv om det som vedkjem oss alle, om nære relasjonar, og ofte med særleg vekt på morsrolla. Ho set ord på det vi helst vil feie under teppet og held fram det unemnelege. Det gjer ho observant, presist, gjerne litt svart, men likevel ikkje utan humor, og i eit leikent og underfundig språk som gjer at scenetekstane hennar ofte kan lesast som god skjønnlitteratur.

I «Dette er ikke oss» følger vi ein liten kjernefamilie på fire gjennom eit etter måten heilt vanleg døgn. Dei er Mi mor, Min far, Mi syster og Min bror. Det er openbert ein som manglar, for eg-personen får vi berre små indikasjonar om undervegs. Kva har skjedd? Finst han? Har han døydd? Det gir ikkje Isakstuen eintydig svar på, og i dette litt uforløyste ligg mykje av spenninga i dramaet. Når teksten hennar har mange lag og vekslar mellom realisme og draum på eit så saumlaust vis at det er vanskeleg å vite kva som er kva, gir ho oss godt rom for sjølve å tenke, fantasere, tolke og gruble. Midt i den heilt konkrete handlinga og den tidvis ganske vonde og harde dialogen mellom dei fire, ligg det endå meir usagt.

I Teaterkjellaren i Bergen er scenografien til Jenny André ein black box med eit utal stablestolar, ein garasjeport og svarte veggar. Her er lite som kan minne om frukost, sofasitting, sykkeltur og bading. Det er like tomt som innhaldet i livet til aktørane. Slik legg regissøren Annika Silkeberg opp til ei stilisert presentasjonsform som kler teksten. Ho har også vald eit ganske ekspressivt spel med store kjensler, høgt volum og ein god del fysisk spel, men diverre også litt for tydeleg.

Dei fire ber på eitt eller anna, og dei meir eksisterer enn lever saman. Mi mor (Reny Gaassand Folgerø) har mange sakn. Det gjeld sjølvsagt den som ikkje er der, men også lengta etter å vere omsorgsfull mor for små, fortrulege barn. For Mi syster (Emilie Roosmann) er i ferd med å bli vaksen, og er ei trumpete og trassig jente i opposisjon til alt og alle. Meir forsonande er Min far (Eric del Barco Soleglad), men diplomatiet hans fell på steingrunn. Min bror (Thomas Bipin Olsen) er den varme litlebroren som vil alle vel. Trass i alderen er han kanskje den mest vaksne i familien. Det er ei dystopisk setting og ein familie i sorg. Dei søker ikkje saman, men mot konflikt, jamvel om alle utanom Mi syster nok drøymer om noko som var.

Det meste dreier seg om det vanskelege forhaldet mellom mor og dotter. Dei vil kanskje vel, men er berre vonde med kvarandre. For å få fram dette blir det tidvis spela både høglydt og fysisk. Og her er vi ved det eg oppfattar som regiens og framføringas store problem. I teksten ligg det ordspel, tolkingsrom og mykje subtilt, men i spelet forsvinn ein del av dette. Trass i mange gode einskildprestasjonar, særleg frå Reny Gaassand Folgerø, er det eit problem at alt skal vere så synleg, Som når stykket opnar med at aktørane legg ned roser som i ei gravferd. Det kan sjølvsagt gå ei kule varmt i den beste familie, men slikt byggjer seg vanlegvis gradvis opp. Her skjer det meste plutseleg og umotivert. Ein putekrig startar like brått som han sluttar, stolar blir velta, og det blir brøla i store bokstavar. Det usagte og underfundige forsvinn. I denne oppsetjinga er det ikkje berre nokon, men diverre også noko som manglar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. januar 2022.)

Leave a Reply