Mykje klokskap

TEATER

INGA HELTEROLLE: Verdsdramatikken er skriven for tenorar, og barytonar kan i beste fall spele skurken same kor god stemme dei har. FOTO: TERJE VISNES

«Vinterreise»
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Av og med Hallbjørn Rønning og Jarl Strømdal
Regi: Jon Lockert Rohde

Ei lågmælt, upretensiøs og unnseleg lita framsyning som likevel har alt som skal til for å lage godt teater.

Hallbjørn Rønning takkar av etter meir enn 50 år som skodespelar der heile 46 av dei har vore ved Trøndelag Teater, og det gjer han med klokskap og stor forteljar- og formidlingsglede. Til varsam regi av Jon Lockert Rohde, og saman med gitaristen Jarl Strømdal, har Rønning laga ei stillfarande oppsetjing der han ser på kunstens vilkår under ulike regime, samstundes som han med mykje humor byr på seg sjølv. Som Elfriede Jelineks «Vinterreise» som nå går på Det Norske Teatret, har han tatt utgangspunkt i Franz Schuberts verk «Winterreise» til eit dikt av Wilhelm Müller, men der sluttar også likskapen.

Utan annan scenografi enn to stolar og eit bord med bøker der titlane fortel litt om kva dette skal handle om, tek Rønning og Strømdal oss med på ei lang reise. Dei startar med bokbåla til Goebbels på 30-talet for så å gå til mellomalderens pavemakt og redsla for både Dante og det trykte ord. Deretter konsentrerer dei seg om Schuberts samtidige, den austerrikske fyrst Metternich og hans nitide arbeid for å sikre staten full kontroll, også over tankane. Men som Rønning seier, – idear og tankar brenn ikkje.

Dette alvorlege og dystre bakteppet kontrasterer Rønning elegant med sjølvironiske anekdotar frå eigen karriere. Hallbjørn Rønning har ein klangfull og god barytonstemme, noko publikum ofte har fått gle seg over. Men verdsdramatikken er ikkje skriven for barytonar. Førsteelskarane er tenorar, og i staden for helterollene blei Rønning som oftast skurken. Lenge vurderte han å skifte stemmeleie, men slo seg etter kvart til ro med at han i alle fall slapp å døy slik helten ofte gjer.

Hallbjørn Rønning har alltid hatt særleg sans for det tyske, og koketterer med at det var der dei laga dei beste motorsyklane. Men utvalet av songane og musikken han presenterer syner at det nok meir er Heines, Goethes og Schillers Tyskland han hentar inspirasjon frå. Lågmælt og med framifrå akkompagnement av gitaristen Jarl Strømdal gir han oss døme på alt frå Die Lorelei» av Heinrich Heine, som Rønning meiner er verdas første popsong, via Wilhelm Müller, og til Tom Jones. (!) Teater kan vere politisk, musikalsk, underhaldande, lærerikt og ikkje minst overraskande. Denne vesle unnselege framsyninga hadde faktisk det meste.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. desember 2021.)

Leave a Reply