Ei kunstnarsjel

TEATER

TUKT: Etter kvart blir frustrasjonen over Elling (Jon Lockert Rohde) dominerande for Alli (Emma Caroline Deichmann). FOTO: OLE EKKER

«Allis sønn»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Magnhild Haalke
Dramatisert av: Anne Birgitte Holtan
Regi: Fredrik Longva og Bård Lie Thorbjørnsen
Scenografi og kostyme: Både Lie Thorbjørnsen
Komponist: Hans Magnus Ryan
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Jon Lockert Rohde, Emma Caroline Deichmann, Ingrid Bergstrøm, Emil Olafsson og Trond-Ove Skrødal

Ei litt for tydeleg og omstendeleg skildring av ein gut ingen forstår seg på.

Då romanen «Allis sønn» av Magnhild Haalke (1885-1984) kom ut i 1935, var det ein heilt sensasjonell forfattardebut. Med uvanleg psykologisk innsikt leverte ho eit eksepsjonelt godt portrett av ein gut som ikkje blir sett og forstått av dei rundt seg. I fjor ga Aschehoug ut romanen på nytt, og i ei dramatisering av Anne Birgitte Holtan og i regi av Fredrik Longva og Bård Lie Thorbjørnsen var det laurdag urpremiere på Trøndelag Teater.

Ettersom «Allis sønn» er ei nesten sjokkerande lesaroppleving, tung og dyster, men på same tid så innsiktsfull, var eg ganske spent på om teateret ville klare å få fram den spesielle atmosfæren i boka. Diverre lukkast det berre delvis.

Magnhild Haalke var frå Vikna på Namdalskysten, og historia om Elling, Allis son, er lagt til ei lita øy der det bur to familiar. Alli (Emma Caroline Deichmann) bur saman med sonen Elling (Jon Lockert Rohde) og svigerforeldra (Ingrid Bergstrøm og Trond-Ove Skrødal), medan mannen hennar, Estil (Emil Olafsson), er til sjøs og berre heime kvart sjuande år. Historia tar til når Elling er fem år, og vi følgjer denne vesle familien gjennom Ellings møte med faren to år seinare då systera Tone blei til, og fram til det nærmar seg konfirmasjonsalder og neste møte med faren.

Elling er ein annleis gut, truleg ei kunstnarsjel. Han ser og diktar, er fremmeleg, men vil ikkje innordne seg. I staden for dei keisame orda på skulen, vil han fylle boka si med det han diktar sjølv. Alli er sjølvsagt glad i sonen, men ho lever på svigerforeldras nåde, og der er det ikkje mykje kjærleik for å seie det forsiktig. Slik blir ho riven mellom sonen og svigerforeldra der det etter kvart meir og meir blir frustrasjonen over sonens mange innfall som får dominere. Det er ingen som ser og forstår Elling og hans spesielle gåver, med eit lite unnatak for læraren hans. Utan at eg skal røpe handlinga, så går det som det må.

GOLDT: Eit dystert kystlandskap der vekstvilkåra ikkje er spesielt gode, heller ikkje for menneska. FOTO: OLE EKKER

Hovudscena er ein black box der Bård Lie Thorbjørnsen har laga eit enkelt kystlandskap, nake og svart der vekstvilkåra er openbert elendige, også for menneska. Det er dystert, og dei er fanga i ein evig runddans det er umogeleg å kome ut av. Alle aktørane er synlege på scena heile tida. Tre av dei spelar ei rekkje roller som dei går saumlaust ut og inn av med berre enkle endringar i påkleding. Vi godtek utan vidare både dette og at den femårige venen til Elling er ein stor mann med fullskjegg. Men der scenografien er stilisert og illustrerande og på fint vis let oss dikte oss inn i livet på øya, er dramatisering og regi langt frå like vellukka. I staden for å konsentrere seg om nokre viktige scener, er det meste frå boka med og i ei litt for tydeleg presentasjonsform som gnir det inn med tung symbolikk og dyster bakgrunnsmusikk av Hans Magnus Ryan. Resultatet er blitt både for langt, og for omstendeleg.

Der regi og dramatisering inviterer til for lite innleving, byr derimot aktørane på atskilleg meir variasjon. Emma Deichmann balanserer godt den vanskelege rolla som Alli med skifting mellom sinne, avmakt og morskjærleik. Og Jon Lockert Rohde gir oss ei eksepsjonelt god rolletolking. Han er ein godt bygd vaksen mann, men likevel trur eg på han både som den fem år gamle Elling og heile løpet til han er fjorten. Frå første entré gir han oss mimikk, fakter, augekast og veremåte med ein imponerande nyanserikdom.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. desember 2021.)

Leave a Reply