Eg og dei andre

TEATER

IKKJE SÅ GREITT: «Jeg» (Marte M. Solem) blir utfordra og kontrastert av «De andre» (Mona Huang, Bhkie Male og Vanja Kern Vestenfor) i eit tett, intenst og minimalistisk samspel. FOTO: HARALD FOSSEN

«Vi er krigere»
Østfold Internasjonale Teater, Fredrikstad
Av: Monica Isakstuen
Regi: Trine Wiggen
Scenografi: Ingrid Tønder
Kostyme: Ane Aasheim
Lysdesign: Yasin Gyltepe
Komponist og musikar: Jonas Bjerketvedt
Med: Marte Magnusdotter Solem, Bhkie Male, Mona Huang og Vanja Kern Vestenfor

Sårt, nært og på same tid både vondt og humoristisk om forhold vi alle kan kjenne oss att i.

Monica Isakstuen starta si forfattarkarriere som lyrikar i 2008, og har etter det gitt ut fleire skjønnlitterære romanar. For «Vær snill med dyrene» fekk ho Brageprisen i 2016. Då ho for to år sia debuterte som dramatikar med framsyninga «Se på meg når jeg snakker til deg» på Rogaland Teater, var det fleire enn eg som fekk hakeslepp. For sjeldan har eg opplevd ein meir komplett debut som dramatikar. Det var ei framsyning som gjorde vondt, men der eg likevel hungra etter å sjå meir.

Fredag var det urpremiere på hennar andre drama: «Vi er krigere» på Østfold Internasjonale Teater i heimbyen hennar, Fredrikstad. Og la det vere sagt med ein gong, – dette var ei minst like god framsyning som den førre.

I både romanar og drama har Isakstuen vore opptatt av nære relasjonar, å vere forelder og spesielt av morsrolla. Ho har slått hol på det idylliserande og synt at parallelt med kjærleiken kan ofte stygge og langt meir hatefulle kjensler oppstå. I «Vi er krigere» følgjer ho mykje av same tematikken samstundes som ho i større grad utforskar kva slags hårfine skilje det kan vere mellom dei som det går bra for og dei andre. Til dette nyttar ho eit særs vellukka forteljargrep der rollene er «Jeg» og «De andre». Hovudpersonen «Jeg» (Marte Magnusdotter Solem) blir kontrastert av og konfrontert med «De andre» (Bhkie Male, Mona Huang og Vanja Kern Vestenfor) i eit tett og utfordrande samspel. Og i dette grepet ligg det høve til fleire tolkingar. I utgangspunktet kan ein tenkje seg munnhellet «mine barn og andre sine ungar», men «De andre» gir også assosiasjonar til antikkens greske kor. Eller dei kan vere hovudpersonens samvit og indre røyst, eller ei terapi- og samtalegruppe. I Trine Wiggens vellukka og forsiktige regi blir vi berre ført inn i tematikken utan at svara er openberre.

Østfold Internasjonale Teater satsar i særleg grad på det som kallast stadspesifikt teater. I denne produksjonen får publikum ein oppmøtestad for så å bli bussa ut til eit lite forsamlingslokale. I salen sit vi på alle fire sider rundt eit gråmelert teppe som ein slags manesje. I fullt ljos og utan nokon spesielle effektar spelar dei fire aktørane både på teppet og i stolradene ute blant publikum. Kostyma er heilt nøytrale, det er ingen sminke, og slik glir dei fire inn blant oss andre. Det gjer det heile langt nærare, og spelestaden understrekar dette. Slike grendehus er staden der vi «fødast og døyr». Dei er ramma for dåp, fest, bryllaup og gravferd. Slik blir rommet i seg sjølv ein talande scenografi for alle livets fasettar, og vi treng ikkje meir. Eit lite, men vellukka unnatak er Jonas Bjerketvedts varsame musikalske bakteppe som gir nesten umerkelege stemningar og brot.

Isakstuens manus er bygd opp om ti episodar som «Jeg» refererer til, små historier som kvar på sitt vis fortel om kor vanskeleg det kan vere å velje rett. Dei er sjølvstendige, men heng likevel godt saman som eit heile. Trine Wiggen har kutta ein god del i dei første episodane, men samstundes i stor og imponerande vellukka lojalitet til teksten. Med eit heilt nake scenerom og utan rekvisittar eller anna å stø seg på, set det store krav til dei fire aktørane. Dei er synlege og heile tida til stades. Regi og personinstruksjon opnar heller ikkje for det store fysiske spelet, men i staden for diskré og varsam tolking. Det er eit godt grep som dei fire meistrar til fulle. «De andre» glir saumlaust frå å vere eitt til einskildpersonar der utsøkt mimikk og lågmælte replikkar gjer jobben. Marte Magnusdotter Solem leverer ei krevjande tolking der ho forsiktig og med sikker innleving syner oss dei mange ulike fasettane ved ein person som eg vil tru alle kan identifisere seg med. Det er ikkje enkelt å gjere rett. Og om du ikkje forstår kva eg meiner, så tygg litt på denne replikken: «Skjønner du ikke at mamma blir lei seg?» Attkjenneleg, og kanskje uskuldig? Ja. Men samstundes særs skuldplasserande. Slik er Isakstuens tekst. Triviell, kvardagsleg, ofte litt vond, men på same tid full av intelligente kontradiksjonar og ikkje minst ein underfundig underliggjande humor.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. november 2021.)

One Response to “Eg og dei andre”

  1. […] «Vi er krigere«Regi: Trine WiggenOg i haust var eg på eit lite grendehus utanfor Fredrikstad og såg urpremiera på Monica Isakstuens «Vi er krigere» i Trine Wiggens særs varsame regi, og i ein scenografi som ga oss ein uvanleg autentisitet. […]

Leave a Reply