Vanskeleg å henge med

TEATER

FANTASIVESEN: På reise gjennom Fantasia møter Bastian (Elias Moussaoui Anseth) fargerike og merkelege skapningar. FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Den uendelige historien»
Teatret Vårt, Festiviteten, Kristiansund
Basert på roman av Michael Ende
Dramatisert av Vera Krohn Svaleng
Regi: Ingrid Askvik
Scenografi, kostyme og masker: Johanna Dahlbäck
Musikk og lyddesign: Matias Askvik
Lysdesign: Jonas P. A. Fuglseth
Med: Elias Moussaoui Anseth, Sigrid Alnæs, Kristoffer Egset og Eline Øverby

Ei mengd fantasirike skapningar og vesen, men forteljinga kunne nok ha greidd seg med færre for å bli meir forståeleg.

Romanen «Den uendelige historie» av den tyske forfattaren Michael Ende blei gitt ut i 1979 og blei raskt ein klassikar innan fanatsy-sjangeren. Allereie i 1984 blei historia filmatisert med ein tittellåt av Limahl som blei ein megahit. Slik skulle ein tru at forteljinga om Bastian og reisa hans i landet Fantasia skulle vere godt kjend. Men dette er ei barne- og ungdomsbok, og eg er ikkje overtydd om at dei yngste generasjonane i dag er heilt oppdaterte. Når Teatret Vårt i Molde nå har dramatisert romanen og sett han opp for barn frå seks år og oppover, er det eit openbert problem at ein bør kjenne historia for å greie å henge med. Etter ein dryg halvtime i Festiviteten i Kristiansund sundag var det diverre meir enn tydeleg at fleire og fleire i salen ramla av og blei meir opptekne av anna enn det som skjedde på scena.

Bastian Balthasar Bux er elleve år, eit mobbeoffer, morlaus og med ein far som er lite til stades. Bastian snakkar med seg sjølv og trivst nok best åleine. På scenekanten, der eitt eller anna snart skal skje, finn han ei tjukk bok som heiter «Den uendelige historie», lurer henne unna frå inspisienten og tar til å lese. Og han blir fort oppslukt av forteljinga om draumelandet Fantasia der keisarinna i elfenbeinstårnet er blitt alvorleg sjuk. Med sjukdomen hennar er det fare for at det også går nedover med Fantasia. Ungguten Atreju skal saman med ulike fabelvesen og ein medaljong redde keisarinna, og etter kvart går også Bastian inn i handlinga og blir del av henne før han til slutt reddar keisarinna og dermed også landet Fantasia.

Elias Moussaoui Anseth spelar på truverdig vis ein nysgjerrig og drøymande Bastian. På den lange reisa gjennom Fantasia møter han eit utal vesen og dyr som blir spela av dei tre andre aktørane, Sigrid Alnæs, Kristoffer Egset og Eline Øverby. I Johanna Dahlbäcks scenografi er scena eit skråplan av eit nettverk som det både er mogeleg å gå på, og å forsvinne gjennom. Det fungerer berre delvis for å illudere Fantasia, men høvet til å forsvinne er heilt naudsynt, for eg kan knapt hugse å ha sett ei framsyning med så mange sceneskift. Dahlbäck er også ansvarleg for alle dei flotte maskene og kostyma som dei tre tar av og på i høgt tempo. Mykje blir påtrengjande synleg, og alle skifta tek merksemda frå handlinga. Forteljinga er i utgangspunktet ei komplisert historie, og regissøren, Ingrid Askvik, kunne med fordel ha forenkla og kutta i staden for å ta med alle elementa. For i staden for å bli ei opplevingsrik reise inn i fantasilandet, blei denne framsyninga eit oppstykka møte med alt for mange vesen og figurar som aldri fekk nok tid til å vise kven dei var og kva dei stod for. Det er synd for dei fire på scena gjorde verkeleg ein iherdig innsats med alle sceneskifta og dei ulike rollene dei gjekk ut og inn av.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 28. oktober 2021.)

Leave a Reply