For ei gåve!

TEATERKONSERT

SANSELEG EKSPLOSJON: I musikk- og teaterframsyninga «Driv» blir det skapt overveldande multimediale inntrykk. FOTO: KRISTIAN WANVIK

«Driv»
Tørrdokka, Nedre Elvehavn, Trondheim
Av: Cirka Teater og Trondheim Kammermusikkfestival
Regi: Anne Marit Sæther, Gilles Berger og Espen Dekko
Scenografi: Gilles Berger
Komponist: Ståle Storløkken
Koreografi: Loan TP Hoang
Kostyme: Ina Sæther Berger
Lyddesign: Tor Breivik
Lysdesign: Sune Schjelderup
Musikarar: Ståle Storløkken, Tor Andreas Haugerud, Kyrre Laastad, Trondheim Voices og Luftforsvarets Musikkorps
Med: Celine Meillaud, Loan TP Hoang, Rebecka Lange, Karoline Bergh Ellingsen, Marie Rechsteiner, Gilles Berger, Espen Dekko og Paal Viken Bakke

Trondheim Kammermusikkfestival feirar 25-årsjubileum eitt år på overtid med ei multimedial gåve som går utanpå det meste.

Frå starten i 1984 har Cirka Teater med kunstnarparet Gilles Berger og Anne Marit Sæther forundra og gledd teaterpublikum både her i landet og utanlands. Der Gilles Berger lagar magisk scenografi som til og med kan oppheve tyngdekrafta, tryllar Anne Marit Sæthers regi fram poetiske og visuelle forteljingar. Dei har i alle år vore med på å sprenge grenser og har samarbeidd med mange ein ikkje er vande med å sjå i teatersalongane. I framsyninga «Hundre hemmeligheter» på Trøndelag Teater i 2014 var vokalgruppa Trondheim Voices med og improviserte fram lyd og musikk i sanntid med heilt nyutvikla teknologi. Og i «Verkstøy» (eller «Musika Mobile») i 2009 var Luftforsvarets Musikkorps ein særs aktiv ingrediens i ei spektakulær framsyning.

Då Trondheim Kammermusikkfestival i fjor feira 25-årsjubileum skulle det markerast med ein storslått produksjon i regi av Cirka Teater, På grunn av pandemien blei det heile utsett, og i løpet av året har framsyninga både utvikla og endra seg. Fredag var det omsider premiere på det som blei ei meir enn verdig markering av kammermusikkfestivalen og i tillegg ei feiring av at det endeleg er lov å fylle benkeradene på landets mange kulturarenaer. Med to gratisframsyningar for eit kulturhungrig publikum fredag og laurdag blei det sett eit sterkt og imponerande multimedialt punktum for halvtanna års kulturell ørkenvandring. Og for ei gåve det blei!

I den gamle tørrdokka på Nedre Elvehavn, der ein på Trondhjems Mekaniske Verksted i nærare hundre år bygde skip, fekk vi nå presentert ei spektakulær og sanseleg oppleving, – teater, konsert, kunstinstallasjon, eller kall det kva du vil. I det 40 cm djupe bassenget var det plassert sju ulike installasjonar, der tre av dei var flåtar for Tor Haugerud og Kyrre Laastad, på slagverk, og for komponisten sjølv, Ståle Storløkken, på tangentar og synt. Dei fire andre flåtane kunne gi assosiasjonar til skipsverftet og minne om både vrakgods og rekved, men også om øydelagde musikkinstrument. Til den suggererande og mektige musikken til Ståle Storløkken kom songarane frå Trondheim Voices og skapte sitt særeigne lydbilde der dei, kledd i kutter som kunne føre tankane til «The Handmaid’s Tale» tok seg fram gjennom vatnet saman med ei rekkje dansarar.

Eg skal vakte meg vel for å kome med tolkingar av kva dette var, men personleg oppfatta eg det som noko post-apokalyptisk, og kanskje eit forsøk på å attreise ein normalitet etter krisa, pandemien eller kva det måtte vere. Og eg såg både konflikt og forsoning, og ikkje minst ein viss framtidsoptimisme trass alt. Men her er det ope for å tolke som ein vil, for først og fremst var dette ei heilt uvanleg sterk sanseleg oppleving.

Midtvegs i det heile kom Luftforsvarets Musikkorps under leiing av dirigenten Torodd Wigum, meir vassande enn marsjerande, og i tillegg med bind for auga. Og med eitt blei dansarane som ein ingeniørtropp som laga veg i vellinga og bygde provisoriske gangbruer for musikarane av det som før berre blei oppfatta som vrakgods og rekved. Så var det kanskje likevel mogeleg å lage ein viss orden ut av kaoset? Slik endra Gilles Bergers scenografi seg og blei på eit sinnrikt vis med på å møblere det enorme scenerommet.

Framsyninga «Driv» varte i berre 45 minutt, men på grunn av kompleksiteten, det multimediale og alle sanseinntrykka kjendest det som ei heilaftans oppsetjing. Og finalen, då mørket hadde senka seg over dokka og lyssettinga kom til sin rett, blei ein overveldande eksplosjon av alt som kan påverke sansane dine. Dei som gjekk glipp av denne heilt spesielle oppsetjinga, kan sjå henne i NRK-programmet «Hovedscenen» i slutten av oktober.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. september 2021)

Leave a Reply