Blikket nedanfrå

TEATER

INNESTENGD: Frå eit husvære som treng desperat til utlufting får vi presentert Oskars liv og utanforskap i eit sterkt oppgjer med Tysklands nære fortid. FOTO: ØYVIND EIDE

«Blikktrommen»
Nationaltheatret, Malersalen
Av: Günter Grass
Omsett av: Trygve og Aud Greiff
Dramatisering og regi: Kjersti Horn
Scenografi: Sven Haraldsson
Lyddesign: Erik Hedin
Lysdesign: Marte Elise Stormo
Med: Olav Waastad

Olav Waastads presentasjon og tolking av Oskar i «Blikktrommen» er ein nesten umenneskeleg skodespelarprestasjon.

Då Oskar Matzerath fylte tre år fekk han ei blekktromme. Samstundes bestemte han seg for å slutte å vekse og å protestere mot alt dei vaksne stod for. Med eit blikk nedanfrå (i dobbel tyding) ser han på og kommenterer samtidas Polen og Tyskland. Og med eit skrik som kan knuse glas og med manipulerande trommespel, får han makt over dei vaksne. Slik fekk forfattaren Günter Grass, med eit heilt uvanleg perspektiv, sagt noko vesentleg om framveksten av nazismen, krigen og åra etter. Romanen «Blikktrommen» frå 1959 er blitt eitt av Tysklands viktigaste litterære oppgjer med fortida, og var ein av fleire grunnar til at Grass fekk Nobelprisen i litteratur i 1999. Volker Schöndorffs filmatisering frå 1979 vann både Oscar og Gullpalme, og romanen er dramatisert og sett opp på fleire teater over heile verda.

Nå har Kjersti Horn gjort ei ny dramatisering for Nationaltheatret. I romanen er det ein 30 år gamal Oskar, innlagt på eit asyl, som ser attende på sitt eige og familiens liv den første halvdelen av nittenhundretalet. Kjersti Horn plasserer i staden Oskar i eit typisk og slitt mellomkrigshusvære rett etter krigen. Og ho presenterer det heile som ein monolog, eller som eit kraftig dramatisert forteljarteater der Olav Waastad er åleine på scena som Oskar. Med ein utruleg energi held han oss i age i nesten tre timar utan pause.

Som i romanen blir historia fortald og framført i både 1. og 3. person, gjerne i same setning. Det gjer at Oskar blir både ein forteljar og ein deltakar. Forteljinga går kronologisk frå besteforeldra på målerisk vis produserer mora til Oskar, fram til han sjølv blir til i 1924, litt uvisst med kva for far, og gjennom oppvekst, nazismens framvekst og fram til krigens slutt. Her sette Grass ord på mykje av det som skulle gløymast, og han gjer det på eit vis og med scener som på same tid er både motbydelege og fascinerande. Alt dette er framifrå tatt vare på i både dramatisering, Kjersti Horns regi og ikkje minst i Olav Waastads spel. Kledd i berre ei alt for stor truse som kan minne om ei bleie, beveger han seg rundt i det vesle klaustrofobiske universet sitt. Med Waastads spesielle register, evna til satiriske absurditetar, komikk og karakterspel nærast i same stunda, er han som skapt for denne rolla. Med ein ufatteleg og ustoppeleg energi og i tillegg mykje fysisk spel formidlar han eit utal fasettar. Aldri har eg sett ein slik kraftprestasjon på eit teater.

Scenografien til Sven Haraldsson er eit autentisk, innhaldsrikt og detaljert husvære med nokre få ingrediensar frå i dag som effektfulle brot. Ein plastskjerm skil oss frå scena. Den understrekar titteskapet, det innestengde og ikkje minst Oskars utanforskap. Og for den som gler seg over detaljar, har Haraldson også sett inn eit bur med kanarifuglar slik dei gjorde før i tida for å varsle om når lufta blei for dårleg i gruvene. For her er ikkje mykje frisk luft.

Framsyninga er både grotesk, fascinerande og vakker på same tid. At denne kombinasjonen blei så vellukka skuldast også Erik Hedins lyddesign som nesten umerkeleg skapar situasjonar og stemningar.

Å dramatisere romanar er ikkje enkelt, og spesielt ikkje ein med så mykje tekst. Kjersti Horn følgjer boka og er tru mot det meste, men særleg mot slutten kunne nok meir ha vore stroke for då forsvann noko av den ekstreme intensiteten frå opninga. Ein intensitet som gjorde denne framsyninga til ei heilt spesiell teateroppleving.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 25. september 2021.)

One Response to “Blikket nedanfrå”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    God anmeldelse og flott teater!

Leave a Reply