På tur med Dante

TEATER

SKJÆRSELDEN: Dante (Matteo Fargion) tek oss med på ei innhaldsrik, underhaldande og humoristisk reise gjennom eitt av dødsrika. FOTO: ARNE HAUGE

«Bad Dante Bad English Bad Opera»
Rosendal Teater,
Av: Spreafico Eckly og Matteo Fargion
Tekst og regi: Andrea Spreafico
Musikk: Matteo Fargion
Musikarar: Björn Guo, Stefan Penjin og Live Sunniva Smidt
Med: Matteo Fargion, Robert M. Johanson, Francesca Fargion, og Martha MacBean

Ein minimalistisk kammeropera som leikar seg med tekst, nyansar og humor.

For to år sia gjesta det Bergensbaserte kunstnarparet Spreafico Eckly Trondheim med urpremiere på framsyninga «Footnote # 12». Der tok dei for seg eit essay om Wimbledonfinalen i 2006 mellom Roger Federer og Rafael Nadal og dissekerte denne teksten ned til fotnotenivå. Ei framsyning ein skulle tru ville bli berre for dei heilt spesielt interesserte, men som blei ei gåvepakke til alle som er glad i litteratur og rikdomen i språket. Nå er Spreafico Eckly attende med nok ein urpremiere på Rosendal Teater, og denne gongen med ei vandring i ein endå meir ikonisk tekst, nemleg Dantes «Den guddommelege komedie».

Florentinaren Dante Alighieri (1265-1321) skreiv «Den guddommelege komedie» dei siste åra av livet sitt. Eposet er bygd opp i tre delar (Helvete, Skjærselden og Paradiset) og hundre songar (canti), og handlar om Dantes eige besøk i dei tre dødsrika nokre påskedagar i 1300 der han har med seg den romerske diktaren Vergil som vegvisar.

I oppsetjinga til Spreafico Eckly er det dei ni første songane i kapittelet «Skjærselden» som blir presentert. Tittelen «Bad Dante Bad English Bad Opera» er nok meir humoristisk meint enn å leggje lista lågt, for dette er korkje lettvint, «Dante for dummies» eller spesielt dårleg. Tvert om. Andrea Spreafico har nyskrive dei ni songane som ein libretto til ein kammeropera der den britiske komponisten og artisten Matteo Fargion har skrive musikken.

På ei stor ope scene utan noka form for scenografi blir operaen framført av fire songarar til musikk av tre strykarar, alle synlege på scena. Publikum får utdelt librettoen, og med lyset på i salen kan vi følgje den engelske teksten. Utan lyssetting og på ei stor scene med berre nokre videoprojiserte ord på eit bakteppe, kunne ein tru dette ville bli ganske flatt. Og rett nok tok det litt tid å kome inn i det heile. Men så, litt etter litt fell ein inn i rytmen og kan kose seg med både musikken, framføringa, teksten og ikkje minst humoren. Og etter halvannan time og ni songar, skulle eg gjerne ha fått presentert også resten av «Skjærselden».

Komponisten Matteo Fargion framfører sjølv Dante, og som vegvisaren Vergil har han følgje av Robert M. Johanson, som har gjesta Norge mange gongar som del av det amerikanske kompaniet «Nature Theater of Oklahoma». Operaen er ein litt naivistisk interaksjon mellom desse to, og der Francesca Fargion og Martha MacBean spelar dei ulike figurane Dante og Vergil møter. I Andrea Spreaficos regi, er det nok ein gong ordet og litteraturen som er det viktige. Då blir også det vesle som er av fysisk teater og særs forsiktig koreografi desto sterkare. For som i tidlegare produksjonar lagar Spreafico Eckly teater som leikar seg med det språklege, nyansar i teksten og ikkje minst humor. Framsyninga er ein slags parafrase over «Den guddommelege komedie» med artige brot, litt metateater, og avstikkarar både til Shakespeares Verona og vertsbyen for urpremieren. Musikken kan i starten verke noko monoton og repeterande, men som det meste i denne framsyninga endrar inntrykket seg raskt, og mot slutten er det nesten så ein nynnar med. Tre solide strykarar gir fint tonefølgje, og dei fire aktørane på scena er både dyktige songarar og skodespelarar. Denne kammeroperaen er nok eit prov på at ein kan skape stor scenekunst utan store geberdar eller mykje staffasje.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. september 2021.)

Leave a Reply