Når alt går gale

TEATER 

FORTVILA: Det er natta før premiere, ikkje noko er på stell, og regissøren er oppgitt. FOTO: DAG JENSSEN

«Panikk i kulissene»
Teater Manu
Studioscena, Trøndelag Teater
Av: Michael Frayn
Omsett av: Carl Jørgen Kiønig
Regi: Mira Zuckermann
Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: Anette Werenskiold
Koreografi: Stian Danielsen
Med: Ipek D. Mehlum, Ronny Patrick Jacobsen, Mette Marqvardsen, Alexei Svetlov, Casper Lund, Marita S. Barber, Anne-Line L. Kirste, Kevin Eide Edvardsen og Carola Insolera.
Stemmeskodespelarar: Kjersti Fjeldstad og Marit Synnøve Berg.

Teater Manu feirar 20-årsjubileum med å setje opp ein særs krevjande farse.

Teater Manu er heile landets teiknspråkteater, og feirar i år 20-årsjubileum. Gjennom alle desse åra har Mira Zuckermann vore teatersjef. Nå går ho av, og som ein kombinert avskils- og jubileumsframsyning har ho vald seg farsen «Panikk i kulissene» («Noises Off») av den britiske dramatikaren Michael Frayn. Stykket hadde urpremiere i 1982, og har sia vore sett opp verda rundt. Teater Manus versjon er eit nordisk samarbeid og hadde premiere på Trøndelag Teater torsdag før det skal turnere i Sør-Norge, og så i Sverige og Finland seinare på hausten.

Komediar av denne typen set store krav til presisjon og timing, og replikkane skal kome hurtig som maskingeværeld. Når dette i tillegg skal gjerast med teiknspråk og med berre to taleskodespelarar som les alle replikkane for dei av oss som er høyrande, seier det seg sjølv at oppgåva er nesten umogeleg. Men med sterkt fysisk spel og mykje energi greier Zuckermann og ensemblet likevel å gjere det til ei ganske underhaldande framsyning.

Handlinga går ut på at eit langt under middels godt teaterkompani skal setje opp ein farse. Gjennom tre akter følgjer vi kompaniets generalprøve, premieren og turnelivet. Første akt er siste prøve natta før premiere, og vi møter ein regissør utan kontroll og eit ensemble som ikkje tar regi. Dei hugsar ikkje replikkar og blir rivne av indre intrigar, sjalusi og det som verre er. I Gjermund Andresens enkle og funksjonelle scenografi er vi i stua i eit herskapshus der trapper og dører byr på entrear og sortiar i heseblesande tempo. I andre akt blir scena snudd, og vi opplever premieren frå baksida av scena. Og i tredje akt er vi attende som publikum i salen, langt ute i turneen. Då skulle ein tru at det meste hadde gått seg til, men slik er det ikkje og framsyninga blir heilt surrealistisk.

Meir metateater enn dette er det vanskeleg å få til, for stykket er ein farse om å setje opp ein farse og alle dei komplikasjonane som då kan oppstå. Dagens situasjon har gitt nok eit lag til historia, for på grunn av pandemien og skodespelarar frå fleire land, har mykje av prøvene gått på Teams. For skodespelarar og alle som er knytte til teateret, er historia særs attkjenneleg. Eg trur kanskje det er grunnen til at stykket blir spela så mykje, for teksten er eigentleg  ikkje spesielt god. Den manglar dei store poenga, og er nok litt for intern.

I Mira Zuckermanns regi er det høgt tempo, raske skift og god personinstruksjon. Men trass i godt og energisk spel, har framsyninga likevel nokre problem. Spesielt i andre akt, når vi er backstage, blir det for lite framdrift og med det tapar oppsetjinga seg både i intensitet og dramaturgi. Denne produksjonen er laga for turné, og det gjer at ho må passe inn på mindre scener. Det ga eit intimformat der vi kom tett på aktørane i dobbel forstand, og denne nærleiken kledde framsyninga. Det ni personar store ensemblet spela sterkt fysisk teater med mykje mimikk, hurtige skift og kledeleg overspel. Stundom var geberdene og det fysiske så omfattande at dei blei nesten som små danseopptrinn. Både koreografien, timinga og ikkje minst det energiske spelet meistra aktørane godt. Eg må også få trekkje fram dei to taleskodespelarane som las alle replikkane, – presist, i høgt tempo, og med ni ulike røyster.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 21. august 2021.)

Leave a Reply