Det er den draumen…

TEATERKONSERT

HEFTIG: Med så rå musikk må vegen liggje open heilt fram til Wembley, eller? FOTO: VIKTOR MAUREN

«Fra småby til Wembley»
Molde kulturscene
Idé, manus og regi: Eldrid Schrøder Kvalvik
Scenografi og koreografi: Geir Baldersheim Leirvåg
Med: REVOLT (Ulrik Bolsønes – vokal og tangentar, Herman Jørundsønn Mjåseth – gitar og saksofon, Sigurd Skjølberg – bass, Nikolai Gagnat – slagverk og Emil Vold – gitar)

Å setje seg urealistiske mål kan sjølvsagt vere drepande, men det kan og gi ein boost til å gjere det umogelege.

Det er lov å drøyme og setje seg ambisiøse, og kanskje heilt urealistiske mål. Åge Alexandersen fekk spele i Royal Albert Hall og Steffen Iversen blei spiss i Tottenham. Fem gutar frå Molde har sia siste år på ungdomsskulen spela i band. REVOLT kallar dei seg, og etter fem år, ein plateproduksjon og mange konsertar, presenterer dei nå ein teaterkonsert med den hårete tittelen «Fra småby til Wembley». Torsdag var det urpremiere på Molde kulturscene, og sjølv om denne meldaren neppe er i målgruppa, let eg meg likevel sjarmere og tidvis også rive med av desse modige, litt rå, uslipte og tidvis noko keitete unggutane som vil så mykje, – og som stundom også får det til.

Eldrid Schrøder Kvalvik er teaterpedagog, instruktør og dramatikar, busett i Ålesund. Etter å ha følgd REVOLT ei tid, fekk ho for halvtanna år sia ideen til å lage eit rocketeater om og med gruppa, om prosess, ambisjonar, jobbing, nedturar, indre konfliktar og alt anna som høyrer med i dynamikken rundt eit slikt band. Gutane var med på notane, og etter halvtanna år med utarbeiding av manus, skriving av nye låtar, kopling av manus og songar, øving, regi, koreografi og alt anna som skal til, og som sikkert er heilt uvand for fem 20-årinagr som berre vil spele musikken sin og ha eit publikum, var framsyninga nå premiereklår.

Settinga er ein konsertrigg med heftig lysbruk, og der scenografien i hovudsak er nokre podium og ei rekkje flightcases som synte seg å kunne nyttast til mykje anna enn å frakte utstyr. Det heile opnar med at vokalisten (Ulrik Bolsønes) framfører ein monolog om kor vi er, at vi er på Wembley med 90 000 på tribunane, med forventningar på brestepunktet både hjå musikarane og oss i salen. Så dundrar det laus musikalsk (bokstaveleg talt) med ganske heavy rock.

Deretter tek dei fem oss med på ei reise gjennom sin eigen prosess frå dei var unge fotballspelarar og wannabees som i 10. klasse på ungdomsskulen fann ut at det var musikk som var greia. Vi følgjer dei fem gjennom øvingar, jakta på den perfekte lyden, indre konfliktar av ulike slag og den gruppedynamikken som kan vere typisk for eit tenåringsband. Dei er nådelaust ærlege med seg sjølv, legg ikkje skjul på noko, – dei veit dei er gode, det er berre å få vist det og få oss andre til å forstå det. Og alle desse tablåa er sydd saman med eigenprodusert musikk som delvis står til dei tema dei omtalar. Geir Baldersheim Leirvåg har hatt ei heldig hand med koreografien og eit sjølvironisk og særs humoristisk innslag der dei var, eller parodierte, eit boyband, var ein konfekt av ei lita framsyning i framsyninga.

Eldrid Schrøder Kvalvik har jobba tett på dei fem, og teksten er openbert skrive i nær dialog med dei. Gjennom tekstane, tablåa og fleire monologar kjem vi tett på musikarane, og tidvis er personinstruksjonen imponerande. Men stundom blir det berre eitt gear, høgt stemmeleie og lite variasjon i framføringa. Det skulle eigentleg berre mangle, for dette er tjue år gamle rockemusikarar som først og fremst vil uttrykke noko med musikken og ikkje gjennom sceneflinke monologar. Men så er dei sjarmerande sjølvironiske, som når bassisten har framført ein nokså monoton monolog, og dei andre drep han med kommentaren: Du snakkar berre i Caps Lock, du! Men det er også vakre, vare scener som mellom anna ein liten skeiv episode eg ikkje skal røpe meir om.

Trass i tekst og dramatisering, er det likevel sjølvsagt musikken som er omdreiingspunktet i framsyninga, og den alt handlar om. Her var forbausande stort musikalsk spenn frå heftig heavy rock der det ikkje var så viktig kva for dur dei spela i, berre det gjekk fort (!), og til såre, blå balladar. Eit stort pre er det sjølvsagt at vokalisten, Ulrik Bolsønes, har ei uvanleg flott stemme, men også dei andre synte solid musikalsk kompetanse der eg sjølv spesielt beit med merke i Herman Jørundsønn Mjåseths kjenslevare saksofonsolo, og ein heftig trommesolo frå Nikolai Gagnat. Trommisen Gagnat synte dessutan at han ikkje berre kunne handtere trommestikkene, men også hadde gode talent som skodespelar.

Gjennom denne reisa frå småbyen Molde til Wembley i London kjem vi i finalen attende til tema frå opningsmonologen. Ringen er slutta. Men så synte det seg at vi ikkje var på Wembley likevel, og at det faktisk er heilt greitt.

REVOLT er fem uslipte diamantar som sjølvsagt korkje er fiks ferdige musikarar eller låtskrivarar, og definitivt ikkje skodespelarar. Men dei har tatt meg med på ei reise, ikkje til London, men til seg sjølve. Den reisa var minst like interessant. Dei sjarmerte meg, spesielt med å vere så rå, opne og ærlege, og dei spela god musikk. Eigentleg skal ein ikkje forlange så veldig mykje meir. Og eg trur at målgruppa på 13 til 25 vil finne mangt å gle seg over og kjenne seg att i. Eg vil håpe at denne framsyninga kan få høve turnere og bli vist for fleire enn berre blodfansen i Molde.

Leave a Reply