Ein ideell statsminister?

TEATER

SKAPINGA: Med hjelp frå salen, algoritmar og lynrask dataprosessering får «Bonnie» etter kvart menneskelege trekk.
FOTO: ELIAS BREKKE SOLBERG

«AI-partiet»
Byscenen, Trondheim
Konsept: Bombina Bombast, First Kiss Production, Center for Everything og Triage.
Manus: Emma Bexell
Regi: Sjur Marqvardsen
Regi og videodesign: Stefan Stanišić
Interaksjons- og videodesign: Jesper Berger
Scenografi og kostyme: Svante Back
Med: Vilde Bodsberg, Lars August Jørgensen, Thea Borring Lande, Håvard Gressum Antonsen og Fredrik Thorvaldsen Stangeby

Interaktivt og utfordrande om korleis kunstig intelligens kan gi oss ein statsminister med andre lyte enn dei menneskelege.

Korleis kan ein bli kvitt krig, miljøkatastrofar, svolt, undertrykking og urettvise? Nå er løysinga her, takk vere teknologiske nyvinningar, data, algoritmar og kunstig intelligens. AI-partiet (artificial intelligence) presenterer seg framfor valet i haust med sikte på å vinne regjeringsmakt om fire år. Partiet er i ferd med å skape ein kunstig intelligent statsministerkandidat, ein som vil alle vel, som ikkje kan lyge og som ikkje let seg korrumpere. Det kan vel høyrest ut som ei god løysing. Eller?

I dette samarbeidsprosjektet mellom Malmø Stadsteater og Festspela i Nord-Norge, blir vi som publikum invitert på valmøte der kontrollfriken Gloria (Thea Borring Lande) og den langt meir avslappa Robert (Lars August Jørgensen) presenterer det nye partiet. Vilde (Vilde Bodsberg) frå fylkeskommunen er entusiastisk vertskap. Den digitale statsministerkandidaten er ennå i støypeskeia, og med diverse innspel frå salen, algoritmar og lynrask dataprosessering, er vi med på å skape «Bonnie», ei kvinne med evner og dømmekraft, for ikkje å snakke om ei hurtigheit, som vi andre berre kan drøyme om.

Framsyninga er teknisk komplisert, og det ligg imponerande data- og videoanimasjonar bak i tillegg til at vi med interaktiv bruk av smarttelefonane våre blir med på å forme haldningane til Bonnie. Her kan svara sjølvsagt endre seg stort frå gong til gong, avhengig av kva slags verdiar publikum, eller referansegruppa har. Eg skal ikkje røpe korleis det går på valmøtet, men som allereie doktor Frankenstein oppdaga for meir enn 200 år sia, kan det vere skummelt å lage kunstige skapningar.

Med big data og algoritmar som styrer og veit meir enn godt er, er ideen bak denne framsyninga både overmoden og særs god. Tekstgrunnlaget kunne nok ha vore betre, og dramaturgien er ikkje alltid stram nok. Men det tekniske som ligg bak, er verkeleg dyktig laga, spesielt dei illustrerande animasjonane der Bonnie gjekk frå å vere nokre binære symbol til å bli eit andlet og ein kropp. Men også det interaktive er godt gjennomført, og med eit yngre publikum, og dermed den rette målgruppa i salen, trur eg denne delen kan ta heilt av. Ettersom publikums svar og hjelp til å forme Bonnie ikkje er gitt, kan framsyninga ta mange vegar, og her var ensemblets evne til å improvisere imponerande. Godt var det også å få utfordra våre eigne fordommar.

Framsyninga skal spelast på Salt i Oslo i oktober, på Sentralen våren 2022 og truleg etter kvart på Den kulturelle skolesekken.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 7. august 2021.)

Leave a Reply