Ei sanseleg oppleving

PERFORMANCE

SAMSTEMT: Sju ekstremt samspela aktørar ga denne meldaren ei sanseleg oppleving av dei heilt sjeldne. FOTO: VERONIKA SUND

«Vástádus eana – The answer is land»
Festspillene i Nord-Norge, Harstad
Av Elle Sofe Sara
Komponist: Frode Fjellheim
Koreografi: Elle Sofe Sara med assistanse av Alexandra Wingate
Scenografi: Elin Melberg
Kostyme: Ramona Salo
Lysdesign: Øystein Heitmann
Lyd: Håkon Pettersen
Med: Sara Marielle Gaup Beaska og Kajsa Balto, (joik), Olga-Lise Holmen og Greta Daling (song), Julie Moviken, Emilie Marie Karlsen og Nora Svenning (dans)

Når joik, dans og lys smeltar saman som i denne framsyninga, så blir det ei sanseoppleving av dei heilt sjeldne.

Opningsframsyninga under årets festspel i Nord-Norge var «Vástádus eana – The answer is land», ei oppsetjing med dans, song og joik laga av Elle Sofe Sara, årets festspelprofil. I programmet heiter det at framsyninga skulle ta publikum med på ei dans-joik-vandring i Harstad der vi gjennom dans og joik skulle reflektere over krafta i å stå saman om noko og medvitet om den jorda vi står på og deler. Ei ambisiøs målsetjing som synte seg å bli oppfylt og vel så det.

Før eg kjem med mi eiga oppleving av dette kunstverket, for det var det det var, må eg kome med ei innrømming. Eg har meld teater i mange år, og har ikkje problem med å meine noko om korkje koreografi, song, musikk eller joik for den del når det er del av ei teaterframsyning. Men når det er snakk om reine danseoppsetjingar, konsertar, berre song eller joik, får eg problem og kjenner at eg manglar språk. Og eg sit nok også ganske fast i det at eg helst vil forstå det eg opplever. Sjølv om eg kan gle meg over estetikk, rytme, bilde, musikk, så har eg vondt for å setje ord på det. Med dette som bakteppe møtte eg opp på kaia utanfor kulturhuset i Harstad utan tanke på at dette var noko eg skulle meine noko om. Eg skulle berre oppleve det som del av den rike og spesielle atmosfæren som er i Harstad desse festspeldagane. Men så blei eg berre slått i bakken av kor vakkert, gripande, sanseleg og flott denne framsyninga var. Og uakta kor språkfattig eg måtte vere, kjende eg likevel at dette berre måtte eg fortelje lesarane om.

Opninga blei litt amputert, for i staden for ei vandring, blei det ei samling utanfor Norges arktiske universitet der vi med strengt smittevernregime blei delte inn i grupper og kransa oss om ein firkant nærast som ein manesje. Sju aktørar, alle kvinner, godt og vanleg kledd, men med ulike variantar av den raude huva som er del av den samiske nasjonaldrakta, og med munnbind og megafon, drog oss etter kvart ut av denne ganske prosaiske settinga og inn i eit opplevingsrikt univers av musikk og rørsle. Det starta med roleg joik som etter kvart blei meir og meir suggerande og akkompagnert av lett koreografert dans før vi blei rivne ut av illusjonen og vandra inn i kulturhuset der framsyningas hovuddel fann stad.

Scena var enkel med nokre sentrale element nærast som draperi. Men scenografien til Elin Melberg trong ikkje vere meir, for saman med den avdempa, men likevel heilt eineståande elegante og vakre lyssettinga til Øystein Heitmann blei scena forvandla til ei rekkje spektakulære kunstverk, ei lise for auget. Denne delen opna med ekspressiv og nesten destruktivt snublande dans av Emilie Marie Karlsen før dei andre seks etter kvart fell inn. Og resten var ei magisk reise i sanselege opplevingar der joiken og musikken til Frode Fjellheim smelta saman med rørsle, dans og gradvis endrande lyssetting til ei verkeleg høgare eining. Både musikalsk og i dansen var det ei skjønn sjangerblanding der det var henta element og inspirasjon frå mange andre kulturar. Og som limet i framsyninga låg den rike og djupe klangen frå joiken til Sara Marielle Gaup Beaska og Kajsa Balto.

Så sam- og finstemt er denne framsyninga at det tok lang tid før eg forstod at vi ikkje her snakka om sju multikunstnarar som alle var både songarar, joikarar og dansarar. For alle sju tok del i alt og med ein presisjon og eit naturleg nærvær som verkeleg imponerte.

Eg kjende gjennom denne sceniske og musikalske opplevinga at eg verkeleg var del av noko større, og slik var det lett å sjå at framsyninga handla om samhald og fellesskap. Og sjølv opplevde eg det i tillegg som eit stykke samisk historie med mykje individuell snubling i starten, men med ein langt meir optimistisk og sameint tone etter kvart. Men same kva slags tolking ein måtte leggje i «Vástádus eana – The answer is land», så var det viktigaste at det var ei multimedial, kjenslemessig, sanseleg og utruleg vakker kunstoppleving som gjorde alle mine fordommar om at alt skal tolkast og bli forstått, fullstendig til skamme. Dette er kunstnarar eg meir enn gjerne vil sjå og høyre meir frå. Og det er å håpe at framsyninga kan turnere til eit langt større publikum.

Leave a Reply