Sorg, sinne og uvisse

TEATER

MONOMAN: Far (Alexander Rindestu) gir seg ikkje, og skal til departementet for å leggje fram bevis, medan dottera (Kristine Myhre Tunheim) vil gå vidare i livet. FOTO: MARIUS FISKUM

«Utvik Senior»
Rimfrost Produksjoner og Hålogaland Teater
Festspillene i Nord Norge, Harstad
Av: Nina Wester
Regi: Nina Wester
Komponist: Benjamin Mørk
Scenografi og kostyme: Mari Lotherington
Lysdesign: Øystein Heitmann
Vokal Nord (Dag Erik Enoksen, Brynjar Onsøien og Daniel O. Danielsson)
Kor: Paul Bednorz, Torstein Hevnskjell, Alf-Inge Selstad, Øystein Hallem, Tord Bergersen og Owe Krolmanis
Med: Kristine Myhre Tunheim, Alexander Rindestu og Jonas Delerud

Tett, politisk og tidvis rørande teater om ei hending som med ny kald krig fort kan få ein reprise.

Fredag 17. februar 1978 gjekk garnbåten Utvik Senior og eit dusin andre båtar ut til Stordjupta tre timars fart frå Senja. Fisket var ikkje spesielt godt, og då veret utpå ettermiddagen blei dårlegare, valde alle å avslutte og sette kurs mot land. Utvik Senior, med eit mannskap på ni, kom aldri attende. Leiting blei starta, og etter stutt tid blei det funne både vrakrestar og ein tom redningsflåte. Alt tydde på at noko hadde skjedd særs brått, og både fiskarane, politiet og pressa meinte at båten måtte ha blitt pårend av eit anna fartøy.

Då det etter få dagar blei oppnemnd ein havarikommisjon, endra plutseleg bildet seg. Politiets etterforsking blei avslutta, vitneutsegn blei underslått, og då kommisjonsrapporten blei lagt fram på etterjulsvinteren 1979, slo han fast at havariet truleg skuldast feilnavigasjon og at båten anten kantra eller gjekk på eit skjær.

Fiskarane og dei etterlatne følte seg overkøyrde, det blei lagt lokk på viktig informasjon, og ettermælet til skipperen var trakka på. Men dei ga seg aldri, og med hjelp av NRK og marinen blei vraket funne i 2002, og i ope hav, kilometervis frå næraste skjær. Det blei nedsett ein ny kommisjon som slo fast at sannsynleg havariårsak var kollisjon med eit ukjend fartøy.

Gravejournalisten Alf R. Jacobsen skreiv i 2002 boka «Forlis», og på bakgrunn av den, eigen research og samtalar med fiskarar og dei etterlatne, har Nina Wester og teatergruppa Rimfrost Produksjoner laga framsyninga «Utvik Senior». I helga var det urpremiere i Harstad før ho til hausten skal setjast opp på Hålogaland Teater. Det er blitt ei tett, sterk og tidvis rørande framsyning, eit stykke doku-teater av beste sort.

Nina Wester har sjølv regien, og tar oss kronologisk frå den tragiske februardagen i 1978, gjennom havari, søk, etterforsking, det som kan sjå ut som ulike dekkoperasjonar og fram til oppreisinga kom 26 år for seint. Det er blitt eit lærerikt drama der fallgruvene ligg snublande nær. Det er meir enn freistande å lage konspirasjonsteoriar av historia, prova er så overtydande at det er lett å bli påståeleg, og det heile kunne fort bli vel pedagogisk. Wester styrer unna alt dette. I staden har ho laga ei framsyning med mange lag, og med fin og varsam dramatisering av lagnaden til ein av familiane som mista ein son og ein bror. Og ein varm hyllest av samhaldet i fiskarsamfunnet.

Scenografien til Mari Lotherington er i starten eit anonymt rom med preglause elementveggar, ein slags etterforskingssentral der avisartiklar, bevis og indisium etter kvart blir teipa opp på vegg. Men veggelementa er mobile, og med sikre og stort sett saumlause sceneskift, godt hjelpt av fin lysdesign, blir det skapt eit utal ulike rom og settingar.

Tre songarar frå ensemblet Vokal Nord er supplert med seks statistar, og til musikk av Benjamin Mørk skapar dei sterke stemningar, og kommenterer handlinga som eit gresk kor. I hovudsak fungerer dette godt, men kan nokre gongar bli vel påtrengjande, spesielt fordi scena er relativt lita.

Dei tre skodespelarane Kristine Myhre Tunheim, Alexander Rindestu og Jonas Delerud spelar ei rekkje roller, men dialektbruk og mindre kostymeskift gjer at det aldri er vanskeleg å forstå kven som er kven. Sentralt i handlinga står ein liten familie, – ein av dei avlidne, far hans som aldri gir opp å finne sanninga, og litlesystera som også vil ha eit liv, og ikkje berre sakn og sorg. Eit vellukka brot er ei rekkje poetiske, vare og fine scener der litlesystera, overtydande og mangefasettert spela av Kristine Myhre Tunheim, manar fram og snakkar med bror sin (Jonas Delerud). Slik får Wester framsyninga til å veksle mellom dei personlege historiene dette handlar om og det storpolitiske bakteppet.

For 1978 var midt i den kalde krigen, og Senja ligg sentralt i eit militært interesseområde. Det er slått fast utan særleg atterhald at Utvik Senior blei rent i senk av eit anna fartøy. Men om dette var ein vesttysk trålar på ulovleg fiske eller eit militært skip frå NATO eller Sovjetunionen, er framleis eit ope spørsmål. Det er høgst truleg nokon som veit, kanskje spesielt i forsvaret og etterretninga. Og historia tyder på at det aktivt og medvite blei freista å dekkje over sanninga jamvel om den siste havarikommisjonen påstår det motsette. Difor er det fortenestefullt at Nina Wester og Rimfrost både på informativt vis minner oss på kva som kan skje når stormaktene driv maktspelet sitt, og også gjer det slik at det samstundes blir godt teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. juni 2021)

One Response to “Sorg, sinne og uvisse”

  1. […] «Utvik senior«Regi: Nina WesterDet dreier seg om «Utvik senior» av Nina Wester i samarbeid med Rimfrost Produksjoner og Hålogaland Teater, eit stykke framifrå doku-teater om stormaktspolitikk og forteiing, og korleis det har gått ut over heilt sakeslause fiskarar. […]

Leave a Reply