Teater på eigne bein

TEATER

DER DET SKJER: Festens underkjente, men ofte viktigaste rom. (Sara Fellman og Kjersti Botn Sandal). FOTO: TINGH

«Virvelvind»
Teatret Vårt, Molde
Av: Nina Wester og ensemblet
Basert på musikk av Ane Brun
Regi: Nina Wester og Kristian Lykkeslet Strømskag
Arrangør og musikalsk ansvarleg: Simon Revholt
Scenografi og kostyme: Daniel Åkerström-Steen
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Koreografi: Martha Standal
Musikarar: Sindre Klykken, Lauritz Skeidsvoll, Jo Inge Nes og Rune Tylden
Med: Sara Fellman, Kjersti Botn Sandal, Johanna Mørck, Bjørnar Lisether Teigen og Lars Melsæter Rydjord

Eit kreativt forteljargrep gjer at «Virvelvind» både blir ein hyllest til Ane Brun og ei teaterframsyning på eigne bein.

Eg skal ikkje påstå at det er ein trend, men dei siste åra har mange teater laga framsyningar basert på kjende og populære songarar og låtskrivarar, ofte med eit lokalt tilsnitt. Nå har Teatret Vårt i Molde tatt tak i musikken til byens eigen Ane Brun, og ikkje minst det tekstlege universet hennar. Framsyninga «Virvelvind» hadde premiere torsdag.

Utfordringane er mange når ein skal lage teater av ein songskatt som ikkje har nokon raud tråd å spinne ei forteljing på. Ein kan lage ein konsertversjon, men då blir som oftast originalen å føretrekkje. Eller ein kan freiste å lage ei historie som bind låtane saman, men slikt kan fort bli ei tvangstrøye. Nina Wester, som har skrive manus, og saman med Kristian Lykkeslet Strømskag også hatt regien, har vald ei løysing som synte seg å fungere optimalt. Fem ganske ulike personar ramlar inn på ein fest som er om lag like kaotisk som Daniel Åkerström-Steens illustrerande scenografi. Ein fest har sin eigen dramaturgi. Det er fart og halloi, det er store kjensler, det er depresjon og fyll, det er håp og ikkje minst lengten etter at det vidunderlege må skje, at kjærleiken skal oppstå. På ein fest er ikkje handlinga rettlina, men kan ha store brot. Slik har Wester greidd å la dei ulike tablåa spele opp mot og saman med dei sytten songane som på dette viset blir ein integrert del av oppsetjinga. At ho også har greidd å skrive mykje god og intelligent dialog inn i det heile, gjer at framsyninga også blir ståande på eigne bein som teater.

Ane Brun skriv og syng på engelsk. På oppdrag frå teateret har ho omsett dei aktuelle songane til moldedialekt, og det har vore overraskande vellukka. Og for meg blei det nå så tydelege tekstlege universet hennar ei openberring som verkeleg løfta framsyninga. I arrangementet av musikken har Simon Revholt hatt stor fridom, og laga ein sjangermiks som står godt til det tekstlege og dei ulike stemningane. Det fire mann store orkesteret trakterer eit utal instrument, er synlege på scena, tar del i festen og leverer solid akkompagnement og musikalsk bakteppe. Og dei fem festdeltakarane er alle typar vi kjenner att og som er lette å identifisere seg med. Aktørane gir oss eit godt, velregissert og songsterkt ensemblespel. Og i spissen må eg få framheve Sara Fellman som nok ein gong syner eit spesielt scenisk nærvær og imponerer med eit særs mangefasettert register.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 22. mars 2021.)

Leave a Reply