Utgått dato?

TEATER

KJEKT Å HA?: Termos er visst det vanlegaste å gi ein mann i bursdagsgåve. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Best før»
Turnéteatret i Trøndelag, Smia, Leksvik
Av: Rickard Fuchs og Krister Classon
Omsett og tilarbeidd av Tore B. Granås
Regi: Nora Evensen
Scenografi og kostymedesign: Berit Haltvik With
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Tore B. Granås

Mange artige poeng om aldring og å føle seg utgått på dato, men lite nytt.

Tore (Tore B. Granås) var 45 år i går, feira dagen med nokre få venner, og i dag har han tatt seg fri for å kome seg. Slik var det ikkje før då han kunne gå rett frå fest og på arbeid, og attpå til greie eit par timar fotballtrening på slutten av dagen. Alderen gjer sitt. I ein toaktars monolog tek Granås oss med gjennom både sine eigne røynsler og forfattaranes meir generelle refleksjonar over det å gradvis bli eldre.

I eit intimt heimemiljø i Berit Haltvik Withs scenografi kjem vi tett på Tore når han både ser attende, framover og reflekterer over kva det blei av dei vala han tok i livet. Tore kan vere kven som helst. Han har arbeid, ein heim, kone og ein son. Nettopp fordi han er så fullstendig vanleg, blir det lett å kjenne seg att for publikum. Og ikkje berre for jamaldrande menn (og konene deira), men for oss alle. Her er flust av gode og gjenkjennelege poeng, så låtten sit relativt laust i salen. Men det var langt igjen til gapskratten.

Stykket blei skrive for rundt tjue år sia av svenske Rickard Fuchs og Krister Classon, og ber i mange av poenga og referansane preg av litt utgått dato. I form blir det presentert som ein vanleg standup-komedie med stadig og direkte kontakt med publikum. Gjennom den tekstrike monologen tek Granås oss med til det meste når det gjeld aldring og midtlivskrise, og ganske mykje meir. Og i det ligg også framsyningas største problem. Ho er for omfattande, tar opp for mange tema og er først og fremst særs føreseieleg. Sjølvsagt er det mange gode poeng og mykje artig, men det meste er nok godt kjend.

Teksten er omsett og tilarbeidd til norske forhold av Tore B. Granås sjølv. Det gjer sjølvsagt at han er fortruleg med han, og i rolla som Tore er han trygg, får vist mykje av registeret sitt, både det sårbare og det komiske. Han tar seg gode pausar, vender seg direkte til publikum, og det er Granås si gode tolking som bergar framsyninga. Men han er ikkje like heldig med moderniseringa og tilpassinga til norske forhold. Vel er det slik at interessene endrar seg med åra, og ein 45-åring likar ofte ting han ikkje ville ha tatt i med ei eldtong som tjueåring. Likevel har eg vondt for å tru på ein 45 år gamal mann som påstår å hygge seg med gamle fjernsynsopptak av «Husker du» med Odd Grythe.

Nora Evensens regi kunne med fordel ha vore strammare, og tilarbeidinga til norsk burde ha vore meir treffsikker. Dramaturgisk går det stort sett i eitt, og sjølv om finalen gir ein ny vri og ein optimistisk punchline, er dét eit poeng dei fleste ville ha tenkt ut sjølve då dei las stykkets tittel.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. mars 2021.)

Leave a Reply