Ekte, nært og forførande

MUSIKAL

UVISSA: Er kjenslene Daniel (Andres Hoff) syner ekte, eller blir Lena (Karoline Dons) nok ein gong svike? FOTO: JOHN ANDRÉ AASEN

«Så som i himmelen»
Nordland Teater
I samarbeid med Tromsø Kulturhus, MiNensemblet og Vocal Art
Av: Kay Pollak og Carin Pollak
Komponist: Fredrik Kempe
Omsett av: Ragnar Olsen
Regi: Morten Borgersen
Scenografi: Milja Salovaara
Musikalsk leiar: Tor-Petter Aanes og Sverre Tollefsen Laupstad
Arrangement: Simon Revholt
Koreografi: Jonas Digerud
Lysdesign: Martin Myrvold
Med: Andreas Hoff, Karoline Dons, Christine Guldbrandsen, Per-Egil Aske, Kirsti Torhaug, Rune Løding, Elisabeth Moberg, Espen Bråten Kristoffersen, Kristian Krokslett, Anna Karoline Bjelvin, Finn Arve Sørbøe, Marte Hansen og Kyrre Vanebo.

Ei forrykande og forførande framsyning.

Midt i ein pandemi der dei største teatera i landet er stengde, satsar Nordland Teater på sin største og dyraste produksjon nokon sinne. Med 27 aktørar på scena og over femti personar på turné, set dei opp musikalen «Så som i himmelen». Det er eit halsbrekkande prosjekt der mykje kan gå gale. Men premieren i Mo laurdag synte at det vesle regionteateret har laga ein produksjon som på alle vis kan måle seg med det meste.

Den svenske filmen «Så som i himmelen» frå 2004 blei raskt allemannseige, og historia er truleg kjend for dei fleste. Den 39 år gamle verdsberømte dirigenten Daniel Dareus (Andreas Hoff) avsluttar karrieren etter hjarteproblem, og flyttar til skulestova i den vesle staden Ljusgård i Norrland. Her har han sjølv vakse opp med så mykje mobbing at mora og han flytta frå plassen meir enn tretti år tidlegare, men nå er det ingen som kjenner han att. Daniel vil berre vere i fred, og nytte tida til å lytte, men let seg etter kvart overtale til å bli dirigent for det lokale kyrkjekoret. Det er ei brokete forsamling som hyser det meste av bygdas ulike fasettar, også bygdedyret. Daniel er tolmodig, får fram det beste i alle, og korets vårkonsert blir ein suksess. Men ikkje utan kostnad, for her er eit motsetnadsfylt og mangfaldig menasjeri. Det er den avundsjuke presten (Per Egil Aske), den grovt undertrykka og mishandla Gabriella (Christine Guldbrandsen), den sjølvopptekne snøskuterforhandlaren Arne (Finn Arve Sørbøe), den rettferdssøkjande prestefrua Inger (Kirsti Torhaug), og ikkje minst den kjærleikshungrige ungjenta Lena (Karoline Dons). Her blir det konfliktar og intrigar på kryss og tvers.

«Så som i himmelen» har det meste av dei tyngre ingrediensane i verdsdramatikken, og her er eksistensielle val og problem over ei låg sko. Det er hemn, svik, avundsjuke, død, makt, kjønnsroller, vald, men først og fremst kjærleik. Og det handlar om så mange sider av han. Sjølvsagt den erotiske, personifisert med det vakre forhaldet mellom Daniel og Lena. Men det er også det medmenneskelege, omtanken for dei svakare. Og så den vilkårslause kjærleiken til musikken. Historia har alle element i seg til å bli ei sentimental, klisjéfylt tåreperse, men i Morten Borgersens stramme og ikkje minst sjarmerande regi, er han milevis frå det spekulative. Mellom anna nyttar han humoristisk sjølvironi for å skape avstand. Ragnar Olsens språksikre omsetjing gjer også at både det lokale tilsnittet og humoren får god plass.

Milja Salovaara har laga ein scenografi som på imponerande vis gir rom for eit utal sceneskift og ulike settingar, men som også egnar seg for turné. Skifta skjer saumlaust og synkront, og det sju personar store orkesteret, synleg plassert på sidescenene, sørger for at det aldri er daudpunkt.

Med eit så stort ensemble er det tilnærma umogeleg å gi alle tilstrekkeleg personinstruksjon. Men Borgersen ga oss eit uvanleg samspelt og energisk ensemble der solide rolletolkingar stod i kø, og der songprestasjonane var tidvis formidable. Finn Arve Sørbøe og Kristian Krokslett sørga for avgjerande humoristiske brot. Kirsti Torhaug hadde ei nøktern og truverdig tolking av prestefrua, og Per Egil Aske synte oss ein prest som verkeleg sleit med å bli detronisert som maktperson. Christine Guldbrandsen som Gabriella viste på overtydande vis kor vanskeleg det er å gå frå ein overgripar. Og songen hennar rørte dei fleste. Andreas Hoff gav oss den skjøre og lett sårbare kunstnarsjela som har ein stor lidenskap i livet, og som får ein til. Men sjølv om Daniel er hovudpersonen, er det Lena som er motoren i framsyninga, og som driv henne framover. Det er takk vere Karoline Dons som i tillegg til formidabel stemmeprakt synte ei så mangesidig rolletolking at det er vanskeleg å forstå at dette er det første ho gjer på ei profesjonell scene.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. februar 2021.)

One Response to “Ekte, nært og forførande”

  1. […] «Så som i himmelen»Nordland Teater, Mo i RanaRegi: Morten Borgersen […]

Leave a Reply