Ansvar for det skapte

TEATER

«Frk. Frankenstein»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Mary Shelley og Hildur Kristinsdottir
Regi og dramatisering: Hildur Kristinsdottir
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel
Lys- og videodesign: Oscar Frostad Udbye
Komponist/lyddesign: Kristoffer Lo
Med: Janne Kokkin, Jo Saberniak, Emma Caroline Deichmann og Trond-Ove Skrødal

Ei spennande vinkling, men der alt for mykje skal med.

Då atten år gamle Mary Shelley sommaren 1816 skreiv romanen «Frankenstein», skreiv ho seg også til fulle inn i litteraturhistoria. Ikkje berre var ho ung, umerittert, og i tillegg kvinne, men ho grunnla samstundes også ein ny litterær sjanger. Dei fleste forbind henne berre med denne skrekkromanen, men både bakgrunnen og det særs turbulente livet hennar, og ikkje minst den seinare litterære produksjonen, gjer at personen Mary Shelley er langt meir interessant enn som berre ei «one-hit-woman». Dette har regissøren og dramatikaren Hildur Kristinsdottir tatt tak i og laga ei metaframsyning med uendeleg mange lag, – ei historie om historia.

I ein scenografi, og med kostyme, som ein må kalle maksimalistisk, men som i Katja Ebbels sikre utforming likevel er særs velfungerande, er det Mary Shelley sjølv (Janne Kokkin) som fortel, tar del og kommenterer. Dei øvrige aktørane er skorne ned til dei tre viktigaste. Det er vitskapsmannen Victor Frankenstein (Jo Saberniak), Elizabeth, forloveden hans (Emma Caroline Deichmann) og det er «vesenet», ofte feilaktig framstilt som «monsteret» (Trond-Ove Skrødal). Sjølv om framsyninga i stutte trekk går gjennom det meste av handlinga frå boka, er dette i større grad forteljinga om ho som skapte han som skapte, altså lag på lag om det kreative. Mange forfattarar kan oppleve at personane og historiene deira tek til å leve sine eigne liv. Slik er det også her, der Shelley mistar kontrollen over Frankenstein som igjen mistar kontrollen over vesenet. Og samstundes sit Elizabeth heime som ein Ibsensk Solveig, skriv brev og ventar.

Med tidvis spektakulær lyssetting av Oscar Frostad Udbye, og med flott tonefølgje frå Kristoffer Lo, er det ei innsiktsfull og spennande forteljing Kristinsdottir rullar ut. I det som kan minne om ei sandkasse spelar dei fire ut ei mengd aspekt og problemstillingar rundt det å gi liv til eit anna vesen, det vere seg barnefødslar eller laboratorieforsøk. Her er det etiske spørsmål så det held, og problemet til framsyninga er at det maksimalistiske ved den fysiske presentasjonen, også gjeld tematikken. I botn ligg sjølvsagt at alle har eit ansvar for det dei måtte lage. Men her blir det så alt for mykje ein skal innom. Det heile mistar retning og prioritet, og blir ein lang potpurri over ulike etiske dilemma. Det er tidvis godt ensemblespel, men Kristinsdottir har vald ein stor grad av overspel som ikkje er like heldig. Ruvande og mest interessant er Janne Kokkins gamle Mary Shelley som ser attende på det ho har gjort. Varsamt, men tydeleg skapar ho eit forståeleg portrett av ho som skapte han som skapte.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 9. februar 2021.)

Leave a Reply