Kynisk tidtrøyte

TEATER

TIDTRØYTE: Aristokratiet får tida til å gå med kortspel og livsfarlege intrigar. FOTO: JOHN ANDRÉ AASEN

«Farlige forbindelser»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Christopher Hampton
Omsett av: Birgitte Strid
Regi: Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Birgitte Strid
Lysdesign: Johan Haugen
Med: Gørild Mauseth, Sigurd Sele, Julie Sofie Reite, Inga Ibsdotter Lilleaas, Kristoffer Hjulstad, Gretelill Tangen, Cecilie Jørstad og Stein Elvestad

Vakre tablå, men ein presentasjon fattig på nyansar.

I det før-revolusjonære Frankrike dreiv adelen i si uuthaldelege keisemd eit farleg og kynisk spel om makt der hemn og seksuell forføring var ingrediensane. Dette skreiv den engelske dramatikaren Christopher Hampton om i dramaet «Les liaisons dangereuses» frå 1985, basert på ein to hundre år gamal fransk roman med same namn. I 1988 kom filmen, som på norsk fekk namnet «Farlige forbindelser», med ei casting frå øvste hylle i Hollywood, og så blei historia godt kjend for alle.

Nå har Birgitte Strid, teatersjef på Nordland Teater, omsett Hamptons drama. Ho har også stått for scenografi og kostyme, og med Terje Skonseng Naudeer som regissør er det blitt eit intimt kostymespel. Vi er i Paris i 1788 der vi møter La Marquise de Merteuil (Gørild Mauseth) og Le Vicomte de Valmont (Sigurd Sele). Dei er gamle flammer, og kanskje er noko av elden att. Men her er kjensler berre ein innsats ein spelar ut utan substans, og det er livsfarleg å gi etter for dei.

Sjølv om persongalleriet tel berre sju i tillegg til nokre tenestefolk, er intrigen så komplisert med tanke på kven som bedrar, ligg med og utnyttar kven, at eg skal halde meg frå eit resymé. Poenget er at Merteuil søker hjelp frå Valmont til eit hemnprosjekt der han skal nytte alle sine forførariske evner for å lure og øydeleggje naive ungjenter, mot kjønnsleg premiering frå Merteuil til slutt.

Terje Skonseng Naudeer har laga eit tett kammerspel der dialogen er det viktigaste. Det skjer i ein stilisert scenografi der ein med lys og draperi på effektfullt vis vekslar mellom det lausslopne på bakscena og den forfina fasaden i front. I spektakulære kostyme og ein danna ferniss presenterer dei grov kynisme. Den naive kjærleiken er sjetongane det blir spela med. Og nåde den som er dum nok til å følgje kjenslene sine. Innhaldet er eigentleg motbydeleg, men det spennande er den gode teksten og det verbale. Og sjølvsagt spørsmålet om kven som eigentleg lurar kven.

I den relativt nakne scenografien har aktørane lite anna enn dialogen å lene seg på, og spelet blir difor ofte noko flatt og unyansert. Gørild Mauseth er tydeleg til stades med mimikk, augekast og haldning, og dei to ungjentene som er ofra i historia (Julie Sofie Reite og Inga Ibsdotter Lilleaas) leverer truverdige og gode tolkingar. Men mennene blir ikkje så lette å fatte. Sigurd Seles formidling av Valmont gir meg til dømes inga forståing av kva det er som gjer at unge kvinner skulle falle for han. Regigrepet gir diverre for få nyansar, og sjølv om eg både kjenner historia og har sett filmen, har eg likevel store problem med å henge med i intrigen.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 17. februar 2021.)

Leave a Reply