Når tekst møter skulptur

TEATER

IDYLL?: Livet er ikkje noko teselskap, og bak idyllen ligg sorga på lur. FOTO: JOHANNES L.F. SUNDE

«Bjertnæs, Lygre»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Arne Lygre
Skulptur/installasjon: Sverre Bjertnæs
Regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred
Kostyme: Ane Aasheim
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Anders Schille
Med: Ingrid Bergstrøm, Andreas Tønnesland, Anna Ladegaard og Carl Martin Eggesbø

«Bjertnæs, Lygre» er eit døme på kor spennande møte mellom ulike kunstformer kan vere.

Ein dramatikars inspirasjon kan vere så mangt, og som oftast berre ei sak mellom han og teksten, eller i beste fall ein fotnote i programmet. Men nokre gongar er forhistoria heilt avgjerande for resultatet. Slik er det så avgjort med framsyninga «Bjertnæs, Lygre». Dramatikaren Arne Lygre og biletkunstnaren Sverre Bjertnæs er båe av dei fremste i landet i sine kunstgreiner. Når desse to møtest og let seg inspirere av kvarandre, er det grunn til å følgje med.

Det starta i 2014 då Sverre Bjertnæs kontakta Arne Lygre etter å ha sett ei framsyning på Det Norske Teatret. Bjertnæs hadde laga ein treskulptur som kanskje kunne inspirere Lygre. Det resulterte i ein einaktar med premiere i 2016. Samarbeidet heldt fram med nye skulpturar og ein ny tekst i ei utstilling i fjor. Så tok Elisabeth Egseth Hansen, teatersjef på Trøndelag Teater, kontakt og inviterte båe inn i teateret. Og resultatet er teksten «Minnetrilogien» som består av tre små einaktarar , «Du finnes», «Minner om oss» og «Jeg glemmer», samt ein heilt ny treskulptur. Ole Johan Skjelbred blei engasjert som regissør for å sy prosjektet saman til eit sams kunstnarleg uttrykk, og laurdag var det urpremiere på Trøndelag Teater.

Dei tre einaktarane er særs konkrete til Lygre å vere. I tillegg til at dei alle hentar inspirasjon frå ulike skulpturar av Bjertnæs, handlar dei om sorg og sakn etter at eit barn har døydd. Ikkje noko er verre for foreldre enn at barnet deira døyr. I «Du finnes» møter vi ein far og læraren til sonen hans etter at sonen døydde i ei trafikkulukke. Faren og læraren hadde eit forhold fram til guten døydde, og møtest nå over den vanskelege løyndomen. I «Minner om oss» er det ein tilsynelatande særs lukkeleg familie som bur i havgapet, og der sonen ein dag blir vaska av svaberga medan han berre skulle sjå på stormen. Og i finalen, «Jeg glemmer», er
det ei dotter som døydde medan mora var langt på veg med neste dotter. Og faren på veg ut. I vårt møte har den nye dottera sjølv alt rukke å bli tvillingmor, men har aldri greidd å leve opp til systera som døydde. Nå gjer ho forsøk på eit forsoningsmøte med mora, men det er fåfengd.

Dette tekstgrunnlaget, og ein ny treskulptur av Sverre Bjertnæs, var utgangspunktet for regissøren Ole Johan Skjelbred. Han har gått til verket med respekt for teksten og ideen, men med eit tydeleg ønske om å lage sitt eige prosjekt. Og sjeldan har vi sett ei meir leikande tolking av ein dramatekst. Skjelbred har dei siste åra sett opp ei rekkje kreative og særs spennande framsyningar på Trøndelag Teater, mellom anna av Arne Lygres «Dager under». Eit særmerke ved dei alle er at han får fram det beste i skodespelarane.

Slik også denne gongen. Og i dette møtet mellom dramatikar og biletkunst, er regien minst like viktig. Skjelbred har laga ein teaterleik, ein humoristisk parafrase over det sorgtunge som ligg i botn. I eit naivistisk formspråk der skodespelarane ofte spelar som var dei i ein teiknefilm med stakkato og overdrivne rørsler, tek han oss med inn i dei tre lagnadane. Det er forskjellige historier, men kvardagen er ofte lik, så Lygre har latt mange replikkar gå att. Scenografien er relativt enkel med nokre element laga av Bjertnæs, men der det viktigaste er Skjelbreds, og spesielt eit draperi av glasperler. Det blir nytta til det meste, og mot slutten av andre akt framfører det faktisk ein sinnrik og særs vakker dans. Nokre gongar tek Skjelbred det heilt ut i det elleville og surrealistiske som når den lukkelege familien i akt 2 er på tur og har allsong i det nærast utmattande uendelege av alt frå salmar til Creedence og Dum Dum Boys. Eit samspela og velregissert ensemble er både leikne, utforskande og trygge i dei ulike rollene.

Treskulpturen til Bjertnæs ser vi berre som eit bakteppe i dei to første aktene. Men i siste akt der dottera (Ingrid Bergstrøm) freistar å møte mora som blir framstilt som eit monolittisk talekor av dei tre øvrige (Anna Ladegaard, Andreas Tønnesland og Carl Martin Eggesbø), blir skulpturen som ei sterk personifisering av mora.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 17. november 2020.)

Leave a Reply