Vårløysinga

MUSIKAL

SØT MUSIKK: Eit vakkert og vârt møte mellom Melchior (Jacob Gunby) og Wendla (Ingrid Støen). FOTO.SAMFUNDET.NO

«Spring Awakening»
Studenteramfundets Interne Teater og Studentersamfundets Orkester, Storsalen
Manus og songtekstar: Steven Sater
Musikk av Duncan Sheik
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Marte Sonni Guldvog og Fredrik Vildgren
Scenografi: Maria Johanne S. Fostervold og Andrea Loe
Kostyme: Ingrid Ertzgaard
Koreografi: Caroline Syse og Rannveig Carlsen
Kapellmeister: Sjur Svorkmo Bergmann
Med: Ingrid Støen, Jacob Gunby, Jonas Boym Flaten m.fl.

«Spring Awakening» er ein produksjon med ei enorm fallhøgde, men Studentersamfundets Interne Teater greier det nesten umogelege. Det står det respekt av.

«Løvetann sprengjer asfalt, vatn slit hard granitt. Motstand kan overvinnast. Mennesket føddest fritt.» Slik lyd finalen i UKE-revyen «Skubidi» frå 1973, og dette er også eit gjennomgåande tema for Studentersamfundets Interne Teater (SIT) si storsatsing «Spring Awakening» denne hausten. Til alle tider har maktpersonar av ulike slag, føresette, foreldre, presteskap og anna faenskap freista å leggje lokk på puberteten og ungdomens oppvaknande seksualitet. Det syder og kokar av innestengde og undertrykte hormon under overflata, og som løvetann om våren bryt dei seg fram uakta kor vanskeleg det kan vere. Om dette skreiv den tyske dramatikaren Frank Wedekind alt i 1891 i stykket «Frühlings Erwachen» («Vårløysing» på norsk). Det var eit uvanleg moderne og dristig drama der han tok opp kva den eksplosive miksen dobbelmoral og kadaverdisiplin kunne føre til for unge menneske. Stykket rokk berre å ha urpremiere før det blei tatt av plakaten, og blei ikkje sett opp att på femten år. Sjølv om mykje er skjedd på 130 år, er dramaet diverre framleis like aktuelt. På grunnlag av Wedekinds tekst, skreiv Steven Sater og Duncan Sheik for femten år sia musikalen «Spring Awakening» som hadde urpremiere på Broadway i 2006 og sia er blitt sett opp over heile verda med dei første oppsetjingane i Norge på Oslo Nye og Trøndelag Teater våren 2010.

Musikalen tek oss attende til 1890-åras Tyskland der skuledagen var fylt av prøyssardisiplin, og pugging av greske gloser. Men puberteten let seg ikkje kue, og om skuledagen var konform og trist, var nettene søvnlause og fylde av våte draumar. Her møter vi ein stor ungdomsflokk, søkjande og nyfikne. Tre av dei skil seg ut. Wendla (Ingrid Støen) er ei oppegåande og flink jente som skal bli tante, men som framleis likevel ikkje veit korleis slikt går til sjølv om ho ikkje har særleg tru på historia om storken. Frå mora er det lite hjelp å få om temaet. Drivverket i forteljinga er den skuleflinke fritenkjaren og radikalaren Melchior (Jacob Gunby) som er eit ekte barn av opplysingstida, og som trur på vitskap og fakta. Moritz (Jonas Boym Flaten) er ein god gut, men blir hundsa av autoritære lærarar fordi han slit litt med å hengje med i timane.

I dette menasjeriet av lett opprørske ungdomar og tilsvarande dobbeltmoralske føresette er vi innom så mange og ulike tema som incest, sadomasochisme, abort, mishandling, sjølvmord og homofili. Duncan Sheiks mange melodiar er ikkje av dei som set seg fast i minnet og nokre av dei er ganske kompliserte. Det er med andre ord ikkje noko enkelt drama SIT og Studentersamfundets Orkester har gitt seg i kast med. Til alt overmål er dette amatørteater, og difor gjeld framleis koronareglane om sosial distansering. Ein skulle difor tru det ville ha vore langt enklare å setje opp et lite kammerspel på Knaus, men SIT har alltid hatt ambisjonar, og aldri vore særskild skuggeredde, så her blir det satsa stort og friskt. Og det er difor godt å kunne melde at med få unnatak kjem dei meir enn berre heilskinna frå det heile. Av det eg har sett av SIT, og det er sjølvsagt eit ganske avgrensa utval, må eg faktisk heilt attende til oppsetjinga av «Tolvskillingsoperaen» i 1974 for å finne noko som kan måle seg med denne produksjonen.

Det skuldast fleire forhold. For det første er det tydeleg at regissørane Marte Sonni Guldvog og Fredrik Vildgren har hatt ein klår idé om kva dei ville med produksjonen, og i hovudsak halde seg til den. Det er stram regi, og stort sett god timing sjølv om nokre av sceneskifta er litt lange. Å skape ei så tett framsyning om mellom anna kroppsleg nærleik under eit koronaregime som set forbod mot akkurat slik nærleik, er imponerande, og den sentrale kjærleiksscena mellom Wendla og Melchior er fikst og kreativt løyst.

Framsyninga er ein musikal, og eit orkester på åtte, synleg på bakscena, følgjer handlinga og gir godt og synkront tonefølgje til dei ganske kompliserte songane. Mange flott koreograferte masseopptrinn er også med på å få fram den ungdommelege energien som er eitt av varemerka ved produksjonen. Eit vanleg problem med mange av produksjonane til SIT, og særleg UKE-revyane, er at det er så mange «gjengar» som skal syne kor flinke dei er, og det krevst sterke regissørar for å halde dei i taumane. Denne gongen har det gått bra med eitt unnatak. Dei som har laga lysdesignen har forelska seg i kjegleforma lys som i visse situasjonar sikkert kunne fungert fint, men som her berre blei malplasserte fordi dei ikkje hadde anna funksjon enn å vere ein fiks idé.

SIT har nytta Ragnar Olsens omsetjing frå engelsk, den same som Trøndelag Teater nytta i 2010. Det er ei særs god omsetjing som opnar for bruk av dialekt og munnleg språk. Men det verkar som SIT har gjort ein del eigne endringar, og eg trur dei med fordel kunne ha vore noko meir tru mot Olsens omsetjing, for språket er tidvis blitt skjemmande inkonsekvent.

Trass i desse innvendingane er «Spring Awakening» blitt ei heilstøypt, god, velspela og underhaldande framsyning med mykje og godt rom for ettertanken. Ensemblet på fjorten er samspela og akslar mange roller, er fortrulege med dei og trygge på scena. Songinnslaga er av litt ulik kvalitet, men koringa deira er framifrå. Dei tre hovudrollene er overtydande formidla og er nok med på å løfte framsyninga det siste ekstra hakket. Særleg imponerande er Ingrid Støen som ikkje berre ga oss ei svært truverdig tolking av den på same tid tøffe og litt naive Wendla, men som også var så stø på songen trass i mange vanskelege parti.

Leave a Reply