Havet som metafor

TEATER

BESETT: Kaptein Akab er berre opptatt av ein ting i livet, å få tak i kvalen som heimsøkjer han i alt han gjer. FOTO: ERIKA HEBBERT

«Moby Dick»
Nordland Teater, Hovudscena
Av Plexus Polaire – Yngvild Aspeli i samarbeid med Nordland Teater, Figurteatret i Nordland m.fl.
Basert på romanen av Herman Melville
Dramatisering og regi: Yngvild Aspeli
Scenografi: Elisabeth Holager Lund
Komponist: Guro Skumsnes Moe og Ane Marthe Sørlien Holen
Musikk: Guro Skumsnes Moe, Ane Marthe Sørlien Holen og Håvard Skaset
Kostyme: Benjamin Moreau
Figurar: Polina Borisova, Sebastian Puech, Manon Dublanc, Elise Nicod og Yngvild Aspeli
Lysdesign: Xavier Lescat og Vincent Loubière
Lyd: Raphael Barani
Video: David Lejard-Ruffet
Med: Andreu Martinez Costa, Maja Kunsic, Daniel Collados, Sarah Lascar, Viktor Lukawski, Alice Chené og Pierre Deverine/Rune Løding

Eit multimedialt kunstverk, ulikt alt anna eg tidlegare har sett.

Eg har sett og meld scenekunst i 42 år, og årleg hatt mange store teateropplevingar. Men det kan gå fleire år mellom det heilt ekstraordinære. Premieren på verdsturneen til Plexus Polaires «Moby Dick» på Nordland Teater var ulikt alt anna eg har sett, og ei oppsetjing som slo meg i bakken. Det var ei framsyning så gjennomført, så vakker og visuell, så djuptgripande og så komplett at eg har vondt for å finne ord.

Herman Melvilles ikoniske roman frå 1851, om den monomane kaptein Akabs årelange kamp for å fange den kvite spermasettkvalen Moby Dick, er ei bok med mange lag og med rom for eit utal ulike tolkingar. Romanen er både dramatisert og filmatisert fleire gongar. Nå har den franske figurteatergruppa Plexus Polaire i samarbeid med Nordland Teater og Figurteatret i Nordland laga ein versjon det truleg vil gå gjetord om lenge. Etter ein stutt speleperiode i Mo i Rana skal produksjonen delta på den prestisjefylte festivalen Festival d’Avignon i Frankrike før han set ut på ein litt amputert verdsturné for så å kome attende til Nordland og Innlandet til neste haust.

Yngvild Aspeli er norsk, men er utdanna i Frankrike der ho også har budd dei siste 17 åra. Der har ho bygd opp figurteatergruppa Plexus Polaire. I fleire år har ho arbeidd med ideen om å dramatisere «Moby Dick». Etter nokre månaders utsetjing, og i samarbeid med Figurteatret i Nordland og Nordland Teater, var det fredag endeleg duka for premiere. Det er blitt ein enorm produksjon, med mange aktørar, innovativ og fantastisk bruk av lys, video, musikk og lyd, spektakulær og komplisert scenografi samt meir enn femti livaktige figurar. Det er ei oppsetjing med fallhøgde av dimensjonar, men som lukkast i absolutt alle detaljar.

Det opnar med lys og videoprojeksjonar som gir assosiasjonar til havet før det dukkar opp små fiskar vi trur er projiserte, men som viser seg å vere figurar med dokkeførarar som er nesten usynlege. Så held det fram med eit tjuetals sjøfolk der det syner seg at to av tre er dokker, men så livaktige og godt styrte at det tidvis er uråd å sjå skilnad på dokker og skodespelarar. Som i romanen, er det den relativt anonyme sjømannen og kanskje Melvilles alter ego, Ishmael (Rune Løding) som er forteljaren. Medan framsyninga blir spela på engelsk, fortel Løding på norsk, men blir erstatta av Pierre Deverine når produksjonen skal utanlands. Og så blir vi etter kvart introdusert for den tyranniske og eigenrådige kaptein Akab. Han har trebein etter at Moby Dick fleire år tidlegare beit av han leggen. Han er sjukeleg besett av å fange kvalen, og der hemn berre er eitt av dei mange motiva hans. Figurane som framstiller Akab er så detaljrike, og blir ført så synkront og elegant at det er vanskeleg å fatte at det berre er dokker.

På båe sider av scena står musikarane Guro Skumsnes Moe (bass) og Ane Marthe Sørlien Holen (slagverk) som båe er ansvarleg for komposisjon, og Håvard Skaset (gitar). Dei korar og akkompagnerer i det som ofte kan minne om sakral mellomaldermusikk før det mot slutten blir heftigare rock. Og dei lagar suggererande lydkulisser som gir framsyninga ein mektig ekstra dimensjon.

Gjennom utsøkt lysbruk går scenografien frå kraftige skipsspant, til brua og riggen med utsiktsposten. Den fysiske scenografien vekslar saumlaust med modellar, figurar i mindre målestokk, og figurteaterspelet i full storleik. Figurane er ei historie for seg. Meir enn femti detaljrikt laga dokker, båtar, kvalar av ulik storleik og mykje meir, og ført med imponerande presisjon som gjer det heile så autentisk, blir ei visuell og magisk oppleving i seg sjølv.

Aspeli har i denne produksjonen vald å lage eit fysisk teater som i liten grad fortel ei faktisk historie. Det er i langt større grad enn Akabs årelange sjøreise, blitt ei reise inn i og utforsking av menneskesinnet. Framsyninga er spekka med metaforar om å vere sjukeleg besett av noko, om hemn og om kva menneskeleg dårskap kan føre til. Det meste er usagt, men her er eit vell av idear og tankar å spinne vidare på for oss i salen. Og oppi det heile er det havet som den store metaforen. Havets tiltrekkingskraft på alle som ikkje orkar å leve, men som ikkje vil døy. Eller som Ishmael seier det i epilogen: «Havets store liksvøp bølger videre.»

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 13. oktober 2020.)

3 Responses to “Havet som metafor”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Denne forestillingen skulle jeg fryktelig gjerne ha sett! Og, ikke minst, herlig å lese en begeistret anmeldelse! Det skjer dessverre sjeldent i norsk kulturliv!

  2. Amund Grimstad sier:

    Det er store sjansar for at du vil kunne få sett denne, Bjørn. Etter Frankrike og litt rundt ikring, kjem den attende til Norge neste haust. Då skal den turnere i Innlandet. Og så er eg nokså viss på den kjem til Heddadagane i Oslo i juni.
    Elles må eg takke for at du likar at eg er begeistra. Når ein opplever stor kunst, skal ein sjølvsagt vere begeistra, og som meldar bør ein også vidareformidle det. Eg skriv teatermeldingar fordi eg er glad i teater. Då må gleda få kome til uttrykk av og til.

  3. […] Les hele anmeldelsen fra Grimstad: MED HAVET SOM METAFOR […]

Leave a Reply