Ubehaget i tilværet

TEATER

NØKKELEN: Ei open dør som etter kvart går i lås kan forårsake dei mest uventa hendingar. FOTO: SIMEN ULVESTAD

«Licht und Liebe»
Kilden Teater, intimscena
Av: Susie Wang
Tekst og regi: Trine Falch
Scenografi: Bo Krister Wallström
Musikk/lyd: Martin Langlie
Med: Mona Solhaug, Kim Atle Hansen og Selome Emnetu

Ei underhaldande og nesten uhyggeleg manipulatorisk utforsking av kva menneska kan få seg til i gitte situasjonar.

Påverknadskrafta, eller rettare dei manipulatoriske evnene til kunsten, kan vere skremmande stor. Det fekk vi eit godt døme på med urpremieren på teaterkompaniet Susie Wangs siste produksjon. Gjennom ein dryg time fekk dei meg til å akseptere mykje eg ikkje ville ha godtatt ein time tidlegare.

Susie Wang starta opp i 2017 med fire faste i kompaniet og solid røynsle frå Verdensteatret og Baktruppen. Til nå har dei produsert ein trilogi der dei i fjor fekk Kritikarprisen for del to, «Mumiebrun». I samarbeid med Kilden Teater i Kristiansand har dei nå laga ein ny produksjon. Litt symptomatisk for gruppa, fekk framsyninga namn berre fem minutt før opning. Vi er i ein hage i det som truleg er eit nordafrikansk land der dei to tyske turistane, kjærastparet Sabine (Mona Solhaug) og Barni (Kim Atle Hansen) skal slappe av og slikke sol. Trivielle ferieproblem som å bli solbrent og å skjære seg opp under foten, gjer situasjonen ganske attkjenneleg. Og eit endå mindre problem skal vise seg å bli utgangspunktet for heile handlinga. Utleigaren Armani (Selome Emnetu) har nemleg ikkje greidd å finne fram nøkkelen ennå. Det gjer sjølvsagt at handlingsrommet og privatlivet blir litt avgrensa for dei ferierande. Og når Armani nærast invaderer dei med ulike velmeinte og kompenserande tiltak medan dei ventar på nøkkelen, blir det heile ganske kleint.

Korleis det vidare går, skal eg halde meg frå å fortelje. Men med sterke islett av både horror og populærkulturelle referansar, presentert i ei litt naivistisk og humoristisk form, gir Susie Wang oss stadig nye overraskingar. Det er leikent og på same tid både særs realistisk og lite føreseieleg. Og dei nyttar seg av fine illusjonsskapande effektar som er relativt enkle å gjennomskode, men som er så artige og elegante at det både er lett og godt å leve seg inn i illusjonen.

Framsyninga er spekka med symboltunge metaforar, ofte med humoristisk vri. Ei solformørking gir rom for mykje symbolikk, og særleg kreativt og overraskande er det når Barni formeleg slår rot og blomstrar i hagen. I botn av det heile ligg ei ganske enkel forteljing om kva som kan skje når heilt daglegdagse ting går litt gale. Men den underliggjande historia er ei overtydande reise i menneskenaturen og det kroppslege. Med horrorsjangeren som bakteppe reiser dei spørsmål om kor siviliserte menneska eigentleg er når vi blir utsette for litt uventa utfordringar. Og endå meir overtydande er kva dei på særs stutt tid greier å gjere med oss som publikum når vi etter berre ein dryg time godtek og let oss underhalde av det som i røynda er fullstendig utenkeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 22. oktober 2020.)

Leave a Reply