Har kvinnene reelle val?

TEATER

UTAN ATTERHALD: Ellida (Silje Lundblad) får tydeleg fram kva som krevst for at fridomen i ekteskapet med Dr. Wangel (Trond-Ove Skrødal) skal vere reell. FOTO: JOHANNES L. F. SUNDE

«Fruen fra havet»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Henrik Ibsen
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Oliver Løding
Med: Silje Lundblad, Trond-Ove Skrødal, Madalena Sousa Helly-Hansen, Emma Caroline Deichmann, Jon Lockert Rohde, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Emil Olafsson og Jo Saberniak.

Mange gode tilløp, men litt for mange påfunn utan særleg relevans for handlinga.

Fredrik Longva brakdebuterte som regissør med «Dødsdansen» av August Strindberg på Trøndelag Teater i fjor, og produksjonen fekk fleire Heddanominasjonar. Nå er Longva attende på teaterets gamle scene med «Fruen fra havet» av Henrik Ibsen. Det er blitt ei framsyning som har mange gode tablå, men som vil litt for mykje. Ho greier ikkje å konsentrere seg om det viktigaste, men flyt ut i ei alt for lang rekkje påfunn.

Fyrvaktardottera Ellida Wangel (Silje Lundblad) gav opp sin opphavelege kjærleik, følgde fornufta og ekta den langt eldre enkemannen Doktor Wangel (Trond-Ove Skrødal). Slik fekk ho dei to stedøtrene Bolette (Madalena Sousa Helly-Hansen) og Hilde (Emma Caroline Deichmann) på kjøpet. Med ein son som døyr etter berre få månadar, blir det ikkje noko lukkeleg ekteskap eller tilvære for Ellida, og når fortida heimsøkjer henne og den gamle kjærasten (Jo Saberniak) dukkar opp, blir ho stilt overfor eksistensielle val. Skal ho bli eller reise?

I Olav Myrtvedts ganske opne og nakne scenografi der scena blir møblert litt etter litt, blir vi lag for lag presentert for familien Wangel. Gjennom dei to besøkjande mennene, overlærar Arnholm (Jon Lockert Rohde) og Lyngstrand (Emil Olafsson), får vi også vite meir om familiens fortid. Med Ballested (Madeleine Brandtzæg Nilsen) som ein slags komisk katalysator, forstår vi raskt at Longva i stor grad vil nytte komediens språk for å brette ut spørsmålet om menneska, og spesielt kvinnene, i realiteten har fri vilje og frie val. Det blir mange påfunn, og sjølv om nokre er gode, blir det i meste laget.

Men på eitt område er humoren og ironien spesielt vellukka. Tydelegare enn vanleg får Longva synt kor lite reelle kvinnenes val var, – og er. Og synleggjeringa, og eigentleg latterleggjeringa av mannfolkas fridomsidé er dyktig formidla. For dette er eit drama der mennene berre blir statistar, og det er lagnadane til dei tre kvinnene som er tema. I ei oppvarmingsscene ved starten av andre akt der det ser ut som alle aktørane drikk og røykjer seg til mot, har yngstedottera Hilde ein herleg monolog der ho parodierer alt og alle, men mest stemora Ellida. Fersk frå teaterskulen er Emma Caroline Deichmann eit komisk fyrverkeri som set nærast alle skåpa på plass. Madalena Sousa Helly-Hansen som storesystera Bolette blir meir underfundig komisk i eit nydeleg tablå der det sakte, særs sakte, går opp for henne kva frieriet til hennar gamle lærar i røynda tyder. Og etter alt for mange påfunn og sidespor, kjem Longva omsider til ein intens og heilstøypt finale der Silje Lundblad som Ellida set hardt mot hardt, og på overtydande vis får Doktor Wangel til å innsjå at reell fridom ikkje kan ha atterhald. Det er sterkt og klårt formidla, og her fekk Lundblad synt at sjølv om ho er ei av landets beste musikalartistar, så er ho også ein særs dyktig karakterskodespelar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. oktober 2020.)

Leave a Reply