Er alt berre falskt, – eller?

TEATER

GJESP: Johan Nagel (i svart kappe) set den trøytte småbyen på hovudet i løpet av nokre sommarveker. FOTO: HEIDA GUDMUNDSDOTTIR

«Mysterier»
Kilden Teater og Konserthus, Multisalen
Av: Knut Hamsun
Dramatisering og regi: Ole Johan Skjelbred
Scenografi: Ole Johan Skjelbred og Ane Ledang Aasheim
Kostyme: Ane Ledang Aasheim
Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud
Med: Olav Waastad, Henrik Rafaelsen, Isabel Beth Toming, Ann Ingrid Fuglestveit, Jenny Ellegård, Khalid Mahamoud og Ulla Marie Broch

Eit halsbrekkande og absurd teaterprosjekt som er blitt både velspela og underhaldande.

Når Kildens nytilsette teatersjef, Valborg Frøysnes, set opp Knut Hamsuns «Mysterier», er det knytt mykje sørlandsk til produksjonen. Eitt er at Hamsun skreiv romanen i og på bakgrunn av eit opphald i sørlandsbyen Lillesand. Men Ole Johan Skjelbred, som både har dramatisert og regissert oppsetjinga, er frå Kristiansand. Det er også kostymedesignar Ane Ledang Aasheim. Og så er den nyutdanna skodespelaren Khalid Mahamoud og Henrik Rafaelsen båe attende i fødebyen, den siste etter mange år i Oslo og Stockholm.

Men dette handlar så langt frå om nokon lokal småbyidyll, sjølv om ein sørlandsk kystby er utgangspunktet i «Mysterier». Johan Nilsen Nagel, ein mann i gul dress, går ein junidag i land frå dampbåten, tek inn på byens hotell utan å ha spesielle grunnar for opphaldet, og i løpet av nokre veker blir den søvnige byen sett fullstendig på hovudet. Romanen er, som tittelen seier, ganske mysteriøs, og har mange lag og rom for eit utal tolkingar. Nagel er ein i utgangspunktet sjarmerande ung mann og eit friskt pust, som etter kvart blir vanskeleg å forstå seg på. Han er ein bløffmakar, eller kanskje berre omsynslaust ærleg? Han set opp eit utal intrigar, og han forelskar seg hovudstups i den trulova prestedottera Dagny Kielland, for samstundes å fri til den eldre og fattige Martha Gude. Han strør om seg med pengar, men er han rik? Og så er det forholdet til mobbeofferet Johannes Grøgaard med aukenamnet Minutten, Nagels rake motsetnad, som han både held si hand over, og lurer opp i stry.

Ole Johan Skjelbred har dei siste åra fått nærast carte blanche av tidlegare teatersjef Kristian Seltun ved Trøndelag Teater til å setje opp ganske eksperimentelle produksjonar, og skapt ei rekkje framifrå framsyningar i nær dialog med ensemblet. Med «Mysterier» held han fram i same gate. I det eg vil tru er eit tett samarbeid med Ane Ledang Aasheim og ensemblet, har han skapt ei framsyning som så langt er det beste eg har sett av han. På ei nesten nake scene der ein del av golvet kan minne om sopp og skogsbotn, heng det ein hest frå snorloftet som eit varsel om at noko alvorleg truleg vil skje. Skjelbred har valt ei surrealistisk tilnærming som er særs vellukka, og der dette like gjerne kan vere i 1892 som i dag. Kostyma til Ane Ledang Aasheim er outrerte og ofte heilt kontrære til det personane står for. Det understrekar det komplekse og samansette i framsyninga der alt eigentleg kan vere falskt, eller gi seg ut for å vere det. Ensemblet er samspela og trygge i rollene, og i tillegg til at det er eit tekstrikt stykke der replikkane sit laust, er det også mykje fysisk teater og god miming og stilisert koreografi til synkrone lydeffektar.

Med enorm energi og framifrå spel gir Olav Waastad oss ein ganske annleis, men likevel uventa truverdig Nagel. Det er ikkje enkelt å framstille ein rusa, nesten delirisk, løgnaktig, særs sjarmerande, djupt forelska, men samstundes intrigant og tidvis vondsinna person i ei og same rolletolking, men Waastad greier det.

Minutten er Nagels motstykke, kanskje hans dårlege samvit om han har noko, ein godmodig, snill og enkel person, fattig, arbeidsam og med eit kroppsleg lyte. I Henrik Rafaelsens tolking, er han lang og kledd i kvinneklede som ein surrealistisk kontrast til seg sjølv. Rafaelsens framtoning og neddempa spel gir ein solid motvekt til alt det øvrige, og inneber også ein god porsjon stillferdig og absurd humor. Dagny Kielland, prestedottera som er trulova med ein marineløytnant, er ei kokette. Det kunne til naud vere innafor i 1892. I Isabel Tomings infame og energiske tolking er ho ein kåt og bereknande faen, kledd som ein prostituert, men likevel med sin sosiale stands eleganse.

«Mysterier» er blitt ei absurd, humoristisk, velspela og innsiktsfull framsyning, full av uventa vendingar og brot, og ei oppsetjing som sit i meg lenge etter teppefall. Dette var Knut Hamsun på syre.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. september 2020.)

Leave a Reply