Vondskap varar ikkje evig

TEATER

SYNDEFALLET?: Som ein urgamal metafor er eplet framleis ei skummel frukt. Og Snøkvit let seg freiste. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Snøkvit»
Rabarbraparken, Bakklandet i Trondheim
Av Holmen Hjertaas Produksjoner
Manus: Kari Wist Holmen
Musikk: Gunhild Hjertaas
Regi: Kari Wist Holmen og Gunhild Hjertaas
Scenografi: Jenny Hilmo Teig
Kostyme: Berit Helen Haukaas
Med: Kari Wist Holmen, Gunhild Hjertaas, Sindre Karlsholm, Ingrid Øygaard Steinkopf og Sveinung Johan Ohrem

Ein ny og ganske oppfinnsam vri på den gamle historia om Snøkvit.

I samband med tiårsjubileet til Rabarbrateateret ønska dei også å få sett opp ei barneframsyning i Rabarbraparken på dagtid. Slik blei det eit samarbeid med Holmen Hjertaas Produksjoner, og etter å ha sett premieren på «Snøkvit» i ettermiddag er det openbert at det var eit vellukka val.

Det vesle produksjonsselskapet Holmen Hjertaas skreiv «Snøkvit» for seks år sia, og dei har både spela det sjølve, og det er blitt oppført av andre i løpet av åra som er gått. Til framsyninga i Rabarbraparken har dei skrive litt ny musikk, og så vidt eg forstår også gjort nokre endringar, så det framstår som ein nypremiere. Opphaveleg er historia skrive for 25 roller, så med berre fem aktørar der det meste blir spela av tre av dei, var det sjølvsagt mykje i regi, sceneskift og logistikk som skulle gå opp, men dei kom i hovudsak godt frå det, og ein hovudgrunn til det er den fine musikken til Gunhild Hjertaas som vi godt kan tole å høyre meir av under dei mange sceneskifta.

Historia om Snøkvit er kjend for dei fleste og finst i eit utal versjonar. Skjelettet har dei halde seg til, men her er mange nye, artige og fikse vriar, og også små svisker for dei vaksne om vi følgjer godt nok med. I Landet Her (i motsetnad til Landet Der, Bakklandet, Trønderlandet og Utlandet) regjerer ein snill konge og ei vakker dronning. Den store kjærleiken deira resulterer i dottera Snøkvit (Gunhild Hjertaas), men lukka er ikkje evig, og mora hennar døyr etter kort tid. Den snille kongen giftar seg att etter seks år med det som blir Snøkvits vonde stemor (Kari Wist Holmen). Ho har ein tilsynelatande minst like vond hjelpar (Sindre Karlsholm), og dei gjer livet surt for Snøkvit. Så går det ikkje betre enn at hennar einaste trøyst i verda, den snille kongen, også døyr, og så er vi i gong.

I ein situasjon der ein stor del av ungane opplever å ha ei stemor eller ein stefar, er det kanskje ikkje heilt politisk korrekt å halde fram med mytane om den vonde stemora, men framstillinga her er så outrert og sjarmerande overspela at eg vil tru det er få som kjenner seg att. Eit fiffig lite grep (blant mange andre) er at spegelen som stemora nyttar for å få stadfesta at ho er den vakraste i landet, er ein kombinert spegel, musikar og skodespelar. Ingrid Øygaard Steinkopf sit stort sett bak eit forheng og spelar fløyte og tangentar, men er også ei blanding av spegel og orakel, som mellom anna kan fortelje oss at det er lågt blodsukker og andre heilt handgripelege årsaker til at stemora er som ho er.

Snøkvit flyktar ut i skogen der ho møter ein bakarson som gir seg ut for å vere prins utan å vere det. Det skapar sjølvsagt forviklingar, så sjølv om det openbert oppstår søt musikk, er ikkje kjærleiken så grei å handtere. I skogen treffer Snøkvit også ei rekkje andre prinsar og prinsesser som har rømt frå vonde stemødrer og eit overvakingssamfunn som går Google og Facebook ein høg gong. Og så møter ho dei sju små dvergar som ikkje alle er like små, men som forbarmar seg over henne og gir henne huslyd.

Eg skal ikkje gå i detalj om handlinga og øydeleggje opplevinga, men som alle gode eventyr går det godt til slutt jamvel om ikkje alt går slik vi trur. For her er lagt inn mange små gags og avstikkarar både hit og dit for den som greier å få med seg alt. Og om det er nokon moral, så må det vere at også vondskap kan vendast.

Som sagt er det i hovudsak berre tre aktørar for den fjerde er for det meste musikar og spegel, og den femte, Sveinung Johan Ohrem, har berre ei rolle, men til gjengjeld er den både omfangsrik og spektakulær. Å spele over tjue roller for berre tre aktørar krev sitt, og i lånt scenografi frå kveldsframsyninga «En Medtsåmmårnattsdrøm» er det ikkje alle sceneskifta som er like enkle å få til, men det går overraskande bra. Og det er openbert eit teikn på det same, og ikkje minst på spelet hans, at det tok meg minst halve framsyninga før eg fatta at Sindre Karlsholm hadde så mange roller. Eg trudde faktisk lenge at det var ein mannleg aktør til der.

Dramaturgisk haltar historia litt, og kompaniet kunne nok hatt fordel av å ha fått litt ekstern regihjelp, men det skjer så mykje, og det er alt så sjarmerande, at det går heilt greitt. Og målgruppa, alle ungane i amfiet, kosa seg, lo, kommenterte og hyla, så då er den verkelege lakmustesten bestått.

Men utan det musikalske tonefølgjet til Gunhild Hjertaas kunne dette likevel ha blitt atskilleg meir langhalm. Musikken batt alle dei ulike tablåa saman, og den baud på fine og melodiøse songnummer. Dette er den tredje produksjonen eg har sett på like mange år der Hjertaas har skrive musikken. Det er på høg tid at musikalprodusentar eller teatersjefar får auga opp for kva for musikalsk talent ho er.

«Snøkvit» blir spela som føremiddagsframsyning i Rabarbraparken fram til 7. august, og i motsetnad til «En Medtsåmmårnattsdrøm» er det framleis ledige billettar.

Leave a Reply