Kritikkens Grand Old Lady

IdaLou Larsen er 85 år den 19. mai 2020.

IdaLou Larsen
(Foto: Anniken C. Mohr)

IdaLou Larsen, ein institusjon i norsk kulturliv, fyller 85 år tysdag 19. mai. Trass i alderen gir ho oss stadig skarpe og innsiktsfulle meldingar og kommentarar om norsk scenekunst både i avisspaltene og på eigen blogg.

Ida Louise Larsen (som er det fulle namnet hennar) er født i Cannes i 1935, oppvaksen i Frankrike, og flytta til Norge i 1957. Då ho tre år seinare tok til med studiar, hadde ho alt vore gift og skilt, husmor på heiltid og fått to barn. Seinare er det blitt eit nytt meir enn femtiårig ekteskap, to barn til og ei rekkje barnebarn og oldebarn.

Etter ein cand.mag. med faga engelsk, fransk og litteraturhistorie, har IdaLou hatt ein mangslungen arbeidskarriere frå forlagsarbeid i Pax på 60-talet, omsetjing av eit tjuetals bøker, arbeid som lærar, og til journalistikken. Frå 1974 til 1983 var ho redaksjonssekretær i det feministiske månadsmagasinet Sirene. Saman med andre markante feministar var ho der med på å setje ein ny dagsorden. På 80-talet var ho nokre år kulturredaktør i Ny Tid før ho gjekk til Nationen der ho blei til oppnådd pensjonsalder. Nærast som ein heil kulturredaksjon åleine, fekk ho på denne tida Nationens kultursider til å bli av dei mest relevante i landet, og det var då vi andre forstod kva for enorm kapasitet denne dama hadde og har. Og frå pensjonsalder har ho vore ein særs produktiv teatermeldar i Klassekampen.

For det er som teatermeldar IdaLou verkeleg har skrive seg inn i historia. Gjennom rundt førti år har ho sett nærare 4000 teaterframsyningar. På det meste såg ho tre-fire oppsetjingar i veka. I tillegg er ho eit aktivt og politisk menneske som les budsjett og offentlege innstillingar, og som meiner noko om det meste. Kapasitet, innsikt og kunnskap, eit skarpt blikk og ei god penn har gjort henne til landets mest respekterte teaterkritikar. Opptatt av kontekst, set ho alltid framsyninga i ein samanheng, – kulturelt, politisk eller samfunnsmessig, og får slik sagt mykje om stykkets relevans. Ho skriv forståeleg norsk, pyntar seg ikkje med fagtermar, og er aldri redd for å seie rett ut kva ho meiner. Og så har ho eit stort og bankande hjarte for barneteateret, og særleg det nyskapande og utfordrande. IdaLou har høgst fortent vunne det som er av prisar, og høgast heng vel Heddakomiteens ærespris frå 2012. Det seier ikkje så reint lite om kva ho har betydd for norsk scenekunst når det offisielle Teater-Norge gir si høgste utmerking til ein kritikar.

(Omtalen stod i Klassekampen fredag den 15. mai 2019.)

Leave a Reply