Livet er for kjipt

TEATER

LIBANONVETERAN: Nora Bjørvig er ei av dei som glitrar, her som ein kvardagsfilosoferande drosjesjåfør som har vore i Libanon der han skaut og pula, men ikkje berre det. FOTO: ERIK ANDRÉ JAKOBSEN

«24 mislykka nordmenn»
Studentersamfundets Interne Teater, Knaus
Av: Jesper Halle
Regi: Eirin Wågan
Scenografi: Sondre Biltvedt
Kostyme: Nora Statle Løndal og Ida Haveraaen
Med: Nora Bjørvig, Marte Guldvog, Sofie Sende Iversen, Aksel Øien, Hanna Gravem, Arne Telseth, Rikke Skindlo, Elise Hegstad, Sigrid Festøy, Hedda Krogh og Julie Paulsen

Vi må gjerne påstå vi er mislukka og dyrke den kjensla, men røyndomen er nok ein annan.

Då Jesper Halle skreiv «24 mislykte nordmenn», og fekk den urframført på Trøndelag Teater i 2003, var det i ei setting som korkje han eller nokon annan hadde trudd var mogeleg. Teatersjef Catrine Telle opna opp heile teaterhuset og nærast sampla stykket med ein ellevill og hysterisk morosam musikal om Gro Harlem Brundtland i ein halsbrekkande teaterhappening som var dømt til å bli like mislukka som dei tjuefire nordmennene. Men i Jon Tombres regi, og med å ta i bruk alle husets skodespelarar, blei det ein braksuksess, som sette ein standard ingen har våga å nærme seg til nå. Kanskje er det difor det også er få som har freista å setje opp att Jesper Halles drama, for etter det eg har googla meg fram til, er stykket sett opp som studentteater i Bergen i 2004 og som skuleteater i Stavanger i fjor. Og dett var dett. Men nå har Studentersamfundets Interne Teater (SIT) i Trondheim våga seg frampå, og måndag var det premiere på Knaus i Studentersamfundet.

Framsyninga er ei rekkje tablå, ei fragmentarisk framsyning av den eine personen meir mislukka enn den førre. Eller kanskje ikkje, for graden av å vere mislukka er høgst diskutabel, og det er sikkert mange som skulle ha likt å berre vere like mislukka som dei vi får presentert på scena.

Elleve skodespelarar spelar dei mange ulike rollene og tablåa, og så langt eg kunne oppfatte, var dei innom alle dei 24. Det opnar særs lovande med ei velspela og humoristisk sak om godtkjøpsfilosofi og ei vandring i alt som skal til for å bli lukkeleg. For så brått å gå over til ei med nakkesleng, til Petter på bakarste rad, incest og overgrep, til ei scene om blind vald og kor enkelt det i røynda er å ta drepe nokon Og slik held det fram om foreldrehat, ei peparmøy, at det slett ikkje er verdas lukke å vere universitetstilsett når ein ikkje får bli bibliotekar(!), til ein overvintra ml-ar som saknar Pol Pot og ein filosoferande drosjesjåfør. Og ein heil del andre. Sams for dei alle, er at dei ikkje struttar av lukke, jamvel om lyta og problema for einskilde bør vere absolutt handterbare.

Det er raske og stort sett ganske presise sceneskift. Spelet er ganske varierande og personinstruksjonen likeså. Nokre av aktørane slit med elendig diksjon, medan andre glitrar. Det er tidvis humoristisk, nokre gongar trist, og andre gongar motbydeleg. Men heile tida utan at vi får tid til å bli kjent med eller gå i djupna på figurane. Det blir fragmentarisk og episodisk, og lenge sit eg og lurar på kva SIT og regissør Eirin Wågan eigentleg vil fortelje oss med denne framsyninga. Det er spennande og interessante einskildtablå, men kva så?

Inntil den nyskrivne finalen der heile ensemblet syng Lars Kilevolds «Livet er for kjipt» som ein medley og også som ei sjølvironisk oppsummering av det heile. Då blir alt forståeleg, og dei fleste problema som blir skildra blir sett i sitt rette perspektiv, nemleg at det ein del av oss balar med er luksusproblem og at vi må gjerne dyrke dei. Men at vi er mislukka, – nei den er for dryg. Slik redda også framsyninga seg inn og blei slett ikkje mislukka.

Leave a Reply