Vinterlys i 20 år

KOMMENTAR

SE TORSKEN: Kor mange avvik frå det normale må til før kjernefamilien blir unormal? FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Vinterlys»
Nordland Teater, Mo i Rana

Med Vinterlysfestivalen er det denne veka verkeleg magiske dagar i Mo i Rana.

Nordland Teater trassar denne veka både mørketid og dårleg ver, og presenterer høgkvalitets scenekunst i eit imponerande omfang. Teateret feirar 40-årsjubileum, og i 20 år har dei på etterjulsvinteren arrangert «Vinterlys», ein teaterfestival som har vakse seg til å bli landets nest største, berre slått av Heddadagane i Oslo. På eit titals scener i Mo i Rana blir det i løpet av denne veka sett opp eit syttitals produksjonar med rundt 200 visningar. Trass i at dei fleste publikummarane er frå Mo eller områda rundt, går brorparten av framsyningane for fulle hus. Det viser kva for posisjon Nordland Teater har fått i landsdelen, og kor glad nordlendingane er i teateret sitt.

«Vinterlys» er eit enormt dugnadsprosjekt, men i spissen står festivalgeneralen Wenche Bakken, til dagleg produsent og mykje meir ved Nordland Teater, og ein bauta i norsk teater. Festivalen er ikkje kuratert med eit gjennomgåande tema. Men gjennom store og små produksjonar frå heile landet får vi eit tversnitt av norsk scenekunst, og eit utstillingsvindauge for mange frigrupper. Her er alt frå store produksjonar som Hålogaland Teaters «Blå åker», vertsteaterets «Ei hand å holde i», Riksteatrets «Sult», og til lesing av scenetekstar, intimteater for få og ei rekkje framsyningar for dei minste i «Barnas Vinterlys».

Eg fekk med meg opningshelga, og åtte heilt ulike oppsetjingar der eg skal seie litt om fire av dei fordi dei speglar mykje av mangfaldet ved festivalen.

Statsteatret, fem eidsvorne menn som for nokre år sia sette seg føre å lage ti framsyningar om Norge frå 1066 til 2066, plar gjeste festivalen og er eit enormt populært innslag. Nå var dei her med «2010 – Lollywood» om ein norsk filminnspeling i Pakistan der dei boltrar seg med humoristiske skråblikk på rasisme, krenking, redsla for ikkje å vere politisk korrekt og mykje meir. Til sommaren er det premiere på den tiande produksjonen i serien, og i desember skal dei syne alle ti i ei maratonframsyning over to dagar i Oslo.

I ei ganske anna gate var «Normaliteten» av Normaliteten, ei heilt fersk gruppe vi truleg kan vente oss mykje av. I eit scenespråk som minna både om Verdensteatret og Verk Produksjoner, fekk vi møte ein kjernefamilie som slik sett representerte det normale, men som var langt frå A4. Med mange tablå basert på ei rekkje intelligente småtekstar, synte dei mangt som trass i å vere abnormt og utypisk, likevel var til å kjenne att. Så kanskje er det anormale det som representerer normaliteten? Innsiktsfulle tekstar og godt spel, men litt uferdig i dramaturgien.

Monica Isakstuen gjorde ein overtydande debut som dramatikar med «Se på meg når jeg snakker til deg» på Rogaland Teater i haust. Nå har ho gjort ferdig eit nytt drama, «En gang var vi krigere», som skal ha premiere hausten 2021. Anne E. Kokkinn las utdrag frå stykket, og dei synte tydeleg at Isakstuen har noko på gang, også som dramatikar.

Fordomsfull som eg er, trudde eg «Peer på pub» av Lerkefugl Produksjoner var ein lettbeint humoreske om Peer ved bardisken. Men så var det ei nesten fullformats «Peer Gynt», gjennomarbeidd, litt modernisert og framført av berre fire aktørar og ein musikar. Med ein truverdig Peer og ei infam mor Åse med røykestemme, og med musikk i ei herleg blanding av Grieg og The Doors, fekk vi faktisk ein særs tilgjengeleg og forståeleg Peer.

(Kommentaren stod i Klassekampen ondag den 12. februar 2020.)

Leave a Reply