Ein rå maktkamp

TEATER

MAKTKAMP: Det bryggjer opp til rå rivalisering når ei kvinne med eitt kjem inn i denne mannsbastionen. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Hjemkomsten»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av Harold Pinter
Omsett av Pål Løkkeberg
Regi: Petter Næss
Scenografi og kostyme: Simon Holk Witzansky
Komponist: Nils Petter Molvær
Lysdesign: Karl Oskar Sørdal
Med: Even Stormoen, Øystein Martinsen, Yngvild Støen Grotmol, Espen Reboli Bjerke, Gorm Grømer og Espen Hana

Korleis går det med makta når ei kvinne med eitt kjem inn i ein mannsbastion.

Mykje har skjedd sia nobelprisvinnaren Harold Pinter i 1964 skreiv dramaet «Hjemkomsten», men stykket er framleis like sjokkerande og urovekkjande. I eit arbeidarklassestrok i London bur den pensjonerte slaktaren Max (Even Stormoen). Kona er for lengst død, og i eit ekstremt machomiljø med uforløyst maktkamp i form av både strukturell og fysisk vald, bur Max saman med broren Sam (Espen Hana) og dei to sønene Lenny (Espen Reboli Bjerke) og Joey (Gorm Grømer). Max er ein rå, plump og aggressiv slugger som frå ein trone i form av ein utsliten lenestol framleis freistar å vere herskar i huset. Lenny er slesk og bereknande og livnærer seg som hallik medan den ganske enkle og naive yngstesonen Joey freistar å bokstaveleg slå seg fram som boksar. Sam er sjåfør, og er den einaste med relativt menneskelege trekk i dette lukka mannssamfunnet.

Så kjem uventa besøk, og situasjonen, og ikkje minst makta, blir utfordra. Eldstesonen Teddy (Øystein Martinsen) kjem etter seks år heim frå USA. Han er filosof og har skapt seg ein akademisk karriere. Og i tillegg har han gifta seg og fått tre søner. Saman med kona Ruth (Yngvild Støen Grotmol) har han gjort ei tilsynelatande vellukka klassereise. Men det meste er overflate. Dramaets tittel spelar på heimkomsten til Teddy, men er nok vel så mykje Ruths heimvending. Ho har ei bakgrunn som fotomodell, og vi anar at det kanskje ligg meir gravlagd i historia hennar. For når Teddy og Ruth blir møtt med alt anna enn danna høflegheit, er det Ruth som kjem «heim» og likevel finn seg til rette. Når dei to brørne til Teddy, i hans påsyn, forsyner seg av henne, og Max, Lenny og Joey vil ha henne til å bli buande hjå dei som hushjelp og hore, og livnære seg som prostituert, kan ein først tru at ho er eit umælande offer. Men når ho i finalen set seg i lenestolen til Max og ignorerer han, er det ikkje lenger klårt kven som har makta.

Heile handlinga skjer i stua til Max, og scenograf Simon Holk Witzansky har skapt eit ope rom, minimalt utstyrt, og der stolen til Max er det sentrale. Her er det dialogen, og kanskje like mykje det usagte som er viktig. Midt i det heile tronar patriarken Max. Even Stormoen er infam, vond og innful, og leverer ei energisk og særs truverdig tolking av mannen som er konge i sitt vesle machosamfunn. Espen Hana som den langt meir menneskelege broren, kontrasterer Max og nevøane, og syner nok ein gong kva for finstemt kjensleregister han har å spele på. Yngvild Støen Grotmol framstiller Ruth som ikkje heilt av denne verda og meir som ein representant for rolla enn som eit heilt menneske. Det gir den ganske uforståelege rolla litt meir truverd. I Petter Næss’ relativt teksttru regi har dei tre brørne diverre fått mindre å spele på, og det gjer at det heile blir litt utvendig. Sjølv om spelet er godt, blir det likevel til at eg lenge kjenner at eg ser inn i eit titteskap der det først tek til å røre, for ikkje å seie opprøre meg når det dreg seg til mot slutten.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 1. februar 2020.)

Leave a Reply