Mingling på scena

TEATER

SOSIALT: Uvanleg hyggjeleg på scena når ein er i godt (nabo)lag. FOTO: ISTVAN MIRAG

«NODES: Naboskap»
Rosendal Teater, Sal 1
Kunstnarleg leiar: Helle Siljeholm
Tekst og gjennomføring: Tobias Liljedahl, Martin Palmer, Helle Siljeholm, Hilde Pytowski og Kai Johnsen
Scenografi: Ibrahim Abdulkader og Helle Siljeholm
Lysdesign: Tobias Leira
Lyddesign: Ivar Djurhuus

Reflekterande og kvardagsfilosofisk, men med ein utflytande og utydeleg finale.

Etter 34 år i små og kummerlege lokale i Midtbyen i Trondheim, flytta Teaterhuset Avant Garden i fjor ut av sentrum og til det gamle, ærverdige Rosendal Teater i arbeidarbydelen Lademoen. Der er produksjons-, øvings og visningslokala både større og fleire, og det var openbert at teaterhuset ikkje lenger berre kunne vere eit programmerande teater for alternativ scenekunst. Å fylle eit lite kulturpalass i ein bydel i vekst, og med ei stolt og lang historie, men som også kunne vere truga av gentrifisering, er ikkje berre enkelt. Teaterhuset måtte tenke nytt for å fylle rolla også som bydelsteater og sosialt og kulturelt treffpunkt. Som avslutningsframsyning i det gamle teaterhuset, laga Helle Siljeholm med fleire ein gedigen happening i desember 2018. «NODES: Avant fini» tok opp kva Avant Garden hadde vore, og kva det kunne bli.

I haust blei teaterhuset gjenopna under det nye namnet «Rosendal Teater», og om opningssesongen skal vere retningsgivande for kor teateret går, ser det lyst ut. Eit vell av ulike framsyningar, månadleg barneteater, og ein kafé som så langt er blitt ein suksess, lovar godt. Men kva med naboskapet? Helle Siljeholm og samarbeidspartnarane hennar har følgd opp «NODES: Avant fini» og laga sesong to som heiter «NODES: Naboskap», og torsdag var det urpremiere med mange av bidragsytarane frå bydelen til stades i salen. Produksjonsteamet har intervjua rundt femti lamonittar i ulik alder om historia, om framtida, om kva dei er opptekne av, om naboskap på både mikro- og makronivå, og om mykje anna. Det er blitt ei sjarmerande og interessant oppsetjing som diverre etter kvart rann litt ut i sosial mingling på scena, hyggjeleg nok, men utan noka retning.

På teaterets hovudscene, som i starten er ein black box, blir vi inviterte inn til ein spennande scenografi som kan minne om både bydelen og mange fine byrom. Vi samlar oss rundt ulike bymøbel og benkar, og frå rundt eit dusin høgtalarar får vi presentert utdrag av dei femti intervjua som er gjort. Her er lærerike historier frå ein stolt og ærerik arbeidarbydel, her er draumar, kvardagsfilosofering og kloke refleksjonar om det meste. Vi ruslar frå historie til historie, og tillét oss også ein passiar med sidemannen i ny og ne.

Så blir salen rigga om, seteradene kjem på plass, og vi blir tilskodarar ei lita stund. Men så blir det fyra opp grill, ei vogn med glas og drikke blir trilla inn, vi entrar scena nok ein gong, og det heile held fram som eit langvarig hageselskap der vi hyggjer oss med grillmat og drikke medan praten går. Slik endar det heile som ein slags kommentar til kva godt naboskap kan vere. Det blei ein ganske føreseieleg finale, triveleg nok, men utan særleg retning og i litt for stor kontrast til alle dei spennande refleksjonane i starten av oppsetjinga.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 25. januar 2020.)

Leave a Reply