Ei musikalsk gåve

TEATER

PÅ FILETEN: Jentan på fileten kan både danse og drøyme. FOTO: BJØRN LEIRVIK

«Ei hand å holde i»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av Stig Bang
Etter songar av Trygve Hoff
Tilarbeiding og regi: Erik Schøyen
Musikalske arrangement: Håvard Lund
Scenografi: Eirik B. Torsethaugen og Erik Schøyen
Koreografi: Belinda Braza
Musikalsk leiar: Tor-Petter Aanes
Med: Richard Olsen, Emilie Tverbak, Linda Mathisen, Julie Sofie Reite, Stein Elvestad, Kristoffer Hjulstad, Marte Hansen, Mona Jacobsen og Sven Henriksen.

Ei upretensiøs og sjarmerande reise i viseskatten etter Trygve Hoff.

Nordland Teater fyller 40 år, og feirar det med ein hyllest til landsdelens store visediktar, Trygve Hoff (1938-1987) som trass i at han døydde alt for ung, har lagt att ein rikhaldig, og ikkje minst særs populær viseskatt. Stig Bang har samla ei rekkje både kjende og mindre kjende songar, sett dei saman, og med minimalt med verbale innslag, laga ein kabaret utan noka eigentleg forteljing. I Erik Schøyens tilarbeiding og varsame regi er det i staden blitt ein kjærleiksfylt reise i landsdelen og alle dei vanlege menneska som Hoff skildra så innsiktsfullt og varmt.

Schøyen tek oss 40 år attende til tida då Nordland Teater blei skipa der vi med bakgrunn i Trygve Hoffs viser får ei rekkje tidsriktige tablå frå det mangefasetterte folkelivet i landsdelen. Det er kamp mot utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget og eit ungt par etablerer seg medan eit anna går frå kvarandre. Og her er sjølvsagt heile menasjeriet til Trygve Hoff, – både «jentan på fileten», sesongarbeidarar, dei som går langs brøytekanten, drøymarane, dei elskande i snøen og alle dei andre folka som «e så bra». I staden for å lage ein potpurri av musikalske svisker, har Håvard Lund gitt nokre av dei mest kjende songane nye og langt sårare eller mollstemde arrangement.

Sjølv om tekstane er framifrå og Hoffs viser står på eigne bein, sakna eg etter kvart ein tydelegare raud tråd, eller freistnad på eit narrativ. Men trass i dette, er det likevel blitt ei sjarmerande og upretensiøs framsyning der eit samkøyrd ensemble med overtydande songprestasjonar gir Nordlands teaterpublikum ei varmande førtiårsgåve.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. januar 2020.)

Leave a Reply